fredag 31. desember 2010

Årets siste dag, livets begge ender

Året 2010 var det fyrste leveåret til EE, og det siste til faren min. Han døde akkurat den dagen han EE fylte 9 månader.

Livet bretta seg ut framfor meg med begge endane sine, og eg har fått fornemmelse av det å vere sped ut på alle måtar.

Det sterkaste kjennteiknet til dei begge som har vore nær grensa på begge sider er: lyst på livet. Ei hemningslaus livslyst. Det virkar som det faktisk brenn lysast når ein befinner seg i begge livets ender.

k

fredag 17. desember 2010

Han kjem!

Far vart sjuk. Og på morgonen orka han ikkje å køyre ulven til barnehage. Så kom neste dag, og mykje soving var naudsynt. Vi kom oss seint opp og tok lunsjen heime. Så skulle far vitje fafa og slappe av på sofaen der. Ulven skulle leverast på barnehagen, så han fekk i alle fall eit par timar saman med dei andre barna.

Då dei kom, fekk vi vite at bestekameraten allereie visste at det ikkje var Ulv som var sjuk. Heile dagen hadde han vore skråsikker i si sak. "Han er ikkje sjuk, han kjem, han kjem," hadde han fortalt barnehagetantene. Og jammen hadde han rett!

GU ser sin fyrste julenisse / ESIMENE PÄKAPIKK

mandag 13. desember 2010

Solnedgang

(Brev til Vestlandsnytt)

På tur i Volda kom vi over denne herlege solnedgangen på utstillinga til Anders Finnøy. Då vi såg dette biletet tenkte vi straks på lesarbileta i Vestlandsnytt: mon tru om ein ser skilnaden mellom Skaparen sitt mesterverk og i kunstnarens skaparverk på avissida?

Vi har hyggjelege minner av møtet med hr Finnøy og oppmodar gjerne folk å ta seg ei nydeleg kvile- og tenkjepause på utstillinga midt i julehandelen.


K og E saman med kunstnaren Anders Finnøy.

K sitt favorittbilete i utstillinga.
(Alle bilete gjengitt med løyve frå kunstnaren)

søndag 12. desember 2010

NUNNU

Gard Ulv on homme täpselt 3 aastat ja 1 kuu vana. Päris synnipäeval kysisin ta käest eesti keeles: "Kui vana sa oled?" "Tlee ool!" (tre år) ning näitas uhkelt sõrmedel. Siis mulle torkas midagi pähe ja kysisin veel: "Mis su nimi on?" "Tlee ool!"

Ja tuleb nii välja, et ehkki ta oskab eesti keeles ilusti seletada, mida ta parajasti tahab või mitte, ei olnud ta kohanud kysimust "Mis su nimi on?" emakeeles.

Nyyd me siis natuke harjutame :)
Näiteks täna näitasin Ennule ja kysisin: "Mis ta nimi on?"
"Tita!"
"Jaa, ta on väike tita, aga tal on nimi ka. Mis ta nimi on?"
"Tita!"
"Ta nimi on Enn; Ennu-nunnu!"
"Ennu... nunnu."
"Aga mis sinu nimi on?"
"Gall Ull... nunnu!"

Ja mitu tundi hiljem ytles ta lihtsalt lambist, kõndides yle toa: "Emme e nunnu... også!"
:)

fredag 3. desember 2010

Beste setningar

I går prøvde ulven å gi veslebror eit par riskorn. Veslebror tok ikkje i mot korna sånn i byrjinga, så han snudde seg mot meg og sa "Titta vil ikke ha den!" Fem-ord-setning!

Då eg henta han på barnehagen i dag var han kjapp med å vise meg fram til nokre av barna. "Pappa min" sa han. Og når han ikkje fekk respons frå det andre barnet prøvde han igjen. "Sjå! Sjå! Pappa min!"

I dag var han òg svært så kjekk å legge. Sånn om vi ser bort frå at han meinte at han skulle ete, men når maten var servert, så åt han ingenting. Berre leika. Etter tre slike "Ete! Ete!"-rutiner var der ingen nåde, turen gjekk rett til badet, der han ikkje ville vere med på tannpussen. Så eg måtte berre ta han i armane som ein liten baby. Han stengte no ikkje akkurat munnen, da, så protestane var vel meir leik.

Han lot seg kle av og legge, sjølv om han heile tida protesterte. La seg ned i senga, lot meg legge dyna hans over. "Issi tuttu?" spurte han som vanleg. "Nei, issi må rydde. Men du kan no sove mens eg rydda." "Ja." "God natt!" Og for fyrste gong svara han "God natt!" Så eg prøvde vidare. "Elska dej!" Og tilbake frå senga kom eit stille "Elska dej!" Aaaah!

lørdag 27. november 2010

Fire-ord-setning

...eller skal ein rekna det som fem?

Ulven skulle absolutt ha knekkebrød. Eg smurte på og ba han setje seg ved bordet for å ete. Det gjorde han og proklamerte "Gall Ull liten fugl amen" før han byrja å ete.

onsdag 24. november 2010

Tante igjen!

I dag fekk eg vite at eg skal verte tante til eit lite nurk som vert fødd rundt jonsok!

Og det andre underet er at eg har ærend i teologifakulteten igjen.

Elles er det ei veke sidan Fakkeltoget i Herøy, og stemninga er fortsatt heit.

Også ei veke sidan ho Sz drog, ho som henta oss Fjelldronning-ost og lykke.

(Eit brev) eit hyggjeleg møte i går med Servicetorget-dame, eit spørsmål og eit forslag

Hei!

I går var eg nødt til å skifte bleie på eit småtroll heilt midt i Fosnavågen. Og sidan Kalimera gjekk konkurs, er det berre eit stellebord å nå i heile Våje-senteret. Og dette er ikkje lett å finne. Og når du omsider har funne pila til det (hadde høyrt rykte om at det finst i 2. etasje, så tok heisa opp, fant skilt kvar det sto "på 1. etg" og tok heisa ned igjen, på fyrste etasje stod det "i garasja" og tenkte; aldri! men likevel...) og du har trilla fram under jorda i litt skummel parkeringsplass, du ser på døra ei skilt "Boss" og likevel tører å opne den, ja, då kjem du fram til kundetoalett til Brygga. Og viss du då skulle oppdage at du absolutt manglar ein 5-kronersmynt i lommeboka di, tja, då er du like langt.

This incident happened to me yesterday og med eit skriketroll i vogna tok eg retning til Rådhuset. Har høyrt at ein satsar på folkevekst i kommunen.

Det var ingen stellebord der, enda der er rikeleg plass på dametoalettet og eg trur også handikapptoalettet (t d venstre frå døra?).

Eg rodde fram til Servicetorget og dei kunne no berre bekrefte dette.

Så skyvde eg saman to stolar i entreen, av typen svart-skinn-og-høge-armstøtter, og fekk eit ypperleg stellebord av dette. Mjuk og trygg! Faktisk beire enn noko som helst stellebord som kan kjøpast for pengar. Og ikkje berre det - det kom ei jente frå Servicetorget smilande til oss, blåste ut stearinlys bak ryggen min for sikkerheits skuld, og leika og tøysa med babyen slik at det var skikkeleg stas å få eit tørt sett for ungen og ekstra lett for meg å utføre handlinga.

Me stortrivdes der i går!

Konklusjon:
1) eg hadde tenkt å be om eit offentleg og gratis stellebord i Fosnavåg,
2) men etter denne erfaringa i går ser eg at det kanskje ikkje er slik nødvendigheit likevel, så lengje vi kan bruke desse gjestestolane og nyte vennligheit frå damene i Servicetorget attpåtil, og plukke opp ei pepparkake;

Så eitt spørsmål:
Treng ein eit offentleg og gratis stellebord i Fosnavåg eller gjeld det å vere kreativ når naturen kaller på dei aller minste av oss? Sånt skjer ja ofte. Snart tre år har eg gått rundt og lurt på dette.

Eg må leggje til eit kart over stellebord i Fosnavåg, slik eg kjenner til det:
Den einaste kafe som har det: Madelynn, ope mellom 11-17, stengt på mandagane og søndagane. Ein nydeleg plass.
Men ein kan vel ikkje berre marsjere inn i dette som einaste ærend.

Og det var det, i tillegg til Brygga !

I gangavstand finst det også Frivilligsentralen, som kan stille opp med sofa oppe for å kle av ungen, og toalett i kjellaren, men etterpå gjeld det å forlate plassen med ein gong i tilfelle du har eit småkryp (denne trappa øydelegger alt av aktivitetssjansene for småungar, rett og slett sperrar inngangen til alt som skjer der, t d Strikkekafeen - eit ytterst ekskluderande lokale).

Så er det kyrkja, som er aldri godt å vite opningstidene om anna enn søndagane med gudsstjenestar eller mandagane frå 10.30-12.30 (Mor og Barn). Eg har gått rundt til kyrkjekontoret og bedt spesifikt om lov for å bruke stellebordet, men døra til sjølve ammerommet kan vere låst og du må få nøkkelen, så kan hende du kryssar kyrkja innendørs med skrikarungen din tre gongar før du kjem til målet.

Og lengre bort er det Coop og Statoil på Eggesbønes, men det virkeleg er ikkje midt i Våjen meir når du trillar med vogna.

Så forslaget:
Det kunne jo vere eit offentleg og gratis stellebord i Rådhuset. Det er sentralt, er ope kvar virkedag, når den einaste sentrumskafeen og butikkane rundt er også opne.

Takk for at Du tok Deg tida for å lese gjennom dette slangelange brevet! Eg skriv til Deg fordi eg fekk vite frå Servicetorget at Du kanskje kan hjelpe når det gjeld Rådhuset.

Med vennleg helsing,
KTE

søndag 21. november 2010

God natt!

Klokka er fire på morgonen. Den vesle ulven røyser seg brått opp, røskar i dyna så eg òg vaknar. Han er stille ei lita stund, så ser han ned på meg og seier "Issi!" Eg latar som eg søv, men til fånyttes. "Issi! Issi! Iiiissiiiii!"

"Mmm?" gryntar eg.

"Ej lika niff*)!"

"Ja, det veit eg."

Så er det stille ei lita stund til. "Issi?"

"Mmmm?"

"Ej lika fa'mo'! Ej lika fa'fa'! Ej lika niff! Ej lika brum brum! Ej lika muumipappa! Ej lika..." også heldt han fram i minst tre minutt med å ramse opp alt han lika.

"Eg veit, eg veit! Sove no. Eg lika sove."

Vi legg oss omsider til å sove, morgonen kjem, dagen går, det vert ny natt, og klokka vert fire på morgonen. Brått riv han av seg dyna og peikar bort i hjørnet av rommet. "Høne!" bryt han ut. "Ej lika høne!"

"Hæ? Høne?"

"Ej ha høne!"

"Vi har inga høne."

"Ej ha høne!"

"Herregud, vi har inga høne, legg deg til å sove!"

Men høne skal han ha. Han kravlar ut av senga og byrjar å flytte stolen som står i hjørnet. Eg skjønar ikkje kva han vil. "Herregud, Ulv! Kom og legg deg! Her er inga høne!"

Han ser på meg med eit overlegent blikk, som om han veit noko eg ikkje veit. Så byrjar han å springe omkring i leiligheita og roper "Høne! Høne! Kom høne!" Omsider kjem han fram til leikehuset sitt, slår på lyset, og byrjar å leike (les: flytte/kaste omkring alt som ikkje var høne - og vi har inga høne). Så kom han omsider attende til senga og la seg.

Neste morgon orkar eg ikkje å kome ut av senga, så kona tek seg av morgonstellet. Og det fyrste poden spør om er "Høne?"

"Kvar?" lurer kona på.

Han labbar bort til vindauget og peikar "Sjå høne!"

"Kvar er høna?"

Til svar peika han ned på nokre isklumpar på bakken.

Dagen går og det er sengetid igjen. No er det ikkje måte på kor mange leiker han skal ha med seg i senga. To-tre bilar, ein alligator, eit LED-"stearinlys" og ein bamse - så langt eg kan hugse. Eg mista liksom tellinga.

"Greit," seier eg. "Men la det no ligge på denne sida av senga. Eg har ikkje lyst til å få LED-lampen stikkande inn i ryggen igjen, slik han gjorde tre gongar sist natt." Dette var han samd om. Men ikkje heilt nøygd, for han hadde ikkje alt han ville ha med seg.

"Ej ha dinna!"

"Kva for noko?"

"Dinna! Ej ha dinna!"

"Dinna pinna - kva for ein 'dinna' er det du vil ha?"

Han brettar dyna til sida, og medan han klatrar ned frå senga høyrer eg eit anstrengt utbrot "Hællegud!" før han held fram til gangen og finn gravemaskina som han mangla. Denne plukkar han opp og tek med seg attende til senga. Eg visste ikkje om eg skulle le eller gråte. "Det har han lært av meg," fortel eg til kona.

Og frå senga kjem det igjen "Hællegud!" og eg svarar "God natt no, herlige gut!"

*) Niff er ordet han brukar for "Smurf"

onsdag 10. november 2010

Seebimull! Såpeboble!

Den store favoritten til GU nå for tida erå blåse såpeboble. Og han seier det på estisk: seebimull. Eg finn det så artig! Og han store G sa: "Hadde menneskeheita visst beire, ville alle snakke estisk, sidan det er så søtt!" ;)

To gevinstar

For Runde sangkveld måtte me ta med to gevinstar, á 50 NOK.
Eg tova:
  1. tre hjartar på tråd, for å hengje på vindauget / under lampeskjermen
  2. ein hjarte-på-hjarte plus økologisk rooibuste.

torsdag 4. november 2010

Søppel

Eg tek av plasten rundt bærereima til det nye digitalkameraet.
"Ej ha"
"Ha kva?"
"Ej ha dinna!" Ulven peikar på plasten som eg held på å kaste i søppelbøtta.
"Med det er søppel."
"Ej lika søppel!"
"Hæ?"
"Ej lika søppel! Vårt søppel!"

lørdag 30. oktober 2010

Kalli-kalli! Klem!

I dag tidleg kom GU mot meg med ei juspakke i armene og sa: "Kalli-kalli!" og klemma pakka kjærleg.

Det viste seg at Xtra Eplejus er berre jus med vatn. Ingenting anna! Og to kroner billegare enn dei med E-stoffar. Herleg!

Needless to say, han GU plukkar sjølv ut sitt fangst frå kjøleskapet.

fredag 29. oktober 2010

Ei sprinkelseng er det me treng!!!

For guten fekk si fyrste tann
og klatrar opp-ned alt han kan
og me er blitt litt redde
at han kan enkelt dette
ut frå sitt reir i mammas famn
og slå sitt kne og tå og tann! :(

Me ynskjer gjerne å kjøpe brukt
eller bytte den mot eit fat frukt.
Om nokon har sagt til si seng "Adjø!"
kan han vere med å verne miljø
og gi nytt liv til ei kjære seng
med ein krabbefant
som eit nytt reir treng! :)

lørdag 23. oktober 2010

kommoden er på plass

Kommoden er på plass! Takk til faktum at me ikkje kom fram til hytta pga snø på vegen. På vegen heim (noko molefunkent) oppdaga eg ein fin butikk Gaver og Blomster, med kjeledress frå Ålesund Luefabrikk HUFA. Hadde eg visst dette ei veke tidlegare :( Ved siden av denne gavebutikken ligg ein Gjenbrukbutikk med tredobla flatestørrelsen sidan sist. Eg marsjerte inn, på jakt etter sprinkelseng men fant alt anna av møbler i staden. FIIIINE møbler :(, heh-hee :) Og til og med ein vevstol!

fredag 22. oktober 2010

Eit appelsintre, ei rive med to spader i eit melkespann og kaffikjele mm

Ja, i dag vart eg revet med av eit slags "inspirert shopping". I bruktbutikken hadde eg lenge sidan sett to skinnkoffert av den slags som eldre herrschaften kunne bruke, eg treng nemleg oppbevaringsplass oppe på skapet. Så gjekk eg inn og gjorde Gescheft. Og møtte ho Mf. Ho eig ein rein glede for gamle ting og tang, og brukte minst doppelt så lenge på den vesle butikken som eg - og eg med EE var no der saman 2 timar. Det er eit kulturoppleving for meg, ein Rundt-Noreg-tur i tida. Og ikkje minst gjer det heimen vår litt meir til heim.

Så fekk eg dei to koffertane for hundre kroner.

Og i tillegg:
  1. eit bilete av appelsintre, som eg såg eit år sidan og hadde mista frå augo; det heng no over døra i kjøkkenet (eit postkort eigentleg med sjølvlaga rammet);
  2. ei vase - som eg riktig nok ikkje skulle ha, men "det passa så godt til det appelsinbilete ditt" som ho Mf sa;
  3. "ditte MÅ du ha" - eit knallraudt askebeger (!), som Mf meinar har god evne til å samle brukte teposer e.l.;
  4. ei gamal kjele som skal prøve å fylle draumen min om ei EKTE kaffikjele, dvs der inne koker ein kaffi saman med vatnet;
  5. ein telysholder-kanneunderlag - ekte smijern. Riktig nok har me ein frå bruktshopping forrige veke, men denne var ja heilt annaleis herleg;
  6. dildal for GU: eit miniatyr- pyntemelkespann med ei rive og to slags spader inn i - av messing (det hellige metallet for samene); riktignok tok GU det straks til seg og tviholdte av spadene "Gall Ull oma!"
  7. meir dildal for GU: to bittesmå fletta korg (den beste tok eg sjølv for hårstretchar)
  8. ein lojalitetsvisning: ei bok av han H. Thorseth om kraftverk i Søre Sunnmøre;
  9. ei bok om Berlin i 1945 (eg held på med "Ei kvinne i Berlin" av Anonyma, og denne boka handlar stort sett om det same, dvs korleis var livet der rett før og etter krigens slutt)
  10. Og attpåtil fekk EE ei bamse og ein vest til gave.

    Mens eg holdt på å gå ut streifa augo mine kjærleg over ei kommode - og dette skulle vere det siste møbelstykket, viss eg fe plass for den, sikra eg meg sjølv. Men utan å vere heilt sikkert, ringte eg til G som måtte springe som gal mellom banken, butiken, barnehagen, heimen, skifta bil - so eg fekk også den herlige
  11. kommoden av furu, for 200 NOK. Denne har eg venta eit år for.
Og eg angrar ingenting, ikkje ein gong denne vasen og sikkert ikkje askebegeren.

tirsdag 12. oktober 2010

Pepu... pudi!!! Eit nytt ord som festar seg

Eile tegime GUga esimest korda vahepalaks pudi. Ise rebis sepikust tykikesi nagu lindudele (kiljo! kiljo! mämm-mämm!) ning toksis neid tassis piima alla. Et laps pudi ikka armastaks, hakkisin talle pisut tumedat šokolaadi ka sisse. Kyll ta oli yllatunud, kui ta need leidis!

Täna tuli GU lasteaiast, kuri ja näljane. Kõigepealt oli vaja rööǩida, nii et vennake kindlasti yles ärkaks (EE on nii leebekene, et ainult naeratab selle peale - tema kord tuleb hommikuti GUd äratada). Siis oli vaja mängida hobust (hipp-hipp! nõõ!), kus mina olin peategelane ning peale muud möllu aerutasime pisut kolmekesi maailmamerel (meri jäi yha vaiksemaks).

Viimaks oli ta nõus kööki minema, kus G teda ootas. Kuulsin, et ta pyydis midagi issile selgitada, pikalt ning tagajärjetult. Siis jooksis GU tagasi minu poole, vaatas mulle kysivalt otsa ning sõnas: "Pe-pu?" Ma ei oskagi seletada, kuidas ma taipasin, ning andsin talle selle sõna: PUDI. GU nägu läks laiale naerule ning ta kordas "Pudi!" ning hõiskas selle köögis issile.

