tirsdag 27. april 2010

Ammetåke; piimaudu

(Byrjar med parantes. Må berre skryte av dagen. Merkeleg, kor mykje godt av besøk, samtaler, rydding, reising, bål og attpåtil årets fyrste jänesekapsas, harekål, kan ein tysdag romme - og med ein sjukeleg ulv halve dagen er det noko å vere stolte av.)

Me fór til hytta, og like etter til vennene i Leikong me ikkje har sett på eit halvt år. Me beundra renoveringa av huset. Dei beundra gutane våre. GU drakk den umåteleg gode safta si og beundra eesti koer, estisk hund, mens han snakka til henne gjennom døra: "Mjau! Mjau!", og ho tok seg ikkje nær av det, enda ho er på størrelse av ein liten kalv.

Trur minstemannen undra seg over alt som skjedde rundt han. Omsider måtte me gå ein tur på badet. Det var på andre etasje, altså me måtte gå trappa opp. Når me var komne tilbake, slutta eg meg til samtalen for å stille nyfikenheita mi: "Kva som ligg på etasjen over oss? Loftet?" Vertinne byrja å ramse opp med soveromma, men då det vart nemnt "bad", skimta det noko kjent fram frå ordet og slo meg mot panna - "Det var ja der eg nettopp var!". "Ja, det er ammetåke, det," kom det frå sidelinja.

Men ikkje nok med det. Om kvelden ymta eg fram "min farfar på morssida" og sto på mitt fleire gongar før det gjekk opp for meg. Det var i badet. Eg såg at merkene på magen som eg fekk rett før fødselen vart no liksom krympa inn. "Det er mindre av bremsespora, som du sa." "Fartsstripene, sa eg", fekk eg til svar. "Det er no same ting likevel." "Nei, dei er stikk motsatt til kvarandre." Oeh.

Eg hadde i dag allereie lukkast med å gløyme foten min utanfør bildøra mens eg drog døra igjen. Det same gjentok seg ein time seinare, denne gongen klemra eg handa. Da fekk eg fornemmelse av at det kanskje ikkje er heilt dagen min når det gjeld teknikk og logikk. Jepp, men dagen var utmerka fin for det! Eg sakna ingen ting...

(Sluttar med parantes. For Svein: det var no igjen meg som skreiv, ikkje han som du ser i signaturen. Eg trudde ingen lurte på sånt :) Men sidan me faller under kategorien "dei to må vere eitt" er det vel fullt lov).

Päeva sõna: piimaudu
Täna jõudsime lõpuks mägionni. Ylased õitsevad ja jänesekapsas vohab! Tulpidel on nupukesed kohe-kohe lahti minemas.

Käisime ka sõbrul kylas yle poole aasta. Nad on vahepeal teinud majas ilusa remondi. Meie Ennuga pidime kesk vestlust minema trepist yles teisele korrale vannituppa. Tagasi joudnud, kysisin veel maja kohta, et oma uudishimu kustutada. See on ju yks nendest norra majadest, mis väljast on pisikesed ja kompaktsed kui kastanimuna, seest aga on kolme-neljakihilised pulmatordid (keldrikorrus on mäe sees). "Ja mis teil ylemisel korrusel on?", pärisin ikka yksikasjalikumalt. "Magamistuba, vannituba..." Oo, selles kõlas midagi tuttavat. "Ah, ma ju just tulen sealt!" pidin end vastu laupa lööma. "Jajah, see on lihtsalt piimaudu, juhtub imetavate emadega," naeris peremees.

Igatahes suutsin täna autosse istudes unustada uksest ripakile oma jala, mis end valusasti meelde tuletas, kui ukse kinni tõmbasin. Nagu sellest oleks vähe, kordus sama aisting tunnike hiljem, kui käe ukse vahele jätsin. Siis mõtlesin kyll, et täna ikka ei ole minu päev, vähemalt mis puudutab tehnikat või loogikat. Aga võta näpust (!), päev oli imeline ja ma ei tundud millestki puudust...

fredag 23. april 2010

EE på St Georgsdag


Det var bokdag i dag, men kjøpte eg noko bok? Nei, eg les vel framleis Karvilanda og Trude Teige er på vente (likevel greidde ikkje gå på Herøykonferansen til å sjå henne i verkelegheita). Men som ein gjennomsnittleg vesteuropear, trur eg, kjøpte eg frå bokhandelen - filmar! Den Liv Ullmann's samlinga og Buena Vista Social Club (som eg har sett i Berlin ca 10 år sida). Forresten, eg les også brever frå Ingmar Bergman til Käbi Laretei, den estiske pianist-kona hans.

So kjem dagens fangst i form av eit bilde.

søndag 11. april 2010

Middagstid

"Middag!"
"Nei."
"Kom, du må ete."
"Nei."
GU har lagt seg ned på madrassa framfor DVD-skjermen.
"Men det er nam nam, vil du ikkje ha nam nam?"
"Nei."
"Vil du i det minste ha ein banan, da?"
"Nei."
"Yoghurt?"
"Nei."
"Skal du berre leve på luft og teiknefilm du, då?"
Ungen smiler lurt og nikkar. "Ja."

tirsdag 6. april 2010

Aleinefaren sin rapport

Han G er aleine med den kjaere sonen av ulvekvalpen vaar og skreiv meg:

Søndag: Ulven var med i kyrkja, og oppførte seg eksepsjonelt fint for å vere ein tur til kyrkja - heilt til "rett før nattverda". Då byrja han å etterspørje nam nam, og viste litt seinare teikn på at han ville tisse. Så eg skunda meg på do med han, let han tisse, og skunda oss tilbake for å nå nattverda.

Vel, det skulle no vere offer fyrst. Og dette orka ikkje ulven å vente på. Så han viste teikn til at han ville på do igjen. "Nei, dette trur eg ikkje noko på, du har nettopp vore og tissa ut alt saman." Han såg berre lurt på meg, og forstod til slutt at det ikkje nytta. Han var avslørt.

Så vart det omsider nattverd, og då var det ikkje lenge att til kyrkjekaffen.

Etter kyrkja måtte eg på jobb ein tur for å forandre varslingsparameter for straumspenninga - spenninga er så ofte for høg at eg fekk 20-30 meldingar for dag. Det var dette eg ville få slutt på, så eg flytta terskelverdien.Varsel for over 245 volt i staden for 242 volt. Og etter denne vesle manøveren tenkte eg at vi skulle ein tur til hytta for å sjå om det var framkomeleg.

I mellomtida hadde ulven sovna, men vakna når vi kom til Herøybrua. Då byrja han å spørje etter nam nam igjen. Så eg stoppa på marinaen for å kjøpe "kva som helst". Å få servert noko så enkelt som chips ville ta heile 20 minutt, fordi det var sånn enorm kø på innsida. Så det vart ein sjokolade og vatn. Men når eg skulle betale var der ikkje nok pengar på konto, for eg hadde nettopp fylt bensin på bilen. Eg ringte opp telefonbank, ordna kortet, og betalte. "Ja det er så greit no, med telefonbank. Kan ornde konto når som helst, kvar som helst" sa han Jensholm.

Eg kom tilbake til bilen, der ulven gret. Eg hadde ikkje høyrt at han gret - bilen er tydelig for godt lydisolet, for eg sto no rett framom bilen då eg var i luka. Årsaka til at han gret - var at han hadde behov for å gå på do, hadde ikkje greidd å halde seg medan eg skaffa nam nam, og no var han gjennomvåt. Så då var det berre å snu. Det var ikkje meininga at vi skulle på hytta, tydeligvis.

Mandag var det meininga at ulven skulle parkerast med famo og fafa, men eg endte opp med å vere der heile dagen sjølv. Vel, "heile" er ikkje heilt rett, for vi greidde ikkje å kome oss ut av huset før ett-tida. Årsaka til at eg tilbringte dagen der, var at eg no måtte hjelpe famo å forstå korleis ho skulle bruke det nye kameraet. Og ulven ville også gjerne bruke kameraet, og heldt nesten på å øydeleggje det i sinne når han ikkje fekk bruke det sjølv.

Så han fekk famo sitt "eldgamle" kamera - det kameraet ho hadde før det som ulven øydela. Det kameraet har nemleg ikkje slik linse som kjem ut av kameraet. Det har fast linse som er beskytta av ei flate som du skyv til sida. Og dette fungerer også som av/på-knapp.

Så skulle ulven på do, og etter do byrja ha å kle av seg, for han ville pullapulla oppi badekaret. Han greidde stort sett å kle av seg sjølv medan famo vaska badekaret. Og han fekk massevis av skum frå badesaltet. Dette likte han. Inntil famo ville vaske håret hans.

Det er vel det MINSTE han har skrike i forhold til hårvask. Men skrikinga var nok til at fafa også kom stormande inn på badet, og då skreik han endå meir. For no byrja det å verte FOR mange som omringa han, stakkaren. Eg prøvde å forklare dette til fafa, og han sa at han forstod det, "men eg vert no så bekymra når eg høyrer han skrike slik."

Nesten

Eg og EE er i Estland no. Han verte 5 maaned i morgon! Ogsaa har me 5 dagar igjen her. Og eg hadde planar som uvanleg, men fekk ikkje fullfört dei, som vanleg. Eg er NESTEN der at eg trur: "ta det lugnt", det er ikkje dommedagens laurdag, det er heilt greitt aa ikkje rekke alt.