søndag 11. mars 2012

Den fyrste sundagen i Estland

Eg møtte opp i kyrkja i Kõmsi, saman med Lennart. Og utgjorde 50 % av sangkoret i liturgien. Eg opptredde som blandakor, dvs blanda inn alle umoglege tonar og blanda meg inn litt feil tidsmessig òg. Men det gjekk bra.

Etter gudstenesta var det meingheitas årsmøte. Det var heile 6 medlemmar på stades, samt 6 gjestar. Eg og LE var med i gjestetalet. Nokre er nok hindra av snøen, som ei dame over 80 år som vanlegvis syklar 20 km til kyrkja og 20 tilbake. Ho er der vanlegvis frå april.

Det har nettopp byrja å smelte her, slik at snøen ikkje bærer meir. Og det er også litt T-skjorteveir i sola. Og glatt er det som ein barbert iskrem!

Eg køyrde den store nyebilen vår for andre gong. Den fyrste gongen var tidleg om morgenen i Sverige ein plass (frå Kongsvinger i Noreg til Eda i Sverige - G-anm), so eg hugsa ikkje mykje. Men det er ingen vitskap å bruke automatgir, altso.

Etterpå var me på besøk hjå L i Valuste, og det var ei familie der med 4 småungar. Det tok betydeleg tid for GU og EE å smelte opp (heldigvis, slik vart mange gjenstander berga - ulik til ein stakkars digiboks i Tuudi som ikkje overlevde møtet med ein innegående ulv).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar