søndag 3. juli 2011

Det var mannen

Eg hadde nettopp stoppa utanfor huset til famo og fafa for å hente ulven, då fafa kjem valsande ut døra. "Hei," roper eg til han, og får straks ei historie tilbake om at ulven hadde kasta lommeboka til famo ned frå altanen.

På veg heim, kom det litt spakt frå karen i baksetet. "Famo he 'kje pænga?"
"Nei, når nokon kastar lommeboka ned frå altanen, så har har ho ikkje pengar."
"De' va 'kje ej!"
"Der var to vitner: Famo og fafa såg deg gjere det."
"De' va 'kje ej!" Så tok han ei lita tankepause. "De' va mannen."
"Kva for ein mann?"
"Mannen kom og tok lommeboka."
"Der kom ein mann og tok lommeboka til famo?"
"Ja. Ej skreme han - UÆÆÆÆ!" Han gjer grimaser og viser klør. "Sånn."
"Så du skremte bort mannen?"
"Ja. Politibil må ta na å skyte na."
"Oi! Skal dei skyte mannen som tok lommeboka?"
"Ja."

Så vart det stille ei stund. Vi kjem omsider heim, og eg parkerer framom døra. Ulven virkar litt bekymra og litt letta.

"Politibil skal ikke ta mej?"
"Nei. Politibil er ute for å skyte mannen."
"Politibil he ikke pang pang."
"Å? Kva har politibilen, då?"
"Hoppetau."

Middag. Tannpuss. Spøkelseshistorie. Sove.

g

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar