onsdag 10. mars 2010

Tåtelling i sanitetsforeininga

Me var me EE på møtet i NKS (Norske Kvinners Sanitetsforeining). Eg spurde damene om reglar for fingre- og tåtelling. Det kom ikkje mykje nytt for fingrar (langetang pro langemann, tingeling pro guldbrand :)) men ganske rikeleg for tåa:

Lille tå, tå til, tille tå, Apelfrue, og den store skrubbehesten i skogen!

Lisje tå, tå tille, tilleros, Abbenfru, store gubbahesten ut i skojen! (uttale for skogen)

Stor tå, tåa mi, tellemua, hampafrua, (? og Litagokua)!

Store tå, tå til, tille rot, hampafru, Litago-ku!

Og ei søt til som I-L har laga sjølv:

Store tå, tå tille, tå fille, tå pille, tå lille!

Med stoltheit merka eg at det som ho IH hadde lært meg i fjor (ei regle frå Leinane) var ganske eineståande 'og samstundes at det liknar den andre:

Store tå, tå-me-til, til-le-ma-ros, Æppenfru og penso!





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar