torsdag 25. mars 2010

Mariamesse

Denne dagen har vore eit milepæl mange år, midt i litt vemodige våren som spring fram med all sin ør venleik. Då har eg gjerne tatt ein tur langs Promenaden i Haapsalu, sett på dei gamle finsnikringane under taka og den blaute asfalten under føttene. Begge har hol som år etter år verte meir bøta på eller no - ved ny tid - kan hende at vert skifta ut heilt.

Eg har fått lese frå tre bøker i dag, det er sjeldan. Og det er heilt for meg sjølv.

onsdag 24. mars 2010

Gangen rydda!

Hugsar på ei lita avhandling om trappa som semiotisk betydeligaste rom, space, noko som skil og bind saman samstundes, oppe, nede, høgre, venstre og alt i mellom dei. Javel, dette betydelige krysspunktet vart ovarladda med søppel hos oss heilt til i går. Kanskje ikkje akkurat søppel men nødvendige ting og tang som eg ikkje hadde funne plass for i leiligheita enda.

No ser det nokonlunde fritt ut, sopass at man kan snu seg om og alt. Det var berre mogeleg fordi G tok eldstesonen med på jobb i går. Han vart forskrekka når dei kom heim att: ja, kva har det vorte av verktøy!? Vel, han spurde heller ikkje om potet, fyringsved, dusjstange, eit halvmontert glasbord (feil slags skruar), dvd-spelar (kan berre brukast med tv-appart som me ikkje eig), kassettespelar og enda ein slags spelar som eg ikkje kan setje namn på. Dei finns alle, fortsatt, og delvis utan eigen plass. Men dei ligg ialfall ikkje på trappa, noko som samstundes skil og forbind oss saman med verda ute.

tirsdag 23. mars 2010

Ein rituell iskrem med ein rituell badetur

Eg bestemte meg å feira våren i dag. Mens EE sat og lalla i bilstolen, kjøpte eg iskrem og for til Toftestøda, for å ta i mot våren med ein rituell måltid av mandeliskremen på steinane til kysten. Det var nydeleg badevêr, dvs det dryppa berre litt frå himmelstaket og var STILLE, so stille at ein kunne ta på det. Det regna på venstre sida av meg og var torr i høgre, noko so utruleg får eg oppleve her i verdaskrinsa fleire gongar per året!

So eg tok av meg dei lange støvlane mine og steig inn i vatnet. På plassen eg og GU har skylt labbane våre for moro skuld to sumrar i rad. Det var ikkje so kaldt i det hele tatt! Fjordvatnet er noko som aldri svik deg, når det gjeld temperaturen. Det ligg nesten på det same alle tider.

Eg følte ei bør av kleda på meg men letta det ikkje; eg var aleine. Sugde heller lufta so langt inn som berre kunne, og høyrde på den fuktige stillheita, sæl i hælane i saltvatnet.

mandag 22. mars 2010

Ein dag so fyldig og lubne som spedbarns kinn

...og attpåtil vêr som er ein sjelden gjest her på verdenskanten - varm og stille. Me gjekk på "tur" i nærleiken av Halshøgdegata, dvs fotballbana, og møtte presten med kona. Dei går ofte tur, mens me går sjeldan, men me møtast nesten alle desse sjeldne gongar!

Hadde lyst å hilse på ho AH som eg ikkje hadde troffe ei god stund, og G-ane fylgde att i vegen. So vart me hjarteleg innbedne, og vips! hadde me vorte del av eit lite selskap. Og rart nok, so få menneskje som eg kjenner her, var eg no godt kjent med ho MS og ho BE, kona hans AE. Det var nesten i den dur som "å stikke innom og ha eit glas vin saman med vennene".

Men kvelden var skikkeleg "sumarnatt", fyrste slik i året, sånn at det berre kunne ferdast ute for eit kulde- og regntrøytt menneskevesen. Fekk so lust å brenne opp haugen med ugrass som eg samla frå blomebeddet tidlegare i dag, men det går vel ikkje an å gjere midt i bygda. Like som å setje opp eit bål og steikje potet i aska (o, gode minner frå bakhagen til Larsen-huset eller hytta vår). Men ja, jorda kallar, det er fint å ha det under neglene igjen.

fredag 19. mars 2010

Ein vidunderleg dag; Kevadliblikas

I dag var den store 19.03., eg fylde 30 og samstundes har vore gift med han G 3 år. Me feira! Hadde også kaffi - Litle Svarte-Dropen - med næraste familia her. Det var so fine gåver og augenblink sjølve i gåvens verdi. No høyrer eg på Fratres av han Arvo Pärt, ein litt vemodig lengsel som mundar i stille håp og takksemd... som eg føler no midt i mellom all den kjærleiken eg har opplevd so tett på meg i dag og elles...

Blandt anna fekk eg eit dikt frå ho AR, som so fint har spela på flygel i vielsen vår; det heite "Vårsommarfugl en face":
Kevadliblikas otsevaates

Röömulill ei kasu kaugö
minu aknö pääl
Naarulill pliik varsti vällä
kardinöidö päält.

Häämiil tulö hällütämä
katö vihma vahel.
Naaratus ku petlik kevväi
lumöpilvi vahelt.

Mul om endä sisse kaia
rikka maja aknöst.
Mul om suurdö ilma kaia
umast väikust aknöst.

torsdag 18. mars 2010

Snøklokker i regn

Det er alltid eit spanande spørsmål om eg får snøklokker til 19. mars kvart år. Eg hadde no ikkje eit vagaste håp. Men det var nesten som ei hand har leia meg til Ullbutikken i dag, der eg såg ein liten bukett. Neimen, kvar kjem dei i frå? "Frå bakhagen, du kan gå og plukke der viss du vil, trur ikkje han landeigaren har noko å seie," svara den snille dama.

Eg plukka litt for oss og litt for ho JL, som kom på besøk. So hyggjeleg! Og fekk også snakke litt om Karviland der på butikken, og korleis det føles å selge lodd som unge til hus med store og ivrige hundar. Ho AT ga eit tips: sett blumar til kjøleskapet for natta, da held dei seg lengre. Det er so sjølvforstått men likevel vanskeleg å kome på det (lambist, "frå den reine lampa", heites det på estisk)! Det er liksom med tipset å gi ei brukt T-skjorte til babyen når du legger han til sengs utan deg, slik at han luktar deg likevel og har det roleg.


mandag 15. mars 2010

ei lita pakke

Eg fekk posta ei pakke til Storkfrøkenen.


Livet fora/u/ndrar oss i takt med eldstesonen

Ulveholet vert til...
Arbeidsprosessen har sine farar...

Nede: Jamvel han 2-åringen er flink til å kaste ball! Ballen havna på det høgste hyllet av veggseksjonen. Rett i MIDTEN av mine dyrebare greske vaser (kopiar) og ei Trondheimsdose (ekte). Det var ikkje ein millimeter feil. Alt eg høyrde var: klirrrrr (leir og porsellen)!!!

søndag 14. mars 2010

Appi! Hjelp!

Der er ei ganske enkel oppskrift for å få 2-åringen til å leggje seg i senga på dagtid. Kle han naken, legg han i senga og opne altandøra. Så kaldt som det vert, vert han liggande under den trygge, varme dyna. Og der sovnar han.

Så vart det til at der kom eit litt desperat "Appi! Appi!" frå soverommet. Eg lista meg inn for å sjekke kva som var på ferde. Guten kika opp på meg og sa "Pissi" (tisse).

"Må du pissile?" spurte eg og byrja å lyfte av dyna for å hjelpe stakaren. Der, allereie godt samankrøka for å halde varmen, krøka han seg endå meir saman. Og endå skjørare i stemma enn tidligare, får han såvidt fram sitt nye ynskje: "Kleeeeee..."

Kuidas saada yht väsinud kaheaastast inimesehakatist päeval voodisse magama? Selleks on olemas lihtne retsept: võta talt kõik riided ära, tõmba tekk peale ning ava rõduuks. Mida kylmemaks toaõhk muutub, seda kindlam võid olla, et ta sinna sooja teki alla ka jääb, selmet et mööda tuba ringi joosta. Ning seal ta uinubki.

Mõne aja pärast kostus yks mõnevõrra heitunud "Appi! Appi!" magamistoast. Hiilisin lähemale, et näha, mis toimub. Poisiklutt vaatas mulle otsa ning sõnas "pissi".

"Må du pissile?" kysisin ning hakkasin tekki pealt ära tõmbama, et vaesekest aidata. Seal tõmbus ta aga veel rohkem kerra kui ta juba teki all oli olnud. Ja veel hädisema häälega suutis ta vaevu esitada oma uue soovi: "Kleeeee (riided)...."

lørdag 13. mars 2010

Fri dag

G-ane var på Leikeland i Ålesund og eg med EE var fri å rydde heimen heile dagen, det føltes så godt utan matlaging og tidsgrensene. Til og med ei kake fekk plass i omnen, til sist når eg verkeleg byrja å sakne begge to.

Dagens fangst: har vaska bak og under sofaen. Forstå det den som kan!

fredag 12. mars 2010

Arbeidsglede

Eg såg lenge sidan på Sævik eit stoff for gardiner. Vi treng gardiner til sovestova, noko som er ugjennomsiktige. Det er litt gamaldags bomullty med valmueblomer, eg hugsar kor forelska eg var i min barndomsstove si valmue-gardiner, med raude, gule, blå (sic!) blomer på. Litt usikkert steig eg inn i butikken - det var fleire veker sidan eg såg tyet på tilbudsbord, 50 krone per meter. Det var fortsatt noko att, med 20 kroner per meter no. Det er klart eg vart so glad! Og tok rikeleg med ekstra-centimeter, til å få mønsteret å passe saman.

Når tyet vart utmåla, kom eg på spørsmålet viss det går an å ha sånne ringar inne, som gjer det so lett å gli dei fram og tilbake. Ja! Der finns noko som heite malje, på pakket står öljetter, og det er ja so enkelt... Berre litt stivingsstoff, to pakke med ringar, og tråd til (eg har eigentleg tråd, men denne bevegelsen av butikkdama var so rask og sjølvsagt med å velge trådet og legge det til, at eg ikkje rakk å tenkje ovar korvidt eg er sjølvforsynt med trådet eller ikkje - og trådet kan ja ikkje koste all verden...). So vart eg litt ovarraske når alt saman kosta 400 kroner! Fire hundrer! Og der låg elegante ferdigsydde valmueraude gardiner for 300 i korga, akkurat med sånne ringar inne og alt.

Men arbeidsglede er også verdt noko!

torsdag 11. mars 2010

Passet bestilt og blautsesongen har byrja!

Eg trur fyrste regnet kom den 6. mars, natta mot søndag. Sidan har det regna her både tidt og ofte og snøen på gatene klumpa seg saman i motstrid. Felt er nakne og fjell spyttar isvatn på riksvegar. I Ulsteinvik, framfor lensmannkontoret ser det ut til at elva skal fløyme over om berre nokre timar.

Odelsguten vart fødd

"Det var derfor inga lite forventning sonesonen skulle fylle da han melde seg med harde veer den tiande mars på føremiddagen og heldt det gåande i tolv stive klokketimar før han endeleg kom ut. Det var berre bestefaren som visste at han var like storvaksen som sin fjerne slektning, felemakaren Lars Olsen Hoem i Kristiansund, som i si tid også på det næraste tok livet av sitt kjøtelege opphav. Så ofte vart historia om fødselen til sonesonen gjenfortalt at guten lenge var sikkert på at hann kunne hugse korleis han sjølv kom til verda. For han forstod det var verda han hadde komen til med det same han slo augo opp. Han ante rett nok ikkje kva han skulle der. Han mintest at jordmora kom med eit forskrekka rop da ho hadde vaska han og la han frå seg på bordet for å reive han: - Hjelpe og trøste: Eg trur han ser på meg!

Det augnekastet skulle koma sonesonen dyrt å stå, for i same stund var det avgjort at han var eit heilt uvanleg barn. Han var ein heimefødsel og ein odelsgut, og vart straks boren til vindauga for å sjå garden som skulle bli hans.

/.../

Mormora syntest ikkje dottera hadde gjort noko lykkeleg parti med å gifte seg til denne garden langt utanfor folkeskikken i ei vestlandsbygd. Dei kom frå Øyer i Gudbrandsdalen og hadde hatt elektrisk lys i førti år. Og her var det framleis slik at ein måtte kle av seg i mørkret."

Edvard Hoem "Heimlandet. Barndom" Forlaget Oktober A/S. Oslo, 1999.

onsdag 10. mars 2010

Sünnipäev sul jõudnud




Denne er kjend i Noreg som "Fager kveldssol smiler" sidan 1904, men originalt er det ein tysk song "Abend wird es wieder" frå 1837. I ein estisk landsby i Sibir har dei laga ein bursdagssong av det. Eg har alltid lurt på kvifor han er så vemodig.

Eg fekk høyre den norske sangen i foreininga i går, akkurat den dagen tre mine venner hadde fødesdag!

This is known in Norway as "Fager kveldssol smiler" since 1904, though it is originally a German song "Abend wird es wieder" from 1837. In an Estonian village in Sibiria, they have made a birthday song from it. I always wondered why it is so sad.

Fager kveldsol smiler (Abend wird es wieder)
Song. 1904
Av August Heinrich Hoffman von Fallersleben, til norsk Peter Hognestad

Fager kveldsol smiler
over heimen ned,
jord og himmel kviler
stilt i heilag fred.
Berre bekken brusar
frå det bratte fjell,
Høyr kor sterkt det susar
i den stille kveld!
Ingen kveld kan læra
bekken fred og ro,
ingi klokke bera
honom kvilebod.
Så mitt hjarta stundar,
bankande i barm,
til eg ein gong blundar
i Guds faderarm.

http://www.aasentunet.no/default.asp?menu=1149&id=2923

Abend wird es wieder

1. Abend wird es wieder,
Über Wald und Feld
Säuselt Frieden nieder
Und es ruht die Welt.

2. Nur der Bach ergießet
Sich am Felsen dort,
Und er braust und fließet
Immer, immer fort.

3. Und kein Abend bringet
Frieden ihm und Ruh,
Keine Glocke klinget
Ihm ein Rastlied zu.

4. So in deinem Streben
Bist, mein Herz, auch du:
Gott nur kann dir geben
Wahre Abendruh.


SÜNNIPÄEVALAUL

Sünnipäev Sul jõudnud
kallis eesti mees
:,:Ja kõik sõbrad tulnud
tervitama Sind.:,:

Tervist Sulle toome
meie südamest.
:,:Võta tervis vastu
sünnipäevalaps.:,:

Sellepärast, sõber,
ole rõõmus Sa,
:,:et Sa sünnipäeva
täna näha saad.:,:

Kingiks Sulle toome
meie sõpruse,
:,:võta kingid vastu
sünnipäevalaps.:,:

Siber 1991, Estonia küla


Tåtelling i sanitetsforeininga

Me var me EE på møtet i NKS (Norske Kvinners Sanitetsforeining). Eg spurde damene om reglar for fingre- og tåtelling. Det kom ikkje mykje nytt for fingrar (langetang pro langemann, tingeling pro guldbrand :)) men ganske rikeleg for tåa:

Lille tå, tå til, tille tå, Apelfrue, og den store skrubbehesten i skogen!

Lisje tå, tå tille, tilleros, Abbenfru, store gubbahesten ut i skojen! (uttale for skogen)

Stor tå, tåa mi, tellemua, hampafrua, (? og Litagokua)!

Store tå, tå til, tille rot, hampafru, Litago-ku!

Og ei søt til som I-L har laga sjølv:

Store tå, tå tille, tå fille, tå pille, tå lille!

Med stoltheit merka eg at det som ho IH hadde lært meg i fjor (ei regle frå Leinane) var ganske eineståande 'og samstundes at det liknar den andre:

Store tå, tå-me-til, til-le-ma-ros, Æppenfru og penso!





mandag 8. mars 2010

Rosinator

Det tok heile dagen, men eg vart ferdig med bollane! Dei fyrste som EG laga til GU i heile verdenshistorie. Kanelgiflar, eigentleg. Eg satt inn nokre handfull rosiner 'og, for å vere på den sikre sida. Og der kasta han toåringen seg over bollen, tok ei bolle og byrja OMHYGGELEG å preparere ut rosinene, putta dei i munnen og smuldra bollerester på tallerkenen. Da tok vi dei smulane, da. Vart meir for oss, me som ikkje bryr oss om torka druer so særleg meir (etter alle dei rosingrautane om morgonene)!

GU lærte i dag bokstaven O, som kan ja også minne litt på ei rosine. I all fall kjenn han det godt igjen!

torsdag 4. mars 2010

Mine tre bjørn frå 2. januar 2010

Eit avsnitt av lokal kyrkjehistorie

I frukost høyrde eg, at forrige presten her hadde fem søner. "Men da kom den store vendinga: neste prest, han har no fem døtrer."

Snøfolk

onsdag 3. mars 2010

Aasen: En sildebod i Bergen

En sildebod i Bergen:

Thi om endog Naturens Mangfoldighed og Skjønhed er noget, som mange Folk kun have liden Sands for, saa er der dog ialfald noget, som alle pleie at have Sands for, og det er Mad og Penge.

I stedet for de blanke "Sildereist", som hænge fast ved Klæderne paa alle Sider, venter man snart at faae blanke Sølvskillinger i Lommen; og hvad Tillokkelse disse klingende Tingester kunne have, er noget, som vi ikke behøve at fortælle.

Men takket være de nyere Tiders ivrige Stræen efter at opsøge alle Jordens Goder og gjøre dem tilgjængelige for alle Folk: der gives visse bekvemme Midler til varme en kuldsende Krop og opkvikke et søvnigt Hoved. Den saakaldte "Litle Svarte-Dropen", som man med et andet Navn kalder Kaffe,...

mandag 1. mars 2010

Mars med Hoem frå Karviland

Eg fekk boka frå AT, og spara det for mars, min favorittmåne. Ellers brukar eg lese noveller frå Ivan Bunin denne tida, sidan eg oppdaga honom i literatturtime i gymnas. Kunne ein nisse høyre meg og skaffe meg verkene hans hit, også? (Eg legg merke til at det finns ein nisse som trass slutten av juletida FORTSATT sniker sjokolade i skoa mine, til og med i dag!)

Men Hoem - ha-ha-haa :) Utruleg fint, tettskrive impulss-resultat-beskrivelse for mennesker og bygda. Tenkjer berre på han Lars som snytte karvilendingene lesetimane deira, slik at dei ikkje kunne verte haugianarar... oh-oh-oh-oo!

Dagens fangst: Svarteboka.

Pass på!

"Eg har mista ei nål på badgolvet, så pass på når du går der."
"Jaha. Eg skal passe på å ikkje skade meg."
"Vanvittig med nåler i skjortene, dei fell ut heile tida."
"Det er eit under at eg ikkje allereie har skada meg, altså."
"Ja. Kvar er saksa?"
"Eg veit ikkje. Trur ho ligg i senga ein stad."