Pudi oli nii populaarne, et lõunasöök jäi peaaegu et puutumata.

fredag 1. oktober 2010

Det gaveregnar i oktober... Muumitass, tee ning CD; PILDISEERIA






Muumitass, tee ning CD

G oli täna Ørstas ning tõi mulle sealt niisama heast peas kingitusi. Justkui eilsetest olnuks veel vähe (siis käis ta Ulsteinvikis) - kymme punast roosi, röstitud mandlid ja pakk teed :)

Kuna meil ei ole mingit enda tähtpäeva, mida tähistada - vähe sellest, G niikuinii ei mäletaks midagi sellist -, siis oli ekstra tore ja lahe. Nagu linnasai vana aja lastele! Ja paki avamine oli totaalselt lõbus!

DET GAVEREGNAR I OKTOBER!

Den siste dagen i september overraska meg med mine livets fyrste raude roser I HAUG (10 stykk saman), ei pakke te ("Calm") og brente mandler... Det skulle no rekke for ein kvar vanleg ektemann for minst ein måned framover. Men neida, min kjærast kjenner vel ingen måte i sånne saker :) Eg hadde alt gløymt at han hadde vore i Ørsta i dag i jobbsamanheng, men fekk ein rask påminning når han rakk fram ei finpakka gave til meg i dag, med sløyfe og alt (som er i grunn uøkologisk :) men fin). Eg åpna det med Eldar. G tok bilete. Midt i rusling og rasling fekk eg ein flashback: eg har gjort det før, rett etter jul i fjor. Og det gjekk opp for meg at også gava stammar sikkert frå same kilde. Eg gjetta riktig: det var ein MUUMIKOPP! Eg er so glad i dei, dei er i grunn einaste gjenstander som me "samlar", me unner dei til oss i forbindelse med høytider (det tar pusten av meg kor dyre dei er i Noreg, nesten opp til det doppelte som i Finland, enda dei der ligg rundt 12 euro). Kvar einaste av dei er knytta til ei historie.

Så vart det ein kopp med syknapper, og ein ny Yogi-te "Forever Young", og fordi den nyaste plata av Aasmund Nordstoga vart solgt ut denne gongen me ikkje rakk konserten hans i Aasen-tunet, hadde han G kjøpt ein litt eldre CD med han i lag med foreldrane sine (1994). Nydeleg!

Det kan vere ganske lett for han å vite kva som gjer meg lukkeleg av dei ting som kan kjøpast. Men den eigentlege lukka ligg i at han veit det... og er så overdådig med alt sånt attpåtil.






Eg er så glad!

Eg har struggla heile veke med å sende ei gratulasjon til ei veninne som fekk sin andre unge. Han vesle Karl Hendrik fyller 1 veke i dag, og EG FEKK DET TIL for fyrste gong i livet mitt - sendte blomar via internett. riktig nok kom eg berre borti 2 web-selgarar med noko enormt prisforkjel, og sendinga vart ikkje med noko særleg kort eller finare blomevalg; men minst var det mogleg! Så sendte eg blomar til han og til ei splitter ny jentunge - Tuuli - som fyller 1 månad i morgon. Oh, så godt det følast! Og attpåtil tok ei tredje veninne telefonen og eg kunne gratulere henne med 1-årsdagen til dattera, ho Alina.

Også fekk eg eit trøstebrev i dag tidleg frå ei veninne.

Det er så godt å føle at der er folk rundt meg, enda eg berre har sporiadisk kontakt med dei, kanskje 2-3 gongar i året.

Han vesle EE har herja gledeleg på golvet heile tida, og eg lag merke til at han kryp faktisk no på alle fire. Det skjer mindre og mindre at han åla seg fram på magen. Men fortsatt ingen tann - han verte vel 11 månad snart. Godt for meg - han er så liten, søt og alldeles babyaktig slik.

Eg likar ideen med disse mor-barn bukettar: http://www.lillepood.ee/index.php?lang=0&cmd=show&kat=1&cat=12


torsdag 30. september 2010

Ein god dag kjem aldri for seint

Ikkje ein gong når dagen inntreffer rundt klokka sju om kvelden. Da kom nemleg kjærasten min inn med 10 raude roser til meg og sa: "Oops, dei er derfor at eg brente mandlane dine!" - og rakk over ei pose med sukkerbrente mandler :) Og ikkje det ein gong var alt: det kom også ein ny Yogi-te-pakke, som eg ikkje har fått prøvd enda.

Han meinte at eg kanskje hadde behov for noko sånt :)

onsdag 29. september 2010

Mihklipäev. Mikkelsmesse. Dukke!

I dag tidleg hadde GU bading. For fyrste gong i livet var han i basseng, saman med ei dame frå barnehage. Me høyrte ikkje korleis det gjekk fordi me møtte henne ikkje. So eg spurte han GU.
"Hadde du solla-molla i dag?"
Han strålte opp. "Molla-molla!"
"Ja, du var i basseng og bada i vatnet i dag, var det slik?"
"Ja!"
"Og du hadde også ringar rundt armene (eg viste fram gestar), ja?"
Han vart spesielt glad over denne minne, han pynta seg så gjerne med alt som han berre kan feste på seg.
So etterlikna han mine gester og byrja å fortelje om sine opplevningar. Han var op i hundre av stoltheit og glede. Det kom glade ord om "vette" (inn i vatne), BRILLE, også lyd-gesten som eg tolka som sklie, fleire ord i rad (som ei setningsramme). Det var virkeleg flott for meg å ha ein samtale med han! Og det varte lenge.
Vi omtok det ein gong til på bordet, no saman med G også. Og då kom eit ord eg aldri har høyrt før frå hans munn: DUKKE!
Eg ser ikkje vekk i frå at han faktisk har prøvd det ut også.

Han er veldig glad i vatnet. I den usedvanleg varme sommaren var vi so ofte til havet at allereie eg byrja å verte lei av det. Men ikkje han. Sulla-mulla! (dette ordparet sa han fyrst som pulla-pulla, no seier han alt mulla-mulla).

Og på ein veldig varm augustdag oppdaga han ei stor søyle på kaia, på asfalten. Alle andre søyler hadde torka opp så prøv å forestille gleda hans. Fyrst køyrte han på sykkelen gjennom det på kors og tvers, men då skrella han bestemt av seg alle klede og hoppa inn splitter naken. Akkurat for sånne augenblink skulle ein alltid ha på seg kamera, men eg må vel nøye meg med minnebilete. Han G såg han også, ein to-og-halv-åring som tar eit lite badetur i lunchtida i den einaste søyla i heile byen, på kaiasfalten.

tirsdag 21. september 2010

Kryp og legg deg! Mathiasdag ROOMA TUTTU!

De skulle skje at akkurat Mathiasdagen vert den fyrste vanlege kvardagen igjen. Eg kan ikkje dy meg å skrive ned kor originalt han G strev med å få ungane lagt seg.

Han har nemleg ei bok, "Gården", og eg tjuvlyttar mens eg henger kle til tork:

- Som de ser er her andungar. Dei er stille og lydige, og dei kryper ikkje ovaralt.

- Du, E! Kvar har du tenkt deg til? Kom tilbake! Kryp andre vegen!

- Og her er kalven. Han har alt lagt seg.

- GU! Legg deg, du også!

- Alle dyr på garden er rolige og har eit fellesmål: å leggje seg.

- Du der! Du der da! KRYP OG LEGG DEG!

ROOMA TUTTU!

Riputasin riideid kuivama ning kuulasin salaja pealt, kuidas G poisse magama paneb, kõik kolmekesi meie laias voodis. Hiline aeg ja meie väsinud. G "luges" raamatut "Talu", st jutustas piltide põhjal. Mõningaid katkeid:

-Nagu te isegi näete, on siin pardipojad. Nad on vaiksed ja sõnakuulelikud ega rooma igal pool ringi.

- Kuule E! Kussa mõtled minna? Tule tagasi! Rooma vastupidises suunas!

- Ja siin on vasikas. Tema on juba magama heitnud.

- GU! Heida sina nyyd ka pikali!

- Kõik loomad talus on rahulikud ning kõigil on yks yhine eesmärk: heita magama.

- Sina seal! Kuule sina! ROOMA TUTTU!


fredag 2. juli 2010

5 aastat esimesest kohtumisest; 5 år sidan me møttes - eg og G eller var det no omvendt

I dag er det fem år frå det allerfyrste møtet vårt, som krevde så mange store og små ting å falle saman at det neppe kan vere noko tilfeldigheit, dette møtet vårt.

Me tok ein tur til Ørsta og koste oss på steinen etter tunnelen, såg på Liadalsnibba som er mitt absolutt favorittfjell. Steinen var varmt frå badev^er. GU sov i bilen og EE har dia litt med meg på steinen. G plukka blomar til meg som EE åt opp, også dekorerte G bilen med sommarblomst. Tjukt sommarlukt!

5 aastat tagasi kohtusime G-ga Tallinnas

Ja selleks pidi kokku langema nii palju suuri ja väikseid asjaolusid, et see vaevalt sai olla juhuslik.

Teel Ørstasse lesisime suurel kivil ja vaatasime Liadalsnibba't, minu lemmikmäge. Kivi oli kuum, sest oli tõeline rannailm. GU magas autos ja EE sai nati rinda. G korjas meile lilli (näksisime) ning kaunistas nendega autogi. Paksult risitikheinalõhna!

onsdag 2. juni 2010

Livet lokkar

Eg lenar meg mot trua at livet lokkar oss fram som mennesker. At omtrent etter ti-års bursdagen byrjar livet å lokke oss med løyndomar og freistande lovnader. "Eit menneske vert født. Han kjem hit som på ein stor gledesfest," som klokkaren Lible seier i Oskar Luts sin "Våren". Og det, korleis vi møter livet, er allereie minst litt avgjordt av ballasten som vi fekk med oss frå erfaringa før dei fylte fyrste ti år.

Men (eg er eit men-menneske) livets lokkingar fordunstar i lufta når du er ca 30. Minst med meg tok det så lang tid. Eg må tenkje meg om. Kvifor er eg so heldig, eg har vore berga frå naud og hjarteblod, men likevel er eg trist? Og dei små utfordringar i livet mitt som eg har, kvifor er eg so elendig til å ta lærdom av desse? Samstundes virkar det som bevis på at ingenting som er viktig, skjer tilfeldigvis. Ingen får bere større bør enn ein greier. Stemmer det? Mine bør er små og lette, men likevel takler eg det dårleg.

Me sjølv rår ikkje over det som måtte hende. Men me har nok makt over reaksjonen korleis me møter desse hendelsene. Og der er det: kanskje livet LOKKAR det INDRE menneske av oss UT med sine hendelser. Kanskje er det heile meininga med alt som skjer. Kva kunne vere målet? Love and compassion? Finst det i meg? Må eg erfare sorg for å verte mjuk overfor dei sørgjande? Treng eg å føle naud og angest for å skjøne livet for eit enkeltmann i okkuperte områder? At i alt som gjeld lidingar i livet og arbeidet til deg og dine, har du ingen instans du kan klage til eller stole på. (Som svenskarar hadde spurt etter å ha hørt korleis vanlege menneske vart revne or heimene sine midt på natta og sendt i krøtturvognar til sibirske fangeleir for å arbeide og svelte seg i hjel - "Kvifor kallte dei ingen politi?" Det var ja sjølveste politi som arresterte jødar i Noreg, og. Me fyllte berre ordre, det var ikkje oss det sto på.

Og me får kanskje påminnelse undervegs. Me høyrer av sjukdommen og lagnaden til dei andre. Klarer eg å setje meg på deira plass i tankene mine? Eg sjølv hadde ikkje klart det meste eg ser andre lide av. Det er ikkje alltid at eg er klar over det.

Og når eg kjem til livet, kjem eg til daud. I dag høyrte eg om at Toonela, den estiske Valhalla, ligg under vatnet. Og derfor er vatndaud det riktigaste daudet ein kan lide. Det faktisk finst innganger til Toonela - virvelstraumar som virvlar i solretning, mens utganger virvlar i motsatt veg. Toonela er heimen til dei som er døydde eller ikkje fødde enda. Storken som hentar ungar til estiske mødrer heiter faktisk toonekurg.

So bur folk vidare i Toonela og det er ikkje so særleg annleis enn her. So har eit menneske skifta berre tilværelsesplass. Det ligg skikkeleg trøst i dette, sidan havet tok menn både tidt og ofte.

Han som fortalde det, snakka med ei jente som vart redda frå Estonia når det forliste 28.09. 1994 (som kjend omkom 852 menneske, det vart redda 137). Ho sa at det vart varmt og behageleg roleg til sist, men rett før ho vart trekt ut av vatnet, opna ho augo og vart skuffa: eg er likevel framleis her. Det skjedde rare ting forresten med nokre som vart redda - deriblant den andre kapteinen - fyrst vart dei oppført som redda, men etterkvart fekk dei eit spørsmålstegn bak namnet sitt, for deretter havne til lista for dei omkomne (eg hugsar dei endelause listene på tv-skjermen som køyrde heile dagen, kvite namn på svart skjerm, det var so sjeldant det dukka opp "redda" bak nokre av dei). Sånt skjedde med 8 namn. Kroppene vart ikkje funne.

Men ho hadde håp at veninnene skulle dukke opp enda 2 år etterpå. "Dei kan ikkje vere daude, eg kjenner ikkje på meg at dei er daude. Dei er so nær til meg, eg skulle vel forstå viss dei ikkje er til meir. Men det gjer eg altso ikkje." "Det kjem an på kontakta du hadde med dei", svarte mannen. "Viss kontakta var veldig nær, skal dei aldri vere daude for dei. Dei finst i din informasjonsfelt framleis. Der glir dei aldri ut ifrå, so for deg døyr dei ikkje." Og der fortalde han om Toonela.

Mora til dei to veninnene hennar feira fødesdagen til døtrene, tvillingar, i stor selskap med kake og anna. Alle kom med blumar og sa et dei tvillingsyskjen skal kome tilbake, me håpar det! "Eg veit det, eg er heilt sikker," svara ho.

Men det var også ei anna mor i filmen, som mistet sonen sin, Andres. Havet ga ikkje legemen hans ut. Ho mora gjekk til stranda der han pleide å leike på steinen i vatnet som liten gut, og der bar ho saman ei høg steinrøys og tende lys på det. Ho sa det gjekk opp for henne at ho var mora til ein sjømann. "Og ei sjømannsmor må alltid vere forberedt for det verste. Og sonen min var ein sjømann."

mandag 31. mai 2010

Mathiase synnipäev 9. mail; vår fyrste barnefødesdag og klovn attpåtil!

Mathias 3-aastane

Lund sajab! Det snør!




Mathias sai 11. mail kolme aastaseks. See oli me esimene laste-synnipäevapidu, ja oli ootamatult vaikne! Kestis kolm tundi, seal sees ka kloun, keda alguses kõik kartsid, pärast aga pidi vaeseke õhupalliloomi vorpima. Ainult Gard Ulv ei julgenud midagi kysida, siis kloun tegi talle väga erilise ja mõtliku luige.


Han Mathias vart 3 år den 11. mai i år og me var også invitert til feiringa. Det var merkeleg stille til trass alle ungar som var til stades, og når klovnen kom vart alle skikkeleg redde. Men klovnen smelta snart isen med sin utspekulerte klossenheit og breidt smil (han var skikkeleg tryllende) og gjekk i gang! Etterpå fekk han knapt pustepause mens han måtte lage alleslags ballongdyr og ting og tang til ungar. Berre han Gard Ulv var redde for å spørje noko som helst, so tok han Lars Erik og laga han ein søt kontemplativ svane!

Spådde Spania vinne på MGP til eg høyrde sangen frå Tyskland

Eg som ikkje har vokse opp med MGP i morsmelka, men hugsar likevel godt kor sterkt eg ynskja Noreg vinne i 1994, satt meg framfor dataskjermen i går kveld nesten som ein innfødt norrmann. Kva var no den fyrste sangen? Noko med trappa? Eg hadde berre høyrd han Didrik syngje før, ingen av andre bidragar var kjende til meg. So kom Spania. Eg vart nesten lammslått: får man høyre noko SÅÅ fint på MGP? Og enda beire: ikkje på engelsk ein gong!

So vart det klart for meg at ingen veg går utenom - Spania må vinne! So kunne eg berre stryke heile konkurransen og slappe av med vindaugevask på kjøkkenen, som hadde tålmodig venta for sin tur... hmmm... skal ikkje røpe kor lenge.

Og kvelden på Skarabakkje var fullkomment nydeleg. Stille og solfullt. Av og til kom det nokre rytmar frå data-stova vår, men ikkje noko særleg for å kome in frå den andre sida av vindaugeskarmen. Heilt til det kom nokre rytmar som berre gjentok seg om og om og om igjen. Og rart nok, enkel, men fin melodi. Eg sniffa straks ei hitlåt der og dermed ei fare for favoritten min. Jau, det var Tyskland. Og eg likte det! Kunne det vere at man får TO fine låtar på MGP på same kveld???

Eg trur den store discotid frå nittitalet er ovar og med Lordi sin historisk framstilling har låtkonkurranse faktisk hoppa eit godt stykkje oppovar i kvalitet (for dei som ikkje er klar ovar når helvete fryser - det skjer nemlig når Finland vinn Melodi Grand Prix; so no he det alt skjedd). Og me var i Finland den gongen, i Lappland kvar Lordi opprinneleg kjem frå. Sjølvsagt såg eg straks at Hard Rock Halleluja ingen andre kunne slå. Det same var soleklart også med han sjarmante Fiskaren, han Rybak, allereie frå norske delfinalar. Så har eg spådd riktig med desse to og eigentleg med Nocturn også, berre denne gongen var eg mindre sjølvsikker til å ytre det.

Men den historiske sannheiten er at Tyskland vann i går. Og at han kjæresten min visste det allereie i april (han har blogga om det i Fjeselogg), men eg var berre ignorant mot heile konkurransa.

Mon tru viss det kjem frå den lange tida i Noreg som eg har vore her eller at MPG virkeleg har forbetra seg (som eg trur), men eg skal halde tilbake tanken om scrapkonkurransa.

Eg har høyrt rykter om at Lena har litt estiske røtter. Men Spania hadde fortsatt den beste sangen. Det har vorte landplage i dag :) Har dei no "feila"med at dei ikkje valgte å syngje på engelsk? Men det er jo bara bra, som svenskarar seier. Ein finsk parodi: We are the europeans også!

tirsdag 4. mai 2010

Karma

G: "EE! Ikkje spark broren din i andletet!"
EE: "Waaaaah!"
G: "Ok, så spark broren din, da!"
GU reagerer. "Wawaaa?" og byrjar å skubbe bort føtene til broren som sprellar midt i andletet hans.
G: "GU, ikkje skubb bort føtene til broren din. At bror din stappar føtene sine inn i munnen din er ingen grunn til å skubbe dei bort. Det er no slik du brukar å gjere med oss til tider. Det er dette vi kallar karma."

tirsdag 27. april 2010

Ammetåke; piimaudu

(Byrjar med parantes. Må berre skryte av dagen. Merkeleg, kor mykje godt av besøk, samtaler, rydding, reising, bål og attpåtil årets fyrste jänesekapsas, harekål, kan ein tysdag romme - og med ein sjukeleg ulv halve dagen er det noko å vere stolte av.)

Me fór til hytta, og like etter til vennene i Leikong me ikkje har sett på eit halvt år. Me beundra renoveringa av huset. Dei beundra gutane våre. GU drakk den umåteleg gode safta si og beundra eesti koer, estisk hund, mens han snakka til henne gjennom døra: "Mjau! Mjau!", og ho tok seg ikkje nær av det, enda ho er på størrelse av ein liten kalv.

Trur minstemannen undra seg over alt som skjedde rundt han. Omsider måtte me gå ein tur på badet. Det var på andre etasje, altså me måtte gå trappa opp. Når me var komne tilbake, slutta eg meg til samtalen for å stille nyfikenheita mi: "Kva som ligg på etasjen over oss? Loftet?" Vertinne byrja å ramse opp med soveromma, men då det vart nemnt "bad", skimta det noko kjent fram frå ordet og slo meg mot panna - "Det var ja der eg nettopp var!". "Ja, det er ammetåke, det," kom det frå sidelinja.

Men ikkje nok med det. Om kvelden ymta eg fram "min farfar på morssida" og sto på mitt fleire gongar før det gjekk opp for meg. Det var i badet. Eg såg at merkene på magen som eg fekk rett før fødselen vart no liksom krympa inn. "Det er mindre av bremsespora, som du sa." "Fartsstripene, sa eg", fekk eg til svar. "Det er no same ting likevel." "Nei, dei er stikk motsatt til kvarandre." Oeh.

Eg hadde i dag allereie lukkast med å gløyme foten min utanfør bildøra mens eg drog døra igjen. Det same gjentok seg ein time seinare, denne gongen klemra eg handa. Da fekk eg fornemmelse av at det kanskje ikkje er heilt dagen min når det gjeld teknikk og logikk. Jepp, men dagen var utmerka fin for det! Eg sakna ingen ting...

(Sluttar med parantes. For Svein: det var no igjen meg som skreiv, ikkje han som du ser i signaturen. Eg trudde ingen lurte på sånt :) Men sidan me faller under kategorien "dei to må vere eitt" er det vel fullt lov).

Päeva sõna: piimaudu
Täna jõudsime lõpuks mägionni. Ylased õitsevad ja jänesekapsas vohab! Tulpidel on nupukesed kohe-kohe lahti minemas.

Käisime ka sõbrul kylas yle poole aasta. Nad on vahepeal teinud majas ilusa remondi. Meie Ennuga pidime kesk vestlust minema trepist yles teisele korrale vannituppa. Tagasi joudnud, kysisin veel maja kohta, et oma uudishimu kustutada. See on ju yks nendest norra majadest, mis väljast on pisikesed ja kompaktsed kui kastanimuna, seest aga on kolme-neljakihilised pulmatordid (keldrikorrus on mäe sees). "Ja mis teil ylemisel korrusel on?", pärisin ikka yksikasjalikumalt. "Magamistuba, vannituba..." Oo, selles kõlas midagi tuttavat. "Ah, ma ju just tulen sealt!" pidin end vastu laupa lööma. "Jajah, see on lihtsalt piimaudu, juhtub imetavate emadega," naeris peremees.

Igatahes suutsin täna autosse istudes unustada uksest ripakile oma jala, mis end valusasti meelde tuletas, kui ukse kinni tõmbasin. Nagu sellest oleks vähe, kordus sama aisting tunnike hiljem, kui käe ukse vahele jätsin. Siis mõtlesin kyll, et täna ikka ei ole minu päev, vähemalt mis puudutab tehnikat või loogikat. Aga võta näpust (!), päev oli imeline ja ma ei tundud millestki puudust...

fredag 23. april 2010

EE på St Georgsdag


Det var bokdag i dag, men kjøpte eg noko bok? Nei, eg les vel framleis Karvilanda og Trude Teige er på vente (likevel greidde ikkje gå på Herøykonferansen til å sjå henne i verkelegheita). Men som ein gjennomsnittleg vesteuropear, trur eg, kjøpte eg frå bokhandelen - filmar! Den Liv Ullmann's samlinga og Buena Vista Social Club (som eg har sett i Berlin ca 10 år sida). Forresten, eg les også brever frå Ingmar Bergman til Käbi Laretei, den estiske pianist-kona hans.

So kjem dagens fangst i form av eit bilde.

søndag 11. april 2010

Middagstid

"Middag!"
"Nei."
"Kom, du må ete."
"Nei."
GU har lagt seg ned på madrassa framfor DVD-skjermen.
"Men det er nam nam, vil du ikkje ha nam nam?"
"Nei."
"Vil du i det minste ha ein banan, da?"
"Nei."
"Yoghurt?"
"Nei."
"Skal du berre leve på luft og teiknefilm du, då?"
Ungen smiler lurt og nikkar. "Ja."

tirsdag 6. april 2010

Aleinefaren sin rapport

Han G er aleine med den kjaere sonen av ulvekvalpen vaar og skreiv meg:

Søndag: Ulven var med i kyrkja, og oppførte seg eksepsjonelt fint for å vere ein tur til kyrkja - heilt til "rett før nattverda". Då byrja han å etterspørje nam nam, og viste litt seinare teikn på at han ville tisse. Så eg skunda meg på do med han, let han tisse, og skunda oss tilbake for å nå nattverda.

Vel, det skulle no vere offer fyrst. Og dette orka ikkje ulven å vente på. Så han viste teikn til at han ville på do igjen. "Nei, dette trur eg ikkje noko på, du har nettopp vore og tissa ut alt saman." Han såg berre lurt på meg, og forstod til slutt at det ikkje nytta. Han var avslørt.

Så vart det omsider nattverd, og då var det ikkje lenge att til kyrkjekaffen.

Etter kyrkja måtte eg på jobb ein tur for å forandre varslingsparameter for straumspenninga - spenninga er så ofte for høg at eg fekk 20-30 meldingar for dag. Det var dette eg ville få slutt på, så eg flytta terskelverdien.Varsel for over 245 volt i staden for 242 volt. Og etter denne vesle manøveren tenkte eg at vi skulle ein tur til hytta for å sjå om det var framkomeleg.

I mellomtida hadde ulven sovna, men vakna når vi kom til Herøybrua. Då byrja han å spørje etter nam nam igjen. Så eg stoppa på marinaen for å kjøpe "kva som helst". Å få servert noko så enkelt som chips ville ta heile 20 minutt, fordi det var sånn enorm kø på innsida. Så det vart ein sjokolade og vatn. Men når eg skulle betale var der ikkje nok pengar på konto, for eg hadde nettopp fylt bensin på bilen. Eg ringte opp telefonbank, ordna kortet, og betalte. "Ja det er så greit no, med telefonbank. Kan ornde konto når som helst, kvar som helst" sa han Jensholm.

Eg kom tilbake til bilen, der ulven gret. Eg hadde ikkje høyrt at han gret - bilen er tydelig for godt lydisolet, for eg sto no rett framom bilen då eg var i luka. Årsaka til at han gret - var at han hadde behov for å gå på do, hadde ikkje greidd å halde seg medan eg skaffa nam nam, og no var han gjennomvåt. Så då var det berre å snu. Det var ikkje meininga at vi skulle på hytta, tydeligvis.

Mandag var det meininga at ulven skulle parkerast med famo og fafa, men eg endte opp med å vere der heile dagen sjølv. Vel, "heile" er ikkje heilt rett, for vi greidde ikkje å kome oss ut av huset før ett-tida. Årsaka til at eg tilbringte dagen der, var at eg no måtte hjelpe famo å forstå korleis ho skulle bruke det nye kameraet. Og ulven ville også gjerne bruke kameraet, og heldt nesten på å øydeleggje det i sinne når han ikkje fekk bruke det sjølv.

Så han fekk famo sitt "eldgamle" kamera - det kameraet ho hadde før det som ulven øydela. Det kameraet har nemleg ikkje slik linse som kjem ut av kameraet. Det har fast linse som er beskytta av ei flate som du skyv til sida. Og dette fungerer også som av/på-knapp.

Så skulle ulven på do, og etter do byrja ha å kle av seg, for han ville pullapulla oppi badekaret. Han greidde stort sett å kle av seg sjølv medan famo vaska badekaret. Og han fekk massevis av skum frå badesaltet. Dette likte han. Inntil famo ville vaske håret hans.

Det er vel det MINSTE han har skrike i forhold til hårvask. Men skrikinga var nok til at fafa også kom stormande inn på badet, og då skreik han endå meir. For no byrja det å verte FOR mange som omringa han, stakkaren. Eg prøvde å forklare dette til fafa, og han sa at han forstod det, "men eg vert no så bekymra når eg høyrer han skrike slik."

Nesten

Eg og EE er i Estland no. Han verte 5 maaned i morgon! Ogsaa har me 5 dagar igjen her. Og eg hadde planar som uvanleg, men fekk ikkje fullfört dei, som vanleg. Eg er NESTEN der at eg trur: "ta det lugnt", det er ikkje dommedagens laurdag, det er heilt greitt aa ikkje rekke alt.

torsdag 25. mars 2010

Mariamesse

Denne dagen har vore eit milepæl mange år, midt i litt vemodige våren som spring fram med all sin ør venleik. Då har eg gjerne tatt ein tur langs Promenaden i Haapsalu, sett på dei gamle finsnikringane under taka og den blaute asfalten under føttene. Begge har hol som år etter år verte meir bøta på eller no - ved ny tid - kan hende at vert skifta ut heilt.

Eg har fått lese frå tre bøker i dag, det er sjeldan. Og det er heilt for meg sjølv.

onsdag 24. mars 2010

Gangen rydda!

Hugsar på ei lita avhandling om trappa som semiotisk betydeligaste rom, space, noko som skil og bind saman samstundes, oppe, nede, høgre, venstre og alt i mellom dei. Javel, dette betydelige krysspunktet vart ovarladda med søppel hos oss heilt til i går. Kanskje ikkje akkurat søppel men nødvendige ting og tang som eg ikkje hadde funne plass for i leiligheita enda.

No ser det nokonlunde fritt ut, sopass at man kan snu seg om og alt. Det var berre mogeleg fordi G tok eldstesonen med på jobb i går. Han vart forskrekka når dei kom heim att: ja, kva har det vorte av verktøy!? Vel, han spurde heller ikkje om potet, fyringsved, dusjstange, eit halvmontert glasbord (feil slags skruar), dvd-spelar (kan berre brukast med tv-appart som me ikkje eig), kassettespelar og enda ein slags spelar som eg ikkje kan setje namn på. Dei finns alle, fortsatt, og delvis utan eigen plass. Men dei ligg ialfall ikkje på trappa, noko som samstundes skil og forbind oss saman med verda ute.

tirsdag 23. mars 2010

Ein rituell iskrem med ein rituell badetur

Eg bestemte meg å feira våren i dag. Mens EE sat og lalla i bilstolen, kjøpte eg iskrem og for til Toftestøda, for å ta i mot våren med ein rituell måltid av mandeliskremen på steinane til kysten. Det var nydeleg badevêr, dvs det dryppa berre litt frå himmelstaket og var STILLE, so stille at ein kunne ta på det. Det regna på venstre sida av meg og var torr i høgre, noko so utruleg får eg oppleve her i verdaskrinsa fleire gongar per året!

So eg tok av meg dei lange støvlane mine og steig inn i vatnet. På plassen eg og GU har skylt labbane våre for moro skuld to sumrar i rad. Det var ikkje so kaldt i det hele tatt! Fjordvatnet er noko som aldri svik deg, når det gjeld temperaturen. Det ligg nesten på det same alle tider.

Eg følte ei bør av kleda på meg men letta det ikkje; eg var aleine. Sugde heller lufta so langt inn som berre kunne, og høyrde på den fuktige stillheita, sæl i hælane i saltvatnet.

mandag 22. mars 2010

Ein dag so fyldig og lubne som spedbarns kinn

...og attpåtil vêr som er ein sjelden gjest her på verdenskanten - varm og stille. Me gjekk på "tur" i nærleiken av Halshøgdegata, dvs fotballbana, og møtte presten med kona. Dei går ofte tur, mens me går sjeldan, men me møtast nesten alle desse sjeldne gongar!

Hadde lyst å hilse på ho AH som eg ikkje hadde troffe ei god stund, og G-ane fylgde att i vegen. So vart me hjarteleg innbedne, og vips! hadde me vorte del av eit lite selskap. Og rart nok, so få menneskje som eg kjenner her, var eg no godt kjent med ho MS og ho BE, kona hans AE. Det var nesten i den dur som "å stikke innom og ha eit glas vin saman med vennene".

Men kvelden var skikkeleg "sumarnatt", fyrste slik i året, sånn at det berre kunne ferdast ute for eit kulde- og regntrøytt menneskevesen. Fekk so lust å brenne opp haugen med ugrass som eg samla frå blomebeddet tidlegare i dag, men det går vel ikkje an å gjere midt i bygda. Like som å setje opp eit bål og steikje potet i aska (o, gode minner frå bakhagen til Larsen-huset eller hytta vår). Men ja, jorda kallar, det er fint å ha det under neglene igjen.

fredag 19. mars 2010

Ein vidunderleg dag; Kevadliblikas

I dag var den store 19.03., eg fylde 30 og samstundes har vore gift med han G 3 år. Me feira! Hadde også kaffi - Litle Svarte-Dropen - med næraste familia her. Det var so fine gåver og augenblink sjølve i gåvens verdi. No høyrer eg på Fratres av han Arvo Pärt, ein litt vemodig lengsel som mundar i stille håp og takksemd... som eg føler no midt i mellom all den kjærleiken eg har opplevd so tett på meg i dag og elles...

Blandt anna fekk eg eit dikt frå ho AR, som so fint har spela på flygel i vielsen vår; det heite "Vårsommarfugl en face":
Kevadliblikas otsevaates

Röömulill ei kasu kaugö
minu aknö pääl
Naarulill pliik varsti vällä
kardinöidö päält.

Häämiil tulö hällütämä
katö vihma vahel.
Naaratus ku petlik kevväi
lumöpilvi vahelt.

Mul om endä sisse kaia
rikka maja aknöst.
Mul om suurdö ilma kaia
umast väikust aknöst.

torsdag 18. mars 2010

Snøklokker i regn

Det er alltid eit spanande spørsmål om eg får snøklokker til 19. mars kvart år. Eg hadde no ikkje eit vagaste håp. Men det var nesten som ei hand har leia meg til Ullbutikken i dag, der eg såg ein liten bukett. Neimen, kvar kjem dei i frå? "Frå bakhagen, du kan gå og plukke der viss du vil, trur ikkje han landeigaren har noko å seie," svara den snille dama.

Eg plukka litt for oss og litt for ho JL, som kom på besøk. So hyggjeleg! Og fekk også snakke litt om Karviland der på butikken, og korleis det føles å selge lodd som unge til hus med store og ivrige hundar. Ho AT ga eit tips: sett blumar til kjøleskapet for natta, da held dei seg lengre. Det er so sjølvforstått men likevel vanskeleg å kome på det (lambist, "frå den reine lampa", heites det på estisk)! Det er liksom med tipset å gi ei brukt T-skjorte til babyen når du legger han til sengs utan deg, slik at han luktar deg likevel og har det roleg.


mandag 15. mars 2010

ei lita pakke

Eg fekk posta ei pakke til Storkfrøkenen.


Livet fora/u/ndrar oss i takt med eldstesonen

Ulveholet vert til...
Arbeidsprosessen har sine farar...

Nede: Jamvel han 2-åringen er flink til å kaste ball! Ballen havna på det høgste hyllet av veggseksjonen. Rett i MIDTEN av mine dyrebare greske vaser (kopiar) og ei Trondheimsdose (ekte). Det var ikkje ein millimeter feil. Alt eg høyrde var: klirrrrr (leir og porsellen)!!!

søndag 14. mars 2010

Appi! Hjelp!

Der er ei ganske enkel oppskrift for å få 2-åringen til å leggje seg i senga på dagtid. Kle han naken, legg han i senga og opne altandøra. Så kaldt som det vert, vert han liggande under den trygge, varme dyna. Og der sovnar han.

Så vart det til at der kom eit litt desperat "Appi! Appi!" frå soverommet. Eg lista meg inn for å sjekke kva som var på ferde. Guten kika opp på meg og sa "Pissi" (tisse).

"Må du pissile?" spurte eg og byrja å lyfte av dyna for å hjelpe stakaren. Der, allereie godt samankrøka for å halde varmen, krøka han seg endå meir saman. Og endå skjørare i stemma enn tidligare, får han såvidt fram sitt nye ynskje: "Kleeeeee..."

Kuidas saada yht väsinud kaheaastast inimesehakatist päeval voodisse magama? Selleks on olemas lihtne retsept: võta talt kõik riided ära, tõmba tekk peale ning ava rõduuks. Mida kylmemaks toaõhk muutub, seda kindlam võid olla, et ta sinna sooja teki alla ka jääb, selmet et mööda tuba ringi joosta. Ning seal ta uinubki.

Mõne aja pärast kostus yks mõnevõrra heitunud "Appi! Appi!" magamistoast. Hiilisin lähemale, et näha, mis toimub. Poisiklutt vaatas mulle otsa ning sõnas "pissi".

"Må du pissile?" kysisin ning hakkasin tekki pealt ära tõmbama, et vaesekest aidata. Seal tõmbus ta aga veel rohkem kerra kui ta juba teki all oli olnud. Ja veel hädisema häälega suutis ta vaevu esitada oma uue soovi: "Kleeeee (riided)...."

lørdag 13. mars 2010

Fri dag

G-ane var på Leikeland i Ålesund og eg med EE var fri å rydde heimen heile dagen, det føltes så godt utan matlaging og tidsgrensene. Til og med ei kake fekk plass i omnen, til sist når eg verkeleg byrja å sakne begge to.

Dagens fangst: har vaska bak og under sofaen. Forstå det den som kan!

fredag 12. mars 2010

Arbeidsglede

Eg såg lenge sidan på Sævik eit stoff for gardiner. Vi treng gardiner til sovestova, noko som er ugjennomsiktige. Det er litt gamaldags bomullty med valmueblomer, eg hugsar kor forelska eg var i min barndomsstove si valmue-gardiner, med raude, gule, blå (sic!) blomer på. Litt usikkert steig eg inn i butikken - det var fleire veker sidan eg såg tyet på tilbudsbord, 50 krone per meter. Det var fortsatt noko att, med 20 kroner per meter no. Det er klart eg vart so glad! Og tok rikeleg med ekstra-centimeter, til å få mønsteret å passe saman.

Når tyet vart utmåla, kom eg på spørsmålet viss det går an å ha sånne ringar inne, som gjer det so lett å gli dei fram og tilbake. Ja! Der finns noko som heite malje, på pakket står öljetter, og det er ja so enkelt... Berre litt stivingsstoff, to pakke med ringar, og tråd til (eg har eigentleg tråd, men denne bevegelsen av butikkdama var so rask og sjølvsagt med å velge trådet og legge det til, at eg ikkje rakk å tenkje ovar korvidt eg er sjølvforsynt med trådet eller ikkje - og trådet kan ja ikkje koste all verden...). So vart eg litt ovarraske når alt saman kosta 400 kroner! Fire hundrer! Og der låg elegante ferdigsydde valmueraude gardiner for 300 i korga, akkurat med sånne ringar inne og alt.

Men arbeidsglede er også verdt noko!

torsdag 11. mars 2010

Passet bestilt og blautsesongen har byrja!

Eg trur fyrste regnet kom den 6. mars, natta mot søndag. Sidan har det regna her både tidt og ofte og snøen på gatene klumpa seg saman i motstrid. Felt er nakne og fjell spyttar isvatn på riksvegar. I Ulsteinvik, framfor lensmannkontoret ser det ut til at elva skal fløyme over om berre nokre timar.

Odelsguten vart fødd

"Det var derfor inga lite forventning sonesonen skulle fylle da han melde seg med harde veer den tiande mars på føremiddagen og heldt det gåande i tolv stive klokketimar før han endeleg kom ut. Det var berre bestefaren som visste at han var like storvaksen som sin fjerne slektning, felemakaren Lars Olsen Hoem i Kristiansund, som i si tid også på det næraste tok livet av sitt kjøtelege opphav. Så ofte vart historia om fødselen til sonesonen gjenfortalt at guten lenge var sikkert på at hann kunne hugse korleis han sjølv kom til verda. For han forstod det var verda han hadde komen til med det same han slo augo opp. Han ante rett nok ikkje kva han skulle der. Han mintest at jordmora kom med eit forskrekka rop da ho hadde vaska han og la han frå seg på bordet for å reive han: - Hjelpe og trøste: Eg trur han ser på meg!

Det augnekastet skulle koma sonesonen dyrt å stå, for i same stund var det avgjort at han var eit heilt uvanleg barn. Han var ein heimefødsel og ein odelsgut, og vart straks boren til vindauga for å sjå garden som skulle bli hans.

/.../

Mormora syntest ikkje dottera hadde gjort noko lykkeleg parti med å gifte seg til denne garden langt utanfor folkeskikken i ei vestlandsbygd. Dei kom frå Øyer i Gudbrandsdalen og hadde hatt elektrisk lys i førti år. Og her var det framleis slik at ein måtte kle av seg i mørkret."

Edvard Hoem "Heimlandet. Barndom" Forlaget Oktober A/S. Oslo, 1999.

onsdag 10. mars 2010

Sünnipäev sul jõudnud




Denne er kjend i Noreg som "Fager kveldssol smiler" sidan 1904, men originalt er det ein tysk song "Abend wird es wieder" frå 1837. I ein estisk landsby i Sibir har dei laga ein bursdagssong av det. Eg har alltid lurt på kvifor han er så vemodig.

Eg fekk høyre den norske sangen i foreininga i går, akkurat den dagen tre mine venner hadde fødesdag!

This is known in Norway as "Fager kveldssol smiler" since 1904, though it is originally a German song "Abend wird es wieder" from 1837. In an Estonian village in Sibiria, they have made a birthday song from it. I always wondered why it is so sad.

Fager kveldsol smiler (Abend wird es wieder)
Song. 1904
Av August Heinrich Hoffman von Fallersleben, til norsk Peter Hognestad

Fager kveldsol smiler
over heimen ned,
jord og himmel kviler
stilt i heilag fred.
Berre bekken brusar
frå det bratte fjell,
Høyr kor sterkt det susar
i den stille kveld!
Ingen kveld kan læra
bekken fred og ro,
ingi klokke bera
honom kvilebod.
Så mitt hjarta stundar,
bankande i barm,
til eg ein gong blundar
i Guds faderarm.

http://www.aasentunet.no/default.asp?menu=1149&id=2923

Abend wird es wieder

1. Abend wird es wieder,
Über Wald und Feld
Säuselt Frieden nieder
Und es ruht die Welt.

2. Nur der Bach ergießet
Sich am Felsen dort,
Und er braust und fließet
Immer, immer fort.

3. Und kein Abend bringet
Frieden ihm und Ruh,
Keine Glocke klinget
Ihm ein Rastlied zu.

4. So in deinem Streben
Bist, mein Herz, auch du:
Gott nur kann dir geben
Wahre Abendruh.


SÜNNIPÄEVALAUL

Sünnipäev Sul jõudnud
kallis eesti mees
:,:Ja kõik sõbrad tulnud
tervitama Sind.:,:

Tervist Sulle toome
meie südamest.
:,:Võta tervis vastu
sünnipäevalaps.:,:

Sellepärast, sõber,
ole rõõmus Sa,
:,:et Sa sünnipäeva
täna näha saad.:,:

Kingiks Sulle toome
meie sõpruse,
:,:võta kingid vastu
sünnipäevalaps.:,:

Siber 1991, Estonia küla


Tåtelling i sanitetsforeininga

Me var me EE på møtet i NKS (Norske Kvinners Sanitetsforeining). Eg spurde damene om reglar for fingre- og tåtelling. Det kom ikkje mykje nytt for fingrar (langetang pro langemann, tingeling pro guldbrand :)) men ganske rikeleg for tåa:

Lille tå, tå til, tille tå, Apelfrue, og den store skrubbehesten i skogen!

Lisje tå, tå tille, tilleros, Abbenfru, store gubbahesten ut i skojen! (uttale for skogen)

Stor tå, tåa mi, tellemua, hampafrua, (? og Litagokua)!

Store tå, tå til, tille rot, hampafru, Litago-ku!

Og ei søt til som I-L har laga sjølv:

Store tå, tå tille, tå fille, tå pille, tå lille!

Med stoltheit merka eg at det som ho IH hadde lært meg i fjor (ei regle frå Leinane) var ganske eineståande 'og samstundes at det liknar den andre:

Store tå, tå-me-til, til-le-ma-ros, Æppenfru og penso!





mandag 8. mars 2010

Rosinator

Det tok heile dagen, men eg vart ferdig med bollane! Dei fyrste som EG laga til GU i heile verdenshistorie. Kanelgiflar, eigentleg. Eg satt inn nokre handfull rosiner 'og, for å vere på den sikre sida. Og der kasta han toåringen seg over bollen, tok ei bolle og byrja OMHYGGELEG å preparere ut rosinene, putta dei i munnen og smuldra bollerester på tallerkenen. Da tok vi dei smulane, da. Vart meir for oss, me som ikkje bryr oss om torka druer so særleg meir (etter alle dei rosingrautane om morgonene)!

GU lærte i dag bokstaven O, som kan ja også minne litt på ei rosine. I all fall kjenn han det godt igjen!

torsdag 4. mars 2010

Mine tre bjørn frå 2. januar 2010

Eit avsnitt av lokal kyrkjehistorie

I frukost høyrde eg, at forrige presten her hadde fem søner. "Men da kom den store vendinga: neste prest, han har no fem døtrer."

Snøfolk

onsdag 3. mars 2010

Aasen: En sildebod i Bergen

En sildebod i Bergen:

Thi om endog Naturens Mangfoldighed og Skjønhed er noget, som mange Folk kun have liden Sands for, saa er der dog ialfald noget, som alle pleie at have Sands for, og det er Mad og Penge.

I stedet for de blanke "Sildereist", som hænge fast ved Klæderne paa alle Sider, venter man snart at faae blanke Sølvskillinger i Lommen; og hvad Tillokkelse disse klingende Tingester kunne have, er noget, som vi ikke behøve at fortælle.

Men takket være de nyere Tiders ivrige Stræen efter at opsøge alle Jordens Goder og gjøre dem tilgjængelige for alle Folk: der gives visse bekvemme Midler til varme en kuldsende Krop og opkvikke et søvnigt Hoved. Den saakaldte "Litle Svarte-Dropen", som man med et andet Navn kalder Kaffe,...

mandag 1. mars 2010

Mars med Hoem frå Karviland

Eg fekk boka frå AT, og spara det for mars, min favorittmåne. Ellers brukar eg lese noveller frå Ivan Bunin denne tida, sidan eg oppdaga honom i literatturtime i gymnas. Kunne ein nisse høyre meg og skaffe meg verkene hans hit, også? (Eg legg merke til at det finns ein nisse som trass slutten av juletida FORTSATT sniker sjokolade i skoa mine, til og med i dag!)

Men Hoem - ha-ha-haa :) Utruleg fint, tettskrive impulss-resultat-beskrivelse for mennesker og bygda. Tenkjer berre på han Lars som snytte karvilendingene lesetimane deira, slik at dei ikkje kunne verte haugianarar... oh-oh-oh-oo!

Dagens fangst: Svarteboka.

Pass på!

"Eg har mista ei nål på badgolvet, så pass på når du går der."
"Jaha. Eg skal passe på å ikkje skade meg."
"Vanvittig med nåler i skjortene, dei fell ut heile tida."
"Det er eit under at eg ikkje allereie har skada meg, altså."
"Ja. Kvar er saksa?"
"Eg veit ikkje. Trur ho ligg i senga ein stad."

søndag 28. februar 2010

Dagsbiletetur

Me hadde for å gå på ski i Leikongsetra, eg tok bilete på vegen dit. Da me kom fram, var det stappfullt med bilar der - eg talte 81, men kanskje det var 91 likevel. Denne dagen måtte alle gå på ski! Også vår vennefamilie på Leikong som køyrer med estisk hest og klappar ein estisk hund Mustu.

Me tok ei amme - og akepause på barnehageplassen og stod ansikt mot ansikt med sanninga at støvlar passar ikkje vår ski. So skituren vår betydde eigentleg ein biltur med ski på taket :) MEn det var greitt å ta bilete på vegen i byrjinga, utan tvil!

lørdag 27. februar 2010

Ball!

Eg tok med meg eldsteguten med til butikken, og då vi steig ut av bilen sa han brått "Ball!" Eg kika meg omkring, men såg ingen ball. "Nei, der er ingen ball her," sa eg, men han insisterte på at der var ein ball.

Då vi kom ut av butikken etter den lange handleturen (der han forsåvidt oppførte seg heilt eksemplarisk og holdt labbane unna all namm-nammen som eg la i vogna - til og med rosinene fekk ligge NESTEN heilt stille) sa han igjen "ball!"

Eg kika meg omkring på ny, og sonen peika litt på skrått oppover, over taket til butikken. Der skein fullmånen, stor og rund som ein ball.

torsdag 25. februar 2010

Årets andre utekaffe

Arabella i går

"Arabella, sjørøvarens datter" var filmen me såg på i går med GU. Ei song derifrå har plaga meg heile dagen:

Kes raha peab korjama,
see korjaku!
Kes kõhtu peab orjama,
see orjaku!
Kes sõimuta sureks, see
sõimaku!
Yht kõigi jaoks tahta on
võimatu!

Kven pengar må samle, må berre samle!
Kven magen må slave,
må berre slave!
Kven hadde døydd utan å kunne kjefte,
må berre kjefte!
Å ynskje det same for alle
er umogleg!

onsdag 24. februar 2010

Estisk Republikk 92 år!

Gratulerer oss alle med Wabariigi synnipäev! Også Mathiasdag og bededag (vert rekna slik: i veka etter fastelaven, på onsdag, dvs onsdagen etter Askeonsdagen). Also, til å unngå slangestikkar i sommaren burde man helst ikkje berøre noko skarpt i dag, ei nål t d.

Me var so utruleg effektive i dag, kanksje fordi det var so mykje nedbør og so rart, EE basja berre 2-3 gongar, det var so mykje kvile at eg vart nesten bekymra. Me leika fotball med GU og han talte etter meg: ük - kak! (üks-kaks-kolm, en-to-tre, med tre måtte man sparke), også fekk me byrja på ei hemmeligheit.

Men dagens fangst kjem frå bursdagskonserten: ei kor som heite "God natt, bror" (Hääd ööd, vend") og som sang om faderland "Vakker er han ikkje" (Ilus ta ei ole). Tårene fant sin veg ut også. Da sa han G: "Det er ikkje dét at du er deprimert, det er ja den sjølveste nasjonalsjela dykkar!"

Veldig fin song på ord av vår klassiker Juhan Liiv(som 1905 skreiv at "ein gong når tanke er fri, da vert og estiske rike til"), som forresten vart betrakta som ein sinnsjuk lyriker. Dikten beskriv Estland som eit tomt og ensformig landskap: eit flat beiteland med løer, litt av glissen skog ved sidan av; nokre bakkesider, små hus, bittesmå sauna (boliger, faktisk). Ikje ein gong ein innsjø er vakker under isen. Men alt land vert likevel so vakker og hellig i vinternatt, med millioner av stjerna høgt ovar det kvite silkeduket.

ILUS TA EI OLE
Juhan Liiv

Ilus ta ei ole:
lage heinamaa,
heinaküünid, kuhjad,
harva puudega.

Ilus ta ei ole:
kõrval karjamaa
kehvalt üle kaetud
harva metsaga.

Ilus ta ei ole:
mäeküljeke,
mõni vabatmaja,
mõni saunake.

Järv ei ole ilus
jääse katte all,
kuu ta üle valvab
talvel igaval.

Aga kõik see ilus,
pühaline ka
valge siidiriide -
härmatisega.

Siis on ta nii ilus,
ilus lõpmata:
tõusvad tema üle
tähed särama.

Talveööne hämar
miljon tähega -
siis sa oled ilus,
minu isamaa.

tirsdag 23. februar 2010

Eit yrande selskapsliv

Hadde eit hyggeleg besøk i middagssola, som letta dagen for meg og utvida grensene, slik at me kom oss avgarde og feira dagen med haifinnesuppe på Hareid, fekk svinga oss innom Ulsteinvik på returen kvar me fekk eit blad og ein enorm kopp kakao. Og attpåtil nådde me å møte dei venlege damene på sanitetsforeininga og vist fram han EE, snille guten vår. Den seine kvelden hadde endå eit overraskingsmøte. Eg og EE fekk skyss heim frå ho Monica, ettersom vår trufaste Peugeot rakk opp hjula over taket og var for trøytt til å reise heim.

Hareidmiddag var for å feire dagen eitt år sidan, når me satt i kinesosk restaurant i Fosnavåg, dvs. GU kraup på golvet og me var litt molefunkne for det me reiste til Eland dagen etter. Så i dag feira me det at me kan sitje i ein kinesisk restaurant utan å måtte seie farvel til kvarandre.

mandag 22. februar 2010

Årets fyrste utekaffi...

...med kjære mannen, midt på eit snøhaug på benken, framfor Walaker i Fosnavåg. Nydelege vårsola! Det var varmt å sitte, takka vere reinskinn som me lånte frå EE frå vogna hans. Snø, mjølkkaffi og svele. Og solamming for han kjære lisje EE!

(og på bordet oppdaga eg eit lavt tallerkentårn under snø. Dei må ha ligge der lenge, sidan snøen kom... før jul? Det har aldri før vore so snørik og LANG vinter før her, ikkje i eit menneskealder, seier nokre)

søndag 21. februar 2010

morsmålsdagen 21.02.2010

I dag hadde vi glede av barnepass og køyrde ut til Ivar Aasen tunet, kvar me fekk lytte på nokre fine dikt på Shetlands-dialekt. Det meste fekk han Gard å lytte på, sidan me med Enn var ganske lenge utanfor portane til den nydelege ord- og bileteverda. Det var rart å høyre på sånn ei skarp uttale av engelske og liksomnorske ord, norsssske ooR.

Diktet av moras bortgang på midtsommaren, korleis mora fylgde fuglar med augene, ut frå vindauget, og dei hadde eit ordlaust språk, mor og dattera. Eg såg på den vesle Enn, 3 månader gamal, som smilte åt meg og gurgla litt. Vi også har det, preverbal kommunikasjon :) og i livets ende, må skje, eit postverbalt språk, som eg vonar er det same.

The suddenness of flowers in June.

lørdag 20. februar 2010

Lukkaa, ho æ Fiskja lik

Ivar Aasen

Fiskarinn fær ut på Sjøn,
Seer paa Vikja, seer paa Bøn,
Kur hann treffe kann best frampaa Leite.
Itte Midaa hann rør,
Aa te Botna kjenn' han før,
Hann veit alle dei Skalla aa Veite.

Tænkje paa dæ rike Hav,
So so maangei Byrsle gav,
Paa denn flødand' aa fellande Lukke,
Paa Rikdom aa paa Magt
Aa paa Armod aa Foragt
Aa paa dei, so ti hinne maa sukke.

Lukkaa, ho æ Fiskja lik:
Naar ho vil, bli Manninn rik,
Naar ho vanta, forgjæves me stræve.
D' æ Synd ti denn so vil
Læggje Mod aa MAndom til
Aahev' inkje fyr' Alt kva han græve.

Sume felle Væra til,
Dei faa Alting so dei vil,
Kva dei ynskje, dæ verte dei give;
Dei ha maangeinn Hjelpesmann
Aa dei sjøle hjelpe kann;
Fyre Slik' a dæ Moro te live.

Sum' æ fødd i Fatigdom,
Ælst op ti ett usselt Rom,
Træla vekk sine friskaste Dage;
Om einn Heim dei se faa,
Vil dæ enda meir staa paa;
Dei faa altid sit Lass til aa drage.

Slikt kann Ingjinn rette paa,
So he gaatt aa so vil gaa
Fraa dei fysste til seinaste Tide.
D' æ godt, at Einkvann
vart einn lukkelege Mann,
So kann Sume ha godt til aa lide.

Denn, so æ mæ lite vand',
Æ fornøgde mæ si Stand.
Dær æ Von i ei viisle' Bestyring.
Naar Menneskjaa vil,
Kann ho store Ting aa faa til;
Dær æ Lagnad i Menneskjens Styring.

Denn, so he denn rette Art,
Æ fornøgde mæ sin Part
(Aa Fornøiels' æ grumaste Tingjinn),
Hann aavunda 'kje denn,
So fekk Tvo, naar hann fekk Einn,
Aa vanvyr' ikkje denn, so fekk Ingjinn.

Slikt aa meir hann tænkje paa,
Mæ hann seer ut paa dæ Blaa,
So i Djupa so maange Ting gjøime.
Naar Mund æ forbi,
Fær hann heim mæ sit Fiskri,
Aa sit Vaas aa si Møde hann gløime.

fredag 19. februar 2010

søknad om jobb (skriftleg produksjon)

Eg må bevise min norskkunnskap no om våren. Eg fekk akkurat ein eksempeltest. Den verste oppgåva nokonsinne for slik ein dagdrivar som meg er å stille seg opp som jobbsøkjar. Men kva slags jobb da??? Hallo, folkens, eg likar ikkje å lyge! Har ikkje funnet ein jobb som passar meg eller som eg passar til i heile livet mitt... eller...

SKRIFTLEG PRODUKSJON

OPPGÅVE A

Søknad om jobb i eit vikarbyrå

Dersom du ønskjer å jobbe i eit vikarbyrå, skriv du ein søknad der du mellom anna opplyser om kva type arbeid du søkjer, og kvifor du passar til dette arbeidet.
Skriv til punkta nedanfor. Skriv om lag 100 ord.

Kva type arbeid ønskjer du?
Reingjetar

Kvifor passar du til denne jobben?

Eg har erfaring med å trekke rein,
eg kan trekke dei båe frå horn og frå bein!
Til slaktninga er eg aldri for sein,
eg kan dunke med øks mot skallebein.

Når lyset skal slokne i reinskiljering
og vilt fer der rein i mørkret omkring
eg oppfør' meg aldri som noko tomsing
men klatrar på gjerde og ned igjen spring

straks augo kan sjå til å kaste eit slyng
rundt hornen til bukken, så glade eg syng:
no her eg vel trekke ein edel rein -
dens hjarto skal få min norske ven Svein*!

*Svein Lund, samisk-nynorsk forbilete mitt

Gard her har problem med den siste linja som bryter SVO-forma men eg ser ikkje noko problem her. Det er no klart at det er han Svein som skal få reinhjarta!

torsdag 18. februar 2010

Spysjuka

Då eg henta vår vesle ulv frå barnehagen, spurte barnehagetanta om det var slik at mamma var på jobb, kanskje?
"Nei, ho er heime med minstemann."
"Ah, dokke har eit spedbarn, stemmer det," svara barnehagetanta.
Den vesle jenta som no vart den siste til å verte henta i dag, skaut då inn, at "mammaen min har spysjuka, ho."
Og rett nok, så var det pappaen hennar som kom like etterpå.

tirsdag 16. februar 2010

Ikkje puss tennene med rennande vatn

Det var oppslaget på NRK. Ikkje at du ikkje skal pusse tennene dine, og ikkje at det gjeld heile landet - berre Oslo. Vi treng ein avklarande artikkel: Slik finn du ut om DITT vatn renn!