lørdag 27. november 2010

Fire-ord-setning

...eller skal ein rekna det som fem?

Ulven skulle absolutt ha knekkebrød. Eg smurte på og ba han setje seg ved bordet for å ete. Det gjorde han og proklamerte "Gall Ull liten fugl amen" før han byrja å ete.

onsdag 24. november 2010

Tante igjen!

I dag fekk eg vite at eg skal verte tante til eit lite nurk som vert fødd rundt jonsok!

Og det andre underet er at eg har ærend i teologifakulteten igjen.

Elles er det ei veke sidan Fakkeltoget i Herøy, og stemninga er fortsatt heit.

Også ei veke sidan ho Sz drog, ho som henta oss Fjelldronning-ost og lykke.

(Eit brev) eit hyggjeleg møte i går med Servicetorget-dame, eit spørsmål og eit forslag

Hei!

I går var eg nødt til å skifte bleie på eit småtroll heilt midt i Fosnavågen. Og sidan Kalimera gjekk konkurs, er det berre eit stellebord å nå i heile Våje-senteret. Og dette er ikkje lett å finne. Og når du omsider har funne pila til det (hadde høyrt rykte om at det finst i 2. etasje, så tok heisa opp, fant skilt kvar det sto "på 1. etg" og tok heisa ned igjen, på fyrste etasje stod det "i garasja" og tenkte; aldri! men likevel...) og du har trilla fram under jorda i litt skummel parkeringsplass, du ser på døra ei skilt "Boss" og likevel tører å opne den, ja, då kjem du fram til kundetoalett til Brygga. Og viss du då skulle oppdage at du absolutt manglar ein 5-kronersmynt i lommeboka di, tja, då er du like langt.

This incident happened to me yesterday og med eit skriketroll i vogna tok eg retning til Rådhuset. Har høyrt at ein satsar på folkevekst i kommunen.

Det var ingen stellebord der, enda der er rikeleg plass på dametoalettet og eg trur også handikapptoalettet (t d venstre frå døra?).

Eg rodde fram til Servicetorget og dei kunne no berre bekrefte dette.

Så skyvde eg saman to stolar i entreen, av typen svart-skinn-og-høge-armstøtter, og fekk eit ypperleg stellebord av dette. Mjuk og trygg! Faktisk beire enn noko som helst stellebord som kan kjøpast for pengar. Og ikkje berre det - det kom ei jente frå Servicetorget smilande til oss, blåste ut stearinlys bak ryggen min for sikkerheits skuld, og leika og tøysa med babyen slik at det var skikkeleg stas å få eit tørt sett for ungen og ekstra lett for meg å utføre handlinga.

Me stortrivdes der i går!

Konklusjon:
1) eg hadde tenkt å be om eit offentleg og gratis stellebord i Fosnavåg,
2) men etter denne erfaringa i går ser eg at det kanskje ikkje er slik nødvendigheit likevel, så lengje vi kan bruke desse gjestestolane og nyte vennligheit frå damene i Servicetorget attpåtil, og plukke opp ei pepparkake;

Så eitt spørsmål:
Treng ein eit offentleg og gratis stellebord i Fosnavåg eller gjeld det å vere kreativ når naturen kaller på dei aller minste av oss? Sånt skjer ja ofte. Snart tre år har eg gått rundt og lurt på dette.

Eg må leggje til eit kart over stellebord i Fosnavåg, slik eg kjenner til det:
Den einaste kafe som har det: Madelynn, ope mellom 11-17, stengt på mandagane og søndagane. Ein nydeleg plass.
Men ein kan vel ikkje berre marsjere inn i dette som einaste ærend.

Og det var det, i tillegg til Brygga !

I gangavstand finst det også Frivilligsentralen, som kan stille opp med sofa oppe for å kle av ungen, og toalett i kjellaren, men etterpå gjeld det å forlate plassen med ein gong i tilfelle du har eit småkryp (denne trappa øydelegger alt av aktivitetssjansene for småungar, rett og slett sperrar inngangen til alt som skjer der, t d Strikkekafeen - eit ytterst ekskluderande lokale).

Så er det kyrkja, som er aldri godt å vite opningstidene om anna enn søndagane med gudsstjenestar eller mandagane frå 10.30-12.30 (Mor og Barn). Eg har gått rundt til kyrkjekontoret og bedt spesifikt om lov for å bruke stellebordet, men døra til sjølve ammerommet kan vere låst og du må få nøkkelen, så kan hende du kryssar kyrkja innendørs med skrikarungen din tre gongar før du kjem til målet.

Og lengre bort er det Coop og Statoil på Eggesbønes, men det virkeleg er ikkje midt i Våjen meir når du trillar med vogna.

Så forslaget:
Det kunne jo vere eit offentleg og gratis stellebord i Rådhuset. Det er sentralt, er ope kvar virkedag, når den einaste sentrumskafeen og butikkane rundt er også opne.

Takk for at Du tok Deg tida for å lese gjennom dette slangelange brevet! Eg skriv til Deg fordi eg fekk vite frå Servicetorget at Du kanskje kan hjelpe når det gjeld Rådhuset.

Med vennleg helsing,
KTE

søndag 21. november 2010

God natt!

Klokka er fire på morgonen. Den vesle ulven røyser seg brått opp, røskar i dyna så eg òg vaknar. Han er stille ei lita stund, så ser han ned på meg og seier "Issi!" Eg latar som eg søv, men til fånyttes. "Issi! Issi! Iiiissiiiii!"

"Mmm?" gryntar eg.

"Ej lika niff*)!"

"Ja, det veit eg."

Så er det stille ei lita stund til. "Issi?"

"Mmmm?"

"Ej lika fa'mo'! Ej lika fa'fa'! Ej lika niff! Ej lika brum brum! Ej lika muumipappa! Ej lika..." også heldt han fram i minst tre minutt med å ramse opp alt han lika.

"Eg veit, eg veit! Sove no. Eg lika sove."

Vi legg oss omsider til å sove, morgonen kjem, dagen går, det vert ny natt, og klokka vert fire på morgonen. Brått riv han av seg dyna og peikar bort i hjørnet av rommet. "Høne!" bryt han ut. "Ej lika høne!"

"Hæ? Høne?"

"Ej ha høne!"

"Vi har inga høne."

"Ej ha høne!"

"Herregud, vi har inga høne, legg deg til å sove!"

Men høne skal han ha. Han kravlar ut av senga og byrjar å flytte stolen som står i hjørnet. Eg skjønar ikkje kva han vil. "Herregud, Ulv! Kom og legg deg! Her er inga høne!"

Han ser på meg med eit overlegent blikk, som om han veit noko eg ikkje veit. Så byrjar han å springe omkring i leiligheita og roper "Høne! Høne! Kom høne!" Omsider kjem han fram til leikehuset sitt, slår på lyset, og byrjar å leike (les: flytte/kaste omkring alt som ikkje var høne - og vi har inga høne). Så kom han omsider attende til senga og la seg.

Neste morgon orkar eg ikkje å kome ut av senga, så kona tek seg av morgonstellet. Og det fyrste poden spør om er "Høne?"

"Kvar?" lurer kona på.

Han labbar bort til vindauget og peikar "Sjå høne!"

"Kvar er høna?"

Til svar peika han ned på nokre isklumpar på bakken.

Dagen går og det er sengetid igjen. No er det ikkje måte på kor mange leiker han skal ha med seg i senga. To-tre bilar, ein alligator, eit LED-"stearinlys" og ein bamse - så langt eg kan hugse. Eg mista liksom tellinga.

"Greit," seier eg. "Men la det no ligge på denne sida av senga. Eg har ikkje lyst til å få LED-lampen stikkande inn i ryggen igjen, slik han gjorde tre gongar sist natt." Dette var han samd om. Men ikkje heilt nøygd, for han hadde ikkje alt han ville ha med seg.

"Ej ha dinna!"

"Kva for noko?"

"Dinna! Ej ha dinna!"

"Dinna pinna - kva for ein 'dinna' er det du vil ha?"

Han brettar dyna til sida, og medan han klatrar ned frå senga høyrer eg eit anstrengt utbrot "Hællegud!" før han held fram til gangen og finn gravemaskina som han mangla. Denne plukkar han opp og tek med seg attende til senga. Eg visste ikkje om eg skulle le eller gråte. "Det har han lært av meg," fortel eg til kona.

Og frå senga kjem det igjen "Hællegud!" og eg svarar "God natt no, herlige gut!"

*) Niff er ordet han brukar for "Smurf"

onsdag 10. november 2010

Seebimull! Såpeboble!

Den store favoritten til GU nå for tida erå blåse såpeboble. Og han seier det på estisk: seebimull. Eg finn det så artig! Og han store G sa: "Hadde menneskeheita visst beire, ville alle snakke estisk, sidan det er så søtt!" ;)

To gevinstar

For Runde sangkveld måtte me ta med to gevinstar, á 50 NOK.
Eg tova:
  1. tre hjartar på tråd, for å hengje på vindauget / under lampeskjermen
  2. ein hjarte-på-hjarte plus økologisk rooibuste.

torsdag 4. november 2010

Søppel

Eg tek av plasten rundt bærereima til det nye digitalkameraet.
"Ej ha"
"Ha kva?"
"Ej ha dinna!" Ulven peikar på plasten som eg held på å kaste i søppelbøtta.
"Med det er søppel."
"Ej lika søppel!"
"Hæ?"
"Ej lika søppel! Vårt søppel!"