tirsdag 23. mars 2010

Ein rituell iskrem med ein rituell badetur

Eg bestemte meg å feira våren i dag. Mens EE sat og lalla i bilstolen, kjøpte eg iskrem og for til Toftestøda, for å ta i mot våren med ein rituell måltid av mandeliskremen på steinane til kysten. Det var nydeleg badevêr, dvs det dryppa berre litt frå himmelstaket og var STILLE, so stille at ein kunne ta på det. Det regna på venstre sida av meg og var torr i høgre, noko so utruleg får eg oppleve her i verdaskrinsa fleire gongar per året!

So eg tok av meg dei lange støvlane mine og steig inn i vatnet. På plassen eg og GU har skylt labbane våre for moro skuld to sumrar i rad. Det var ikkje so kaldt i det hele tatt! Fjordvatnet er noko som aldri svik deg, når det gjeld temperaturen. Det ligg nesten på det same alle tider.

Eg følte ei bør av kleda på meg men letta det ikkje; eg var aleine. Sugde heller lufta so langt inn som berre kunne, og høyrde på den fuktige stillheita, sæl i hælane i saltvatnet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar