fredag 1. oktober 2010

Eg er så glad!

Eg har struggla heile veke med å sende ei gratulasjon til ei veninne som fekk sin andre unge. Han vesle Karl Hendrik fyller 1 veke i dag, og EG FEKK DET TIL for fyrste gong i livet mitt - sendte blomar via internett. riktig nok kom eg berre borti 2 web-selgarar med noko enormt prisforkjel, og sendinga vart ikkje med noko særleg kort eller finare blomevalg; men minst var det mogleg! Så sendte eg blomar til han og til ei splitter ny jentunge - Tuuli - som fyller 1 månad i morgon. Oh, så godt det følast! Og attpåtil tok ei tredje veninne telefonen og eg kunne gratulere henne med 1-årsdagen til dattera, ho Alina.

Også fekk eg eit trøstebrev i dag tidleg frå ei veninne.

Det er så godt å føle at der er folk rundt meg, enda eg berre har sporiadisk kontakt med dei, kanskje 2-3 gongar i året.

Han vesle EE har herja gledeleg på golvet heile tida, og eg lag merke til at han kryp faktisk no på alle fire. Det skjer mindre og mindre at han åla seg fram på magen. Men fortsatt ingen tann - han verte vel 11 månad snart. Godt for meg - han er så liten, søt og alldeles babyaktig slik.

Eg likar ideen med disse mor-barn bukettar: http://www.lillepood.ee/index.php?lang=0&cmd=show&kat=1&cat=12


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar