onsdag 25. januar 2012

Barfot

Frå Kristiina Ehin

Barfot
steig eg på grasset
i denne hagen
der kvar ein millimeter
kjenner meg

Framleis er alt haustgult og visna
jorda so hard og forisa

I går varma du meg opp
nesten brennte meg

I dag tinar mine bare føter
jorda i eigen hage

tirsdag 24. januar 2012

Gråtoner

Life brings up situations that make me understand my parents much better.

lørdag 21. januar 2012

torsdag 19. januar 2012

Dersom huset fell...

Eg heldt på å legge ulven, og samtala gjekk over til renovasjon av huset.
"Huska du leikehommaren min?"
"Leikehommar?"
"Ja, den som ej slår me - sånn."
"Ah! Leikehammaren, ja! Klart eg hugsar den."
"Den kan ej slå spikar me."
"Ja, det kan du."
"Ej kan slå heile huse me na."
"Det bør du kanskje ikkje gjere."
"Nei, for då kan huse ramle sammen."
"Øh... vel..."
"Då dette take ne på åss."
"Det gjer det vel då, ja."
"Ja. Då må vi springe ut der." (Peika han på utgangsdøra)
"Det må vi då, ja."
"Åkså må vi gå heilt til himmelen."
"SO lang må vi vel ikkje gå."
"Nei. Berre litt."

Villon sin ringrim, rondeau

Å Død, din dom var urett, brå,
då du mi kjære reiv ifrå meg,
og bleik og trøytt vil du helst sjå meg,
vert nøgd først når eg ligg på strå.

Mi kraft, min styrke kvarv heilt då,
kvifor drog ho din harme på seg?
Å Død! (Din dom var urett, brå,
då du mi kjære reiv ifrå meg.)

Om to, som eitt fekk hjarto slå,
med hjarta dødtgår livet frå meg,
lyt leve, utan livet hjå meg,
som skyggebilet lyt eg gå.

Å Død! (Din dom var urett, brå
då du mi kjære reiv ifrå meg,
og bleik og trøytt vil du helst sjå meg,
vert nøgd først når eg lligg på strå.)

Francois Villon, omsatt av Harald Gullichsen http://www.villanden.no/utgivelser.htm

1400-talet står oss med det nærare en noko gong før, sidan i går avslutta me Melchior-boka.

tirsdag 17. januar 2012

Tyttebær er ingen byttebær

...og takk for hjelpa midt i flyttevær!

Mora til G og M, ei av jentene i taket, flytta ei billass av kassene våre i dag til Runde.
Til takk fekk dei begge ei sur gave - tyttebærsyltetøy. Usikkert om jentene set noko særleg pris på det, så eg krydra det med eit lite takkevers. Eg er sjølv glad at me fekk til å lage NOKO søtstoff i det heile tatt dette året. "Mommo gjorde det", som GU hadde sagt. Eg skaffa berre glas. G kjøpte bær, og det føltes fortsatt rart.

Den herlegaste tyttebærmarka eg kjenner til ligg ved Ĉabardaŝjohka i Guovdageaidnu. Dette var min Runde den gong i tida. Det var raudt på marka og eg brukte raskt opp alle spann eg hadde med, så eg fortsatt å plukke bær i hua mi. Eg hadde aldri sett så store bær før.

Og fyrste gongen G tok meg til kyrkja i Guovdageaidnu fekk eg inntrykk av at det var fyllt med tyttebær i rekk og rad - raude skaut til kvinnfolk var slåande like til desse nordens glødande perler!

Sola skiner fram
fregner
på seinsommarens
friske andlet -
tyttebær

Melchior-tid

Kvar kveld kl 21:21 les me om Melchior, ein smart apoteker som løyser mordmysteriene i Tallinn år 1409. Skaparen hans heiter Indrek Hargla, ein 41 år gamal estisk forfattar.

Truleg er det den siste kvelden i dag med "Gåta til St Olavskyrkje" - det som vart røyst som landsmerke, høgast av alle, slik at folk på Austersjøen kunne oppdage Tallinn (Reval) :) Namnet til byggmeistaren måtte haldast hemmeleg, for at kyrkja som byen lyt stå. Men alt lét eit merkje etter seg her i livet, særleg det som er løynd...

Her er ein gamal song om kyrkjebyggjaren som løyser gåta, dei fyrste bokstavane til siste versa er diverre dekt med blodflekkar, men er vel enkle å sjå likevel...

Kom no, tida er inne, sola skin alt frå aust
o, venen min, våre sju brør ventar på deg ved vegkrysset
no viser dei vegen til deg til Herrens tempel
rett i handa har dei murskei og passar
audmjuk drikk dei frå ljoset som skin over grava
tener lovnader, gamle som Salomons visdom
under Daudens kappe er gøymd han som er fremst
skjoldet er satt framfor dei sju meistrar
favete linguis et memento mori
relikvie roper langt etter blodet sitt
enda er gårsdagen nærare til Kristi blod som renn på murane

..ne i byen dansar Dauden rundt namnene deira
...ndt ned frå englane er ein beskytter, høgast av alle
..gen løyser løyndomen til fyrste kjødets lovnaden
...emleg som Heilage Kropp vert det delt mellom dei sju

k

tirsdag 3. januar 2012

Til Keidzej Randi 4.1.2012

Sola he snudd
myrkre e brutt
(Storm va akutt
men no e de slutt)
Lyse he seira
og du verte feira

Orkanen he dratt
men øya ligg att
Ho tek mote fatt
og røys' de som datt
Runde he seira
og saman me feira *)

gk

*) og rullane feira :)