fredag 31. desember 2010

Årets siste dag, livets begge ender

Året 2010 var det fyrste leveåret til EE, og det siste til faren min. Han døde akkurat den dagen han EE fylte 9 månader.

Livet bretta seg ut framfor meg med begge endane sine, og eg har fått fornemmelse av det å vere sped ut på alle måtar.

Det sterkaste kjennteiknet til dei begge som har vore nær grensa på begge sider er: lyst på livet. Ei hemningslaus livslyst. Det virkar som det faktisk brenn lysast når ein befinner seg i begge livets ender.

k

fredag 17. desember 2010

Han kjem!

Far vart sjuk. Og på morgonen orka han ikkje å køyre ulven til barnehage. Så kom neste dag, og mykje soving var naudsynt. Vi kom oss seint opp og tok lunsjen heime. Så skulle far vitje fafa og slappe av på sofaen der. Ulven skulle leverast på barnehagen, så han fekk i alle fall eit par timar saman med dei andre barna.

Då dei kom, fekk vi vite at bestekameraten allereie visste at det ikkje var Ulv som var sjuk. Heile dagen hadde han vore skråsikker i si sak. "Han er ikkje sjuk, han kjem, han kjem," hadde han fortalt barnehagetantene. Og jammen hadde han rett!

GU ser sin fyrste julenisse / ESIMENE PÄKAPIKK

mandag 13. desember 2010

Solnedgang

(Brev til Vestlandsnytt)

På tur i Volda kom vi over denne herlege solnedgangen på utstillinga til Anders Finnøy. Då vi såg dette biletet tenkte vi straks på lesarbileta i Vestlandsnytt: mon tru om ein ser skilnaden mellom Skaparen sitt mesterverk og i kunstnarens skaparverk på avissida?

Vi har hyggjelege minner av møtet med hr Finnøy og oppmodar gjerne folk å ta seg ei nydeleg kvile- og tenkjepause på utstillinga midt i julehandelen.


K og E saman med kunstnaren Anders Finnøy.

K sitt favorittbilete i utstillinga.
(Alle bilete gjengitt med løyve frå kunstnaren)

søndag 12. desember 2010

NUNNU

Gard Ulv on homme täpselt 3 aastat ja 1 kuu vana. Päris synnipäeval kysisin ta käest eesti keeles: "Kui vana sa oled?" "Tlee ool!" (tre år) ning näitas uhkelt sõrmedel. Siis mulle torkas midagi pähe ja kysisin veel: "Mis su nimi on?" "Tlee ool!"

Ja tuleb nii välja, et ehkki ta oskab eesti keeles ilusti seletada, mida ta parajasti tahab või mitte, ei olnud ta kohanud kysimust "Mis su nimi on?" emakeeles.

Nyyd me siis natuke harjutame :)
Näiteks täna näitasin Ennule ja kysisin: "Mis ta nimi on?"
"Tita!"
"Jaa, ta on väike tita, aga tal on nimi ka. Mis ta nimi on?"
"Tita!"
"Ta nimi on Enn; Ennu-nunnu!"
"Ennu... nunnu."
"Aga mis sinu nimi on?"
"Gall Ull... nunnu!"

Ja mitu tundi hiljem ytles ta lihtsalt lambist, kõndides yle toa: "Emme e nunnu... også!"
:)

fredag 3. desember 2010

Beste setningar

I går prøvde ulven å gi veslebror eit par riskorn. Veslebror tok ikkje i mot korna sånn i byrjinga, så han snudde seg mot meg og sa "Titta vil ikke ha den!" Fem-ord-setning!

Då eg henta han på barnehagen i dag var han kjapp med å vise meg fram til nokre av barna. "Pappa min" sa han. Og når han ikkje fekk respons frå det andre barnet prøvde han igjen. "Sjå! Sjå! Pappa min!"

I dag var han òg svært så kjekk å legge. Sånn om vi ser bort frå at han meinte at han skulle ete, men når maten var servert, så åt han ingenting. Berre leika. Etter tre slike "Ete! Ete!"-rutiner var der ingen nåde, turen gjekk rett til badet, der han ikkje ville vere med på tannpussen. Så eg måtte berre ta han i armane som ein liten baby. Han stengte no ikkje akkurat munnen, da, så protestane var vel meir leik.

Han lot seg kle av og legge, sjølv om han heile tida protesterte. La seg ned i senga, lot meg legge dyna hans over. "Issi tuttu?" spurte han som vanleg. "Nei, issi må rydde. Men du kan no sove mens eg rydda." "Ja." "God natt!" Og for fyrste gong svara han "God natt!" Så eg prøvde vidare. "Elska dej!" Og tilbake frå senga kom eit stille "Elska dej!" Aaaah!