torsdag 23. mai 2013

Altfor dyr

Gard Ulv har laga ein ring frå kappelaustilken som han gir til Malin.
GU: "Her, Malin! Ej laga dej ein ring! Den er ALTFOR DYR! Når du ødelegger det so laga ej ein ny for dej!"

k

søndag 12. mai 2013

Mammadagen


Lennart et boss

GU: Lennart lika å ete boss!
Emme: Virkeleg?
GU: Ja, han lika å ete småleiker, småboss og tiss og bæsj!
Emme: Han ete ikkje tiss og bæsj!
GU: Koffår?

k

fredag 10. mai 2013

Brannsong

Vi vil gjerne at Ulv skal kunne nokre songar til 17. mai. Men dei vanlege songane har han absolutt ikkje sansen for. Og medan han den siste månaden har hatt stor interesse for å lytte på Bon Jovi / It's my life, vil han no at vi skal lære han å synge "brannsongen" - altså M.A.R.R.S / Pump up the volume. Han har ikkje sett videoen enno, berre høyrt musikken på bilstereoen, men vi er sikre på at han vil elske videoen.

g

Magisk tann

Ulv: Tannlegen seier at når eg bit, så blør tanna inni.
Issi: Å? Er det sånn det fungerer?
Ulv: Ja. Men veit du ka? Ej ha magisk tann. Tanna mi blør ikkje inni, veit du kaffor?
Issi: Nei. Kaffor det?
Ulv: Forde tanna mi he PISTOL. Å den skyte blodet, å då går blodet vekk, å då e der ikkje blod. Å veit du ka anna tanna mi kan gjere?
Issi: Ka meir?
Ulv: Tanna mi he brannpistol! Å då skyte den ut sånn! (Viser med fingrane korleis elden kjem ut av munnen.) Woooaah! Sånn! Å då brenne det!

g

lørdag 4. mai 2013

Vi skal laga gaffel i dag

Emme: Vi skal laga vafler i dag. (Sa eg virkelig "vaffel"???)

GU: Sa du vi skal laga gaffel i dag?

Issi: Korleis laga du gaffel da, GU?

GU: Det er enkelt!!! Fyrst kjøpe vi is og slikkar den, so teke vi ispinnen og so berre... berre... hm... so teke vi stikkebuske og teke vekk stikkane og lima og lima og lima (på pinnen). Var det lurt?

k