fredag 19. juli 2013

Ej sa: graut!!!

Foreldre er ikkje berre minnesvake, men også gjennomgående skuffende vesen. Her bruker du energi på å fortelje dei eksplisitt kva du ynskjer, dvs rosinegraut, men det går berre ikkje inn...

Skapet er nokså tomt rett før reisa, so eg koka ris med melk og la til massevis av rosiner.
GU ser ned i potta og vert skuffa:

GU: Ej SA graut! Her er det berre ris! Ej sa ej ville ha graut!!!

k

Ej vil ha graut!

Emme: I dag ete vi müsli.
GU: Men ej vil ha graut!
Emme: Ka slags graut vil du ha da?
GU: Huska ikkje du? Den med rosiner!

k

Ej e pi ål!

GU: Ej e fem og halt år!
EE: Ej e pi ål!
GU: E du ti år?
EE: Nei! Ej e PI ål!
Emme: Du er tre år?
EE: Ej e pi ål!!!!!!

Issi: Han er 3,14159265358979323

k

torsdag 18. juli 2013

Ein time

Etter ein time på Xbox går tida ut.
Ulv: "Når får ej sjå film i dag?"
Issi: "Et frukost fyrst."
Ulv: "Hæ? Fe 'kje ej film i dag?"
Issi: "Du har nettopp sett ein time film. Et frukost!"
Ulv: "Uæææææ!"

Etter frukost og mottak av Ulv sitt skuleleksekontorbord, får ungane bruke maskina litt til.
Issi: "Ein time til."
Ulv: "So lite?"
Issi: "Vi revurderar om ein time."
Ulv: "Men de va en time vi hadde i stad."
Emme: "En time i mykje."
Ulv: "Hæ? E en time mykje tid?"
Issi: "Ja."
Ulv: "Jippiiii!!!"

g

mandag 1. juli 2013

I dag har det skjedd

At EE låste meg ut mens eg la LE i vogna for middagssøvn. Døra nede er uansett låst sidan kjellartrappa er eit farleg stup. Eg målte med augo meg sjølv og sannsynlegheita å presse meg mellom vaskeromsvindauget inn. Prøvde med døra for tiande gong og HELDIGVIS låste han EE døra opp att - trur ikkje han er heilt bevisst over systemet. Han hadde fått tak i kameraet og "tok bilde" og var so opptatt...

k