torsdag 11. mars 2010

Odelsguten vart fødd

"Det var derfor inga lite forventning sonesonen skulle fylle da han melde seg med harde veer den tiande mars på føremiddagen og heldt det gåande i tolv stive klokketimar før han endeleg kom ut. Det var berre bestefaren som visste at han var like storvaksen som sin fjerne slektning, felemakaren Lars Olsen Hoem i Kristiansund, som i si tid også på det næraste tok livet av sitt kjøtelege opphav. Så ofte vart historia om fødselen til sonesonen gjenfortalt at guten lenge var sikkert på at hann kunne hugse korleis han sjølv kom til verda. For han forstod det var verda han hadde komen til med det same han slo augo opp. Han ante rett nok ikkje kva han skulle der. Han mintest at jordmora kom med eit forskrekka rop da ho hadde vaska han og la han frå seg på bordet for å reive han: - Hjelpe og trøste: Eg trur han ser på meg!

Det augnekastet skulle koma sonesonen dyrt å stå, for i same stund var det avgjort at han var eit heilt uvanleg barn. Han var ein heimefødsel og ein odelsgut, og vart straks boren til vindauga for å sjå garden som skulle bli hans.

/.../

Mormora syntest ikkje dottera hadde gjort noko lykkeleg parti med å gifte seg til denne garden langt utanfor folkeskikken i ei vestlandsbygd. Dei kom frå Øyer i Gudbrandsdalen og hadde hatt elektrisk lys i førti år. Og her var det framleis slik at ein måtte kle av seg i mørkret."

Edvard Hoem "Heimlandet. Barndom" Forlaget Oktober A/S. Oslo, 1999.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar