lørdag 30. juni 2012

Siste kjeks

Det er så utruleg viktig for Ulv at han får den siste, uansett kva det er. Så når han fekk müsli, måtte eg ta frå botnen (eller i alle fall seie at eg gjorde det), slik at han fekk det siste, sjølv om det nest siste ikkje var oppeten enno.

I dag tidleg var eg så uheldig at eg tok siste kjeks.
G: "Buuhuuu! Ej skolle ha siste!"

No var gode råd dyre. Eg tok inn både mitt og hans kjeks, stappa i pakken, tok mitt kjeks ut att, og gav dermed siste kjeks til Ulv. Dette var han nøygd med.

Fem minutt seinare: "Ej vi ha mæir kjeks!"
g

Mengda som teljer

GU skal til fammo-faffa i dag.

"Barnehage he månge leike. Fammo faffa he endra mångare leike!"

k

torsdag 28. juni 2012

Det kom en mann

Det kom enj mannj
gakkande å lakkande
opp gjøna bakkje
og skulde byggje seg hus.
Ikkje der, ikkje der
men tikitikitiki der!

Frå Ingrid til Lennart

barneregle frå Runde

Frå MR frå Runde

Det kom enj mannj,
gakkande lakkande,
oppjønå bakkanje...

mandag 4. juni 2012

"Hadde de fleste småbarnsfamilier 4 millioner å slenge på bordet i Oslos boligmarked"

Det er noko som eg likar med denne kommentaren frå Linn H. Landro til Aftenposten sin artikkel "Fikk nok av hus og hage, flytter tilbake til byen."
    "Kan regne med at 100 kvadrat på Vålerenga koster omkring 4 millioner. Vil tro at mange av familiene som flytter ut av byen gjør det mer på grunn av prisnivået enn på grunnlag av man ønsker seg enebolig, frisk luft og lang reisevei til alt. Hadde de fleste småbarnsfamilier 4 millioner å slenge på bordet i Oslos boligmarked, så hadde byen vært full av dem. Det er flott å bo i by med barn, men det har blitt noe som er kun for de priveligerte som kan kjøpe seg valgfrihet."

Artikkelen sjølv handlar om flyttepanikk når det andre eller tredje barnet melder sin ankomst. Ein treng eit soverom ekstra. Ein bekreftelse om at det som har skjedd med oss berre er menneskeleg :) og eg treng ikkje klandre meg for det ugunstige tidpunktsvalget.

k