mandag 22. mars 2010

Ein dag so fyldig og lubne som spedbarns kinn

...og attpåtil vêr som er ein sjelden gjest her på verdenskanten - varm og stille. Me gjekk på "tur" i nærleiken av Halshøgdegata, dvs fotballbana, og møtte presten med kona. Dei går ofte tur, mens me går sjeldan, men me møtast nesten alle desse sjeldne gongar!

Hadde lyst å hilse på ho AH som eg ikkje hadde troffe ei god stund, og G-ane fylgde att i vegen. So vart me hjarteleg innbedne, og vips! hadde me vorte del av eit lite selskap. Og rart nok, so få menneskje som eg kjenner her, var eg no godt kjent med ho MS og ho BE, kona hans AE. Det var nesten i den dur som "å stikke innom og ha eit glas vin saman med vennene".

Men kvelden var skikkeleg "sumarnatt", fyrste slik i året, sånn at det berre kunne ferdast ute for eit kulde- og regntrøytt menneskevesen. Fekk so lust å brenne opp haugen med ugrass som eg samla frå blomebeddet tidlegare i dag, men det går vel ikkje an å gjere midt i bygda. Like som å setje opp eit bål og steikje potet i aska (o, gode minner frå bakhagen til Larsen-huset eller hytta vår). Men ja, jorda kallar, det er fint å ha det under neglene igjen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar