fredag 12. mars 2010

Arbeidsglede

Eg såg lenge sidan på Sævik eit stoff for gardiner. Vi treng gardiner til sovestova, noko som er ugjennomsiktige. Det er litt gamaldags bomullty med valmueblomer, eg hugsar kor forelska eg var i min barndomsstove si valmue-gardiner, med raude, gule, blå (sic!) blomer på. Litt usikkert steig eg inn i butikken - det var fleire veker sidan eg såg tyet på tilbudsbord, 50 krone per meter. Det var fortsatt noko att, med 20 kroner per meter no. Det er klart eg vart so glad! Og tok rikeleg med ekstra-centimeter, til å få mønsteret å passe saman.

Når tyet vart utmåla, kom eg på spørsmålet viss det går an å ha sånne ringar inne, som gjer det so lett å gli dei fram og tilbake. Ja! Der finns noko som heite malje, på pakket står öljetter, og det er ja so enkelt... Berre litt stivingsstoff, to pakke med ringar, og tråd til (eg har eigentleg tråd, men denne bevegelsen av butikkdama var so rask og sjølvsagt med å velge trådet og legge det til, at eg ikkje rakk å tenkje ovar korvidt eg er sjølvforsynt med trådet eller ikkje - og trådet kan ja ikkje koste all verden...). So vart eg litt ovarraske når alt saman kosta 400 kroner! Fire hundrer! Og der låg elegante ferdigsydde valmueraude gardiner for 300 i korga, akkurat med sånne ringar inne og alt.

Men arbeidsglede er også verdt noko!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar