fredag 26. august 2011

Gjenføding

Ulven har klare tankar om gjenføding. Vi stod på altanen i 3. etg. og han måtte sjølvsagt prøve å klatre litt (utan hell) og trua med å kaste ned blomsterkassa medan han skraut av at han kunne hoppe høgt og langt frå altanen.

"Nei, hoppar du ned frå altanen, så døyr du."
"Då kjeme floge? Monge floge?"
"Ja, då kjem flogene og et deg opp."
"Då skal ej verte krokodille å ete opp flogene."

g

tirsdag 23. august 2011

Genetic spawn

Eg måtte oppdatere ein venn eg ikkje har skrive til så alt for lenge, men som eg likevel reknar som bestevenn.

Eg: Oh, and did I mention that our third genetic spawn is on its way?
Han: Only? Your cloning facilities leave much to be desired. At this rate, you'll take over the world in about 2,400 years.

g

lørdag 20. august 2011

Slange kan snakke

Vi var på loppemarked i dei Maritime Dagane i Gjerdsvika. Der såg vi eit barn som hadde kjøpt seg ein laaaaaaang grøn slange. Dette la sjølvsagt ulven merke til, og kommenterte det.

"Ho he slange."
"Ja, det har ho."
"Ej åkså he slange."
"He du?"
"Ja. Ej he liten slange. Slange kan snakke."
"Eg har høyrt om det, ja." (og då tenkjer eg stille til meg sjølv om ei bok kona har lese om dei forlokkande orda til slangen.)
"Men stor slange kan ikkje snakke. Berre liten."
"Å?" No vart eg litt forvirra. "Er det berre liten slange som kan snakke?"
"Ja."
"Kan ikkje stor slange snakke?"
"Nei," seier han med det vanlege toneleiet som fortel at mitt utsagn sjølvsagt må vere feil, og at eg må vere dum som ikkje forstår at stor slange ikkje kan snakke. "De e berre leike."

g

torsdag 18. august 2011

Må fikse.../PARANDAME ÄRA

GU: "Emme he beibi i magen"
G: "Ja"
GU: "Ho fekk låkt"
G: "For baby'en sparka"
GU: "Ja. De e'kje låv å sparke."
G: "Øh... nei... det er det vel ikkje."
GU: "Ja. Vi må fikse emme."
G: "Javel?"
GU: "Ja. Då trenge vi lim."
G: "Akkurat, ja."
GU: "Ja. Vi trenge lim, so værte det godt."
G: "Nettopp. Skal vi sjå om vi finn lim, då?"
GU: "Nei. Ikkje no. Emme må såve. Då værte ho godt."
G: "Ja. Det var god idé."
g

GU: Emmel on tita kõhus.
G: Jah.
GU: Emme sai haiget.
G: Sest tita siputab (norra k: "lõi jalga").
GU: Ja. Ei tohi lyya!
G: Oh...ei... ei tohi kyll.
GU: Jah. Me peame emme ära parandama.
G: Tõesti?
GU: Jah. Meil on vaja liimi.
G: Jah, tõepoolest.
GU: Jah. Meil on vaja liimi, sest siis saab terveks.
G: Täpselt nii. Kas hakkame liimi otsima?
GU: Ei. Mitte praegu. Emme peab magama. Siis ta saab terveks.
G: Jah. See on hea mõte.

g