tirsdag 27. april 2010

Ammetåke; piimaudu

(Byrjar med parantes. Må berre skryte av dagen. Merkeleg, kor mykje godt av besøk, samtaler, rydding, reising, bål og attpåtil årets fyrste jänesekapsas, harekål, kan ein tysdag romme - og med ein sjukeleg ulv halve dagen er det noko å vere stolte av.)

Me fór til hytta, og like etter til vennene i Leikong me ikkje har sett på eit halvt år. Me beundra renoveringa av huset. Dei beundra gutane våre. GU drakk den umåteleg gode safta si og beundra eesti koer, estisk hund, mens han snakka til henne gjennom døra: "Mjau! Mjau!", og ho tok seg ikkje nær av det, enda ho er på størrelse av ein liten kalv.

Trur minstemannen undra seg over alt som skjedde rundt han. Omsider måtte me gå ein tur på badet. Det var på andre etasje, altså me måtte gå trappa opp. Når me var komne tilbake, slutta eg meg til samtalen for å stille nyfikenheita mi: "Kva som ligg på etasjen over oss? Loftet?" Vertinne byrja å ramse opp med soveromma, men då det vart nemnt "bad", skimta det noko kjent fram frå ordet og slo meg mot panna - "Det var ja der eg nettopp var!". "Ja, det er ammetåke, det," kom det frå sidelinja.

Men ikkje nok med det. Om kvelden ymta eg fram "min farfar på morssida" og sto på mitt fleire gongar før det gjekk opp for meg. Det var i badet. Eg såg at merkene på magen som eg fekk rett før fødselen vart no liksom krympa inn. "Det er mindre av bremsespora, som du sa." "Fartsstripene, sa eg", fekk eg til svar. "Det er no same ting likevel." "Nei, dei er stikk motsatt til kvarandre." Oeh.

Eg hadde i dag allereie lukkast med å gløyme foten min utanfør bildøra mens eg drog døra igjen. Det same gjentok seg ein time seinare, denne gongen klemra eg handa. Da fekk eg fornemmelse av at det kanskje ikkje er heilt dagen min når det gjeld teknikk og logikk. Jepp, men dagen var utmerka fin for det! Eg sakna ingen ting...

(Sluttar med parantes. For Svein: det var no igjen meg som skreiv, ikkje han som du ser i signaturen. Eg trudde ingen lurte på sånt :) Men sidan me faller under kategorien "dei to må vere eitt" er det vel fullt lov).

Päeva sõna: piimaudu
Täna jõudsime lõpuks mägionni. Ylased õitsevad ja jänesekapsas vohab! Tulpidel on nupukesed kohe-kohe lahti minemas.

Käisime ka sõbrul kylas yle poole aasta. Nad on vahepeal teinud majas ilusa remondi. Meie Ennuga pidime kesk vestlust minema trepist yles teisele korrale vannituppa. Tagasi joudnud, kysisin veel maja kohta, et oma uudishimu kustutada. See on ju yks nendest norra majadest, mis väljast on pisikesed ja kompaktsed kui kastanimuna, seest aga on kolme-neljakihilised pulmatordid (keldrikorrus on mäe sees). "Ja mis teil ylemisel korrusel on?", pärisin ikka yksikasjalikumalt. "Magamistuba, vannituba..." Oo, selles kõlas midagi tuttavat. "Ah, ma ju just tulen sealt!" pidin end vastu laupa lööma. "Jajah, see on lihtsalt piimaudu, juhtub imetavate emadega," naeris peremees.

Igatahes suutsin täna autosse istudes unustada uksest ripakile oma jala, mis end valusasti meelde tuletas, kui ukse kinni tõmbasin. Nagu sellest oleks vähe, kordus sama aisting tunnike hiljem, kui käe ukse vahele jätsin. Siis mõtlesin kyll, et täna ikka ei ole minu päev, vähemalt mis puudutab tehnikat või loogikat. Aga võta näpust (!), päev oli imeline ja ma ei tundud millestki puudust...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar