fredag 3. desember 2010

Beste setningar

I går prøvde ulven å gi veslebror eit par riskorn. Veslebror tok ikkje i mot korna sånn i byrjinga, så han snudde seg mot meg og sa "Titta vil ikke ha den!" Fem-ord-setning!

Då eg henta han på barnehagen i dag var han kjapp med å vise meg fram til nokre av barna. "Pappa min" sa han. Og når han ikkje fekk respons frå det andre barnet prøvde han igjen. "Sjå! Sjå! Pappa min!"

I dag var han òg svært så kjekk å legge. Sånn om vi ser bort frå at han meinte at han skulle ete, men når maten var servert, så åt han ingenting. Berre leika. Etter tre slike "Ete! Ete!"-rutiner var der ingen nåde, turen gjekk rett til badet, der han ikkje ville vere med på tannpussen. Så eg måtte berre ta han i armane som ein liten baby. Han stengte no ikkje akkurat munnen, da, så protestane var vel meir leik.

Han lot seg kle av og legge, sjølv om han heile tida protesterte. La seg ned i senga, lot meg legge dyna hans over. "Issi tuttu?" spurte han som vanleg. "Nei, issi må rydde. Men du kan no sove mens eg rydda." "Ja." "God natt!" Og for fyrste gong svara han "God natt!" Så eg prøvde vidare. "Elska dej!" Og tilbake frå senga kom eit stille "Elska dej!" Aaaah!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar