onsdag 29. februar 2012

Lennart 4 mnd i dag - 29.02.12

So heldige me er! Ikkje minst for at det er skuddår slik at et går an å feire det!

No e lisjekari trøytt av daje.

Det er også min fyrste gong å ta bilete med eee-en. Herre min katt at eg ikkje spurde tidlegare!

k





tirsdag 21. februar 2012

Feitetirsdag - feitt, utan særleg kjøtt

Eg trur at eg i dag har laga meir mat enn i heile mitt liv samanlagt. Det byrja med at eg laga gjerdeig for bollar i går. Eg hadde inga melk so eg brukte berre litt meir smør og ein skvett fløte. Eg avskyr all nøysom måling fordi det fungerar aldri med meg - eg set alltid noko ekstra til som krev igjen litt av alt anna ekstra igjen... og kva er vitsen med å måle når eg ikkje har oppskrift-emna likevel? Lett som ingenting kom det bollar ut av det! So prøvde eg lykka ein gong til i dag, etter oppskrift. Med same resultat. Det er rart fordi eg hugsar kor mykje slit det var å heve deigen hundre gongar og knø slik at knoklane knakar... Eller er det fordi eg var ung og tida gjekk mykje saktare, nevane var mjukare og tolmodet kortare. Og det var vanskeleg å smake deigen i smyg utan at det fór saman.

For fyrste gong i livet mitt laga eg kålrullar - kapsarullid. "Are they supposed to look like this?" kommenterte venen Martti på Fjeseloggen på biletet. Herre min hatt, det var sjølvsagt ein rett med "modifikasjonar", med bønner og raud saus i kålen i staden for kjøttdeig og ris som fylling. Man tager det man haver, slik vart det også denne gongen. Og ut av to oppskriftar som eg fant om kapsarullid var den eine umogeleg og den andre rett uforståeleg når det gjalt sausen oppå... Men det FAKTISK smaka godt. Og eg sa til han G i førehand, i tilfelle han skulle gløyme seg, at han har ingen annen veg enn å skryte av det deilige maten fordi eg skal vere motivert å lage mat i utgangspunktet og skal øve meg sakte fram dei neste tiåra me skal bu saman. Og han var vel snill og svara at det er ein ekte "pappa-mat" fordi i fylgje "Vaffelhjarta" brukar man pappaer for å konsumere kokt kål. Og det smaka bra attpåtil.

Kålen kokte eg i går - ein skulle koke eitt middelsstort kålhaud opp-ned, dvs stilken opp, slik at blada held seg fint saman. Men kålen vår likte seg best på sida. Ut av kål-krafta laga eg ei uforventa suppe. An unexpected soup som plan B fordi eg rakk ikkje å lage ferdig kålrullane i tide (fyrst koke eit heilt hovud, så rulle dei saman rundt fyllet, surre tråden rundt, steikje på panna, leggje inn i eldfast form og steikje 40-50 minutt i omnen, samt lage saus). Og fordi eg ikkje hadde noko "ekte" fylling til kålen, kokte eg også våra siste fire poteter og to gulrøtter i håp om å mose dei også inni saman med bønner og kjøttdeig-saus (som var overs frå dagen før når me hadde spaghetti). Men klokka vart middag so raskt! Etter at eg tok ut kålen, rota dei stakkarslege røttene symjande rundt omkring i panna, så kutta eg litt kål tilbake, satt inn ei lita, men kraftig sigarpølse frå Pølsemannen, samt litt smør og kalla det alt for ei suppe. Det vart uansett litt bollar dei fekk etterpå, dvs ungane.

Så hadde eg i dag også den plan-B-suppa som eg måtte foredle på eitt eller anna vis for å gjere det litt meir som eit måltid. Smør, smør, smør, er alltid svaret, spesielt når egg ikkje er lov. Eg tok og freste brødterningar i saltsmøret på panna for å leggje i suppa rett før servering, men er utruleg mettande å knaske på for seg sjølv. Sidan eg måtte vaske panna som hadde lidd under eggsteikjing (og G hevder at han er allergisk for egg) streifa det haudet mitt å lage karamellkissell - karamellsuppe - som eg heller ikkje har laga før, men eg måtte ikkje ta for gitt at LE skal søve så lengje. Og me hadde vel fortsatt fastelavensbollar (estiske er med krem under "taket", dei norske har ein grop i sjølve bollen sånn at der er ekstra mykje krem, gjerne med syltetøy).  Til denne tida når G+GU kom heim hadde også bolledeiga heva seg oppå veggseksjonen i godt selskap av nokre leikebilar, hoppetau, kikkert, lommelykt og ei litt øydelagt bursdagskrone. Eg tok litt av deigen og laga lokk på suppeskålene. Eg har aldri gjort det før men har gode minner frå ein russisk eteplass (eksotisk, med det notoriske namnet "Rasputin") i Tartu der det var slike vidunderlege kjøttsupper i leirbollar, med steikte brødtak på. Eg treng eldfaste fargelause skåler for omn, fant eg ut. Men dei må ikkje vere gjort i Kina. (Det andre kjøkenreiskapet som er naudsynt er kjøtthammar, frå metall. Har eg i det heile sett det til salgs? Slik treng ein for å lage kålrullar og. Nesten kriminelt...)

Alt i alt - spør G om effekten. Eg er ingen naturgåva kokk, og attpåtil avskyr eg målinga, so det kan ikkje vere enkelt med meg som kokk. Men eg synest det var stas å servere fyrst kålrullar (som er litt styr å lage og ser spanande ut med bomullstråden rundt seg), så ei overbaka suppe (som hadde fått også løk  i seg) og deretter ferske fastelavensbollar rett frå omnen. G laga vår erstatningskaffe medan dei heiv seg på plata. Eg er ekstra stolt over meg fordi det meste eigentleg bestod av restar. Det er elles so synd å kaste mat. Og maten VAR god fordi sjølve kjerna - den spaghetti-sausen - hadde G laga. Det var vel utgangspunktet til alt - kva lagar du for ei familie på fem når du nesten ikkje har noko saus att, men har fire poteter, nokre gullrøtter, ingen ris, skremande minner frå raud-saus-og-spaghetti-gleda til 2- og 4åringen og tilfeldigvis eit kålhaud.

I etterkant oppdaga eg også ein kålrabbe... så vert det kålrabistappe som utgangspunkt neste gong.

k

lørdag 11. februar 2012

tirsdag 7. februar 2012

søndag 5. februar 2012

Huska du då ej va baby?

Ulven ser på lisjebror som ligg i bilkrybba, strategisk plassert framom tilhengaren i kjøkenet. Han snakkar om at han skal ha sånn stol sjølv, ein stor ein, og at han skulle byggje denne sjølv, og eg skulle hjelpe han.

"Du? Issi? Huska du då ej va bæibi?"
"Åhåh! Ja, DET hugsar eg."
"Ej åkså. Eg brokte å læike inni magen til emme. Åkså kom ej ut ijenn."
"Ja, det stemmer, det," tenkjer eg, og lurer litt på kva han meiner med 'igjen'. På veg ut av kjøkenet kommenterer han bilkrybba igjen.
"Ej skal ha en sånn. Den skal ej ta me mej."
"Skal du ta han med deg?"
"Ja. Inni magen til emme. Då kan ej køyre bil inni magen til emme."

g

No søve me trygt

Fordi Ulven beskyttar oss mot troll. Dei bur oppi fjellet.

"Når trollet kjem og spise deg opp, so skal ej låne sverdet til kaptein Sabeltann og stikke - sånn!"

Håper at han veit korleis trollet sin fordøyelse og ellers heile greia fungerer. Sånt lærer ein vel i barnehage, ikkje sant? For å møte livet?

(Kaptein Sabeltann er ikkje hans fyrste valg elles, men sansynlegvis er han beire utrysta enn desse fancy-fancy bilane som snakkar).

k

E'kje de de eine, so e de hit.

Vi er sjuke, på omgang og samstundes og rundt og rundt og rundt. Kjerringja er dauv (ein isbre av slim mellom øyrene som glirrrrrr sakte frå eine sida til den andre kvar gong ho snur seg), husbonden må snakka målretta, sakte, tydeleg og med ropert medan han skrapar på eksemen sin og forbannar den kalde lufta enda vi brukar berre ni dagar pr gassflaske. Feberen hoppar mellom alle familiemedlemmane på omgang og samstundes. Og prøvar vi for ein gongs skuld å muntre oss opp - som i dag - vert vi berre sjukare igjen.

Men minstemannen på 3 mnd smilar fordi han KAN og ikkje har lært seg å vere håplaus her i livet.