lørdag 23. juli 2011

Pappa sine gener

GU er sjølv på ferie med fammo-faffa. Men me må kjøpe ei bilsete til. Eg tenkjer det er lurt å kjøpe eit nytt sete til våre eldste.

K: "Ja, kor tung er han GU no? 20 kg? Sikkert ikkje."

G: "He han mine gena, så verte han ikkje 20 kg før han går i andreklassa. Eg var 19 kg då eg bjønte på barneskulen."

Så er det å rekna med at GU fortsatt er 14 kg (3,5 år) og me må kjøpe eit identisk sete til broren. Som riktignok også har pappa sine gener og fortsatt er langt under den 13 kg grensa som vert sett som øverstetall til babykrybba vår i bilen. Men beina er så lange...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar