mandag 31. mars 2014

Forelska tannpuss

Gutane skal no lære seg å pusse tanna sjølv. Så eg gir ein tannkost til kvar, men særleg pussing skjer ikkje av seg sjølv. Størstemann har dog ein knapp som av og til er moro å trykke på.

"Er du forelska i Isabella?"
"NEI!"
"Men du står så stille og greier ikkje pusse tanna di. Det må bety at du er forelska i Isabella."
"NEI!" Der fekk guten fart på seg. Har aldri før sett han vere SÅ bestemt i tannpussinga si.

g

YRGMEES / Urmannen - som pappa slik sonen