søndag 11. april 2010

Middagstid

"Middag!"
"Nei."
"Kom, du må ete."
"Nei."
GU har lagt seg ned på madrassa framfor DVD-skjermen.
"Men det er nam nam, vil du ikkje ha nam nam?"
"Nei."
"Vil du i det minste ha ein banan, da?"
"Nei."
"Yoghurt?"
"Nei."
"Skal du berre leve på luft og teiknefilm du, då?"
Ungen smiler lurt og nikkar. "Ja."

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar