lørdag 12. februar 2011

Tyrkia

Vi stakk innom SSB spesifikt for å finne snitt- og medianbefolkninga av norske kommuner. Men tittelen Barn og unge med innvandringsbakgrunn lokka. Om den gratis posen med sild frå Vasstjuvane AS ikkje var nok, så fekk vi her ein ny statistisk fangst for dagen:


På side 82 finn SSB det for godt å framheve at dei har rekna Tyrkia med under Asia, ikkje under Vesteuropa. VEST? KVA har Tyrkia med Vesteuropa å gjere? Hæ? Riktignok er ein liten bit av Tyrkia i Europa, men den vestlege grensa går mot Hellas og Bulgaria. Bulgaria er rekna som som Aust- eller Sørausteuropa, og Hellas er plassert veldig langt aust til eigentleg å verte rekna som Vesteuropa. Faktisk går det meir under definisjonen av Søreuropa.

Opererer her SSB med definisjonen av Austeuropa som "Tidlegare Sovjetveldet"? Og i så fall, ligg Tyrkia lenger vest enn dette tidlegare Sovjetveldet?

Men dette overraskar vel ikkje dei som har fått vite at Israel er ein Europeisk stat:


g

Mista ned

"Issi! Ej he myst!"
"Hmmm? Ka du he myst?"
Ulven peikar nedover for å demonstrere. "Sånn! Ned."
"He du myst ned nåke?"
"Ja, ej he myst ned."
"Ka du he myst ned, da?"
Ulven pekar no oppover, og kikar same vegen. "Opp."
"He du myst ned opp?"
"Ja. Ej he myst ned opp."

fredag 11. februar 2011

Politikk 2

Ein treng ikkje å lese avisa for å få seg litt politikk til frukosten - sjølv om det er fredag og Vestlandsnytt-dag.

Vi hadde sloppe opp for yoghurt ("agurk") i kjøleskapet, så eg gav ulven ei gulrot. Denne falt ikkje heilt i smak til frukost. Han kasta gulrota ned trappa. "Greit, greit," seier eg. "Vi skal finne noko anna i butikken."

Framme til butikken, plukkar eg ulven ut av bilen og set han på skuldrane mine. "Ej vil ikkje!"
"Ka du ikkje vil?"
"Ej vil ikkje ha gulrot!"
"Nei, det e greit, de, vi skal kjøpe nåke anna."
"Ej vil ikkje ha gulrot, ej vil ha politikk!"

søndag 6. februar 2011

Politikken / POLIITIKA

I dag tidleg, rett før begge G-ane skulle ut til sine barnehager, kom dei til meg. Han store G kviskra til lisje GU. "Kva det var du ville seie til emme?" Etter ein anmodning til kom det:

"Politikken!"
"Ahah," undra eg meg over det nye ordet i barnets munn,
"kva med politikken da?"
"Ej vil ha den! Masse!"

Kanskje ikkje den verste tanken på samisk nasjonaldag frå munnen til ein som vart fødd i Guovdageaidnu.

k

****

Enne kui mõlemad G-d pidid uksest välja astuma, et jõuda kumbki oma lasteaeda, tulid nad veel minu juurde hyvasti jätma. "Mida sa pidid emmele ytlema?" sosistas suur G kukil istuvale väiksele. Peale veelkordset julgustust ytles GU selgelt ja kõlavalt norra keeli:

"Poliitika!"
"Ahah," imestasin pisut ootamatu, uhiuue sõna yle tema sõnavaras.
"Mis selle poliitikaga on siis?" kysisin täpsustuseks.
"Ma tahan seda! Massiliselt!"

Võib-olla isegi õige mõte saami rahvuspäeval Saamimaal syndinud mehepojal.