søndag 21. november 2010

God natt!

Klokka er fire på morgonen. Den vesle ulven røyser seg brått opp, røskar i dyna så eg òg vaknar. Han er stille ei lita stund, så ser han ned på meg og seier "Issi!" Eg latar som eg søv, men til fånyttes. "Issi! Issi! Iiiissiiiii!"

"Mmm?" gryntar eg.

"Ej lika niff*)!"

"Ja, det veit eg."

Så er det stille ei lita stund til. "Issi?"

"Mmmm?"

"Ej lika fa'mo'! Ej lika fa'fa'! Ej lika niff! Ej lika brum brum! Ej lika muumipappa! Ej lika..." også heldt han fram i minst tre minutt med å ramse opp alt han lika.

"Eg veit, eg veit! Sove no. Eg lika sove."

Vi legg oss omsider til å sove, morgonen kjem, dagen går, det vert ny natt, og klokka vert fire på morgonen. Brått riv han av seg dyna og peikar bort i hjørnet av rommet. "Høne!" bryt han ut. "Ej lika høne!"

"Hæ? Høne?"

"Ej ha høne!"

"Vi har inga høne."

"Ej ha høne!"

"Herregud, vi har inga høne, legg deg til å sove!"

Men høne skal han ha. Han kravlar ut av senga og byrjar å flytte stolen som står i hjørnet. Eg skjønar ikkje kva han vil. "Herregud, Ulv! Kom og legg deg! Her er inga høne!"

Han ser på meg med eit overlegent blikk, som om han veit noko eg ikkje veit. Så byrjar han å springe omkring i leiligheita og roper "Høne! Høne! Kom høne!" Omsider kjem han fram til leikehuset sitt, slår på lyset, og byrjar å leike (les: flytte/kaste omkring alt som ikkje var høne - og vi har inga høne). Så kom han omsider attende til senga og la seg.

Neste morgon orkar eg ikkje å kome ut av senga, så kona tek seg av morgonstellet. Og det fyrste poden spør om er "Høne?"

"Kvar?" lurer kona på.

Han labbar bort til vindauget og peikar "Sjå høne!"

"Kvar er høna?"

Til svar peika han ned på nokre isklumpar på bakken.

Dagen går og det er sengetid igjen. No er det ikkje måte på kor mange leiker han skal ha med seg i senga. To-tre bilar, ein alligator, eit LED-"stearinlys" og ein bamse - så langt eg kan hugse. Eg mista liksom tellinga.

"Greit," seier eg. "Men la det no ligge på denne sida av senga. Eg har ikkje lyst til å få LED-lampen stikkande inn i ryggen igjen, slik han gjorde tre gongar sist natt." Dette var han samd om. Men ikkje heilt nøygd, for han hadde ikkje alt han ville ha med seg.

"Ej ha dinna!"

"Kva for noko?"

"Dinna! Ej ha dinna!"

"Dinna pinna - kva for ein 'dinna' er det du vil ha?"

Han brettar dyna til sida, og medan han klatrar ned frå senga høyrer eg eit anstrengt utbrot "Hællegud!" før han held fram til gangen og finn gravemaskina som han mangla. Denne plukkar han opp og tek med seg attende til senga. Eg visste ikkje om eg skulle le eller gråte. "Det har han lært av meg," fortel eg til kona.

Og frå senga kjem det igjen "Hællegud!" og eg svarar "God natt no, herlige gut!"

*) Niff er ordet han brukar for "Smurf"

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar