søndag 15. desember 2013

Legobygging

Ee: ej skal bygge sjukehus!
Issi: så bra!

Fyren kastar seg over legoklossane og bygger ivrig. Byggverket liknar meir og meir på ein båt, men ein skal no vere positiv og legge godvilja til for dei små kjære.

Issi: oj for eit flott sjukehus.
Ee: det e en båt!


søndag 1. desember 2013

søndag 10. november 2013

Farsdag / ISADEPÄEV

Gratulerer vår kjære ISSI med dagen!









lørdag 9. november 2013

Sankt Martinus / MARDISANDID


Me kler oss om og vandrar som sjeler bak dører; dansar og syng til dei som let oss kome inn; og bringer lukka til kornet deira og alt anna som skal vekse ut frå jorda om våren.

http://en.wikipedia.org/wiki/St._Martin's_Day#Estonia (med ein feil: sjelenes tid generellt kan vare til jul; alle torsdagane eller alle dei stille og overskodda haustkveldane kan du forvente dei avdøde kjære familemedlemmane dine kome heim. Setjer du eit lys på vindauget og det blinkar rart, so har nokon av sjelene nettopp kome forbi det)



Me syng bak døra: "Me kjem langveis i frå og fryser, alle dei heilage Martin's, lat oss kome inn!"


Fekk snoop og andre gåver :)


 Moroa mellom syskjenborn fortsetjer også etter å ha vaska av seg kolet og rett før sengetid!


EE er bjørn! Ma olen mõmmi!



Bjørnene i båten!

onsdag 6. november 2013

lørdag 17. august 2013

Ynskje

Ulv: "Issi? Viss du drikke EN gule å EN stinkande såkk, so kan du ønske dej nåke."

g

fredag 19. juli 2013

Ej sa: graut!!!

Foreldre er ikkje berre minnesvake, men også gjennomgående skuffende vesen. Her bruker du energi på å fortelje dei eksplisitt kva du ynskjer, dvs rosinegraut, men det går berre ikkje inn...

Skapet er nokså tomt rett før reisa, so eg koka ris med melk og la til massevis av rosiner.
GU ser ned i potta og vert skuffa:

GU: Ej SA graut! Her er det berre ris! Ej sa ej ville ha graut!!!

k

Ej vil ha graut!

Emme: I dag ete vi müsli.
GU: Men ej vil ha graut!
Emme: Ka slags graut vil du ha da?
GU: Huska ikkje du? Den med rosiner!

k

Ej e pi ål!

GU: Ej e fem og halt år!
EE: Ej e pi ål!
GU: E du ti år?
EE: Nei! Ej e PI ål!
Emme: Du er tre år?
EE: Ej e pi ål!!!!!!

Issi: Han er 3,14159265358979323

k

torsdag 18. juli 2013

Ein time

Etter ein time på Xbox går tida ut.
Ulv: "Når får ej sjå film i dag?"
Issi: "Et frukost fyrst."
Ulv: "Hæ? Fe 'kje ej film i dag?"
Issi: "Du har nettopp sett ein time film. Et frukost!"
Ulv: "Uæææææ!"

Etter frukost og mottak av Ulv sitt skuleleksekontorbord, får ungane bruke maskina litt til.
Issi: "Ein time til."
Ulv: "So lite?"
Issi: "Vi revurderar om ein time."
Ulv: "Men de va en time vi hadde i stad."
Emme: "En time i mykje."
Ulv: "Hæ? E en time mykje tid?"
Issi: "Ja."
Ulv: "Jippiiii!!!"

g

mandag 1. juli 2013

I dag har det skjedd

At EE låste meg ut mens eg la LE i vogna for middagssøvn. Døra nede er uansett låst sidan kjellartrappa er eit farleg stup. Eg målte med augo meg sjølv og sannsynlegheita å presse meg mellom vaskeromsvindauget inn. Prøvde med døra for tiande gong og HELDIGVIS låste han EE døra opp att - trur ikkje han er heilt bevisst over systemet. Han hadde fått tak i kameraet og "tok bilde" og var so opptatt...

k

søndag 30. juni 2013

Sparken

Malin kjem inn på kjøkenet med russebiletet av Ulv som hong på veggen for få sekund sidan.
M: Sjå... bildet...
G: Av Ulv som russ, ja?
M: Ej trenge hjelp å få det på veggen igjen.
GU: Ho tok det av veggen!
Malin byrjar å bevege seg til stua med begge dei eldste gutane i hælane.
GU: Kaffor gjorde du det?"
EE: Haffo jorde du det?

Issi diltar etter og møter ei litt trist Malin som sit på ein barnestol medan Ulv prøver å henge biletet på veggen igjen.
M: Gard Ulv sa at ej he fått sparken.
G: Å? Ka jobb du fekk sparken av da?
M: Hmmmm?
G: Fekk du godt betalt på den jobben din, da?
M: Nnnneeeei...
GU: Ho tok ned bildet, ho he fått sparken!
G: Då må du få etterbetalt, veit du.
K: Ja, då må Gard Ulv gi deg mykje is.
GU: Hæ?
G: Det er tre månader oppseiingstid, så Gard Ulv må gi deg mykje is i tre månader.
Malin gliser stort.

Nokre minutt seinare kjem Eldar ruslande.
EE: Ej he fått sparken.
K: Ja, då må Gard Ulv gi mykje is til Eldar også!

g

torsdag 23. mai 2013

Altfor dyr

Gard Ulv har laga ein ring frå kappelaustilken som han gir til Malin.
GU: "Her, Malin! Ej laga dej ein ring! Den er ALTFOR DYR! Når du ødelegger det so laga ej ein ny for dej!"

k

søndag 12. mai 2013

Mammadagen


Lennart et boss

GU: Lennart lika å ete boss!
Emme: Virkeleg?
GU: Ja, han lika å ete småleiker, småboss og tiss og bæsj!
Emme: Han ete ikkje tiss og bæsj!
GU: Koffår?

k

fredag 10. mai 2013

Brannsong

Vi vil gjerne at Ulv skal kunne nokre songar til 17. mai. Men dei vanlege songane har han absolutt ikkje sansen for. Og medan han den siste månaden har hatt stor interesse for å lytte på Bon Jovi / It's my life, vil han no at vi skal lære han å synge "brannsongen" - altså M.A.R.R.S / Pump up the volume. Han har ikkje sett videoen enno, berre høyrt musikken på bilstereoen, men vi er sikre på at han vil elske videoen.

g

Magisk tann

Ulv: Tannlegen seier at når eg bit, så blør tanna inni.
Issi: Å? Er det sånn det fungerer?
Ulv: Ja. Men veit du ka? Ej ha magisk tann. Tanna mi blør ikkje inni, veit du kaffor?
Issi: Nei. Kaffor det?
Ulv: Forde tanna mi he PISTOL. Å den skyte blodet, å då går blodet vekk, å då e der ikkje blod. Å veit du ka anna tanna mi kan gjere?
Issi: Ka meir?
Ulv: Tanna mi he brannpistol! Å då skyte den ut sånn! (Viser med fingrane korleis elden kjem ut av munnen.) Woooaah! Sånn! Å då brenne det!

g

lørdag 4. mai 2013

Vi skal laga gaffel i dag

Emme: Vi skal laga vafler i dag. (Sa eg virkelig "vaffel"???)

GU: Sa du vi skal laga gaffel i dag?

Issi: Korleis laga du gaffel da, GU?

GU: Det er enkelt!!! Fyrst kjøpe vi is og slikkar den, so teke vi ispinnen og so berre... berre... hm... so teke vi stikkebuske og teke vekk stikkane og lima og lima og lima (på pinnen). Var det lurt?

k

mandag 29. april 2013

Du fe snart ein baby / VARSTI TULEB TITA

GU klappar issi på magen: Issi, du fe snart ein baby! Veit du at alle som blir tjokk i magen, dei fe snart baby!
***

GU: Veit du ka ej har i magen min? Ei baby, den er ei prinsesse!
***

GU patsutab issit k6hule: Issi, sinul synnib varsti tita! Kas sa tead, et k6igil, kes hakkavad paksuks minema, tuleb varsti tita!
***

GU: Tead, mis mul k6hus on? Tita-printsess!

søndag 28. april 2013

Landsmenn

K: Kvifor heiter det "Landsmennene dine" men berre "Dine landsmenn"?
G: Det var eit godt spørsmål!
(Eit veddemål fylgjer)

k

lørdag 27. april 2013

Holefjellet er laga av brann

Ulv: Ka e pølse laga av?
Issi: Kjøt og mjøl
Ulv: Ej veit ka eplejuice e laga av!
Issi: Ka då?
Ulv: Eple.
Issi: Ja! Veit du ka appelsinsaft e laga av?
Ulv: Appelsinjuice.
Issi: Øh... ja... ka e appelsinjuice laga av, då?
Ulv: Appelsinjuice.
Issi: Nei, appelsinjuice e laga av appelsin.
Ulv: Ej veit ka kopp e laga av.
Issi: Ka då?
Ulv: Glas.
Issi: Nei. Glas er laga av glas.
Ulv: Ka er koppa laga av, då?
Issi: Sand.
Ulv: Ka e gitaren laga av?
Issi: Tre. Unntatt strengane og strammeskruane, dei e laga av plast. Å plast e laga av olje. Å olje e laga av dinosaura.
Ulv: Av dinosaura?
Issi: Ja, dei trur det.
Ulv: Men ej veit ka draga er laga av.
Issi: Ka då?
Ulv: Brann! Draga e laga av brann. Ej veit ka brannbil er laga av!
Issi: Ka då?
Ulv: Vatn! Brannbilar e laga av vatn, den skyyyyte vatn gjøna røra.
Issi: Ej... tja...
Ulv: Kar bur dragane, issi?
Issi: Dei bur på fjellet. I holer i fjellet.
Ulv: Ej veit ka holefjell e laga av!
Issi: Å? Ka då?
Ulv: Brann! De kjeme brann okså skyyyte han stein ut av fjella.
Issi: ...Det e faktisk rett...

g

Svart

Emme: Ka e favorittfargane dine?
GU: Kvit, svart og lyseblå! (Kvit fordi han har engledressen på seg, men dei to andre er faste favorittar)
Gard: Sini-must-valge!
*

GU: Ej veit ka svart e laga av!
Emme: Ja?
GU: Av mørke!

k

tirsdag 23. april 2013

Klippe øyra

Ulv sine fyrste ord til frisøren var "Ej vil ikkje klippe øyrene mine!"
"Nei, det skal vi ikkje gjere. Her klipper vi berre hår."
"Når ej va fire, so va det ei som klipte øyra mi. Men det va ikkje mykje, berre sooooo lite."
Han viste så med fingrane sine kor lite av øyra som hadde vorte klipt bort - berre 2-3 cm.

Frisøren prøvde å berolige (!) Ulv med at øyra blør veldig mykje, så skada er sikkert ikkje så ille som det ser ut. Det berre ser så stygt ut med alt blodet.

Episoda han refererte til var då frisøren i fjor var uheldig og skrapa bort i øyra hans med spissen av saksa. Det skjedde ikkje denne gongen. I staden vart han litt forbausa då frisøren byrja å stusse håret bak i nakken. "Kaffår klippe du ryggen min?"

Rundedag

Biblioteket feirar verdas bokdag i dag med vaffler, kaffe og quizz for å sikre seg at boksamlinga vert godt sverta med feitt og kaffeflekkar av besøkjande på jakt etter svar i quizzen. Eitt av spørsmåla var namnet på det største humoristiske spelet i regionen, og det visste eg sjølvsagt måtte vere kommunestyret.

Når det er sagt, pensla diskusjonen med nokre modne fruer inn på gamle dagar, då folket på Runde tok båt til Fosnavåg to gongar i veka. Folket frå Runde hadde fast dag på legekontoret på Eggesbønes kvar torsdag. Der hadde dei på eit tidspunkt fått tilsett ny lege, og han skulle setjast inn i dei nye rutinane.

"Torsdag er Rundedag og graviditetskontroll."
"Ja," sa legen lettare oppgitt. "Eg veit no at dei vert litt runde når dei er gravide."
Så måtte legen setjast inn i lokalgeografien...

g

mandag 22. april 2013

E dinna din?


GU: Issi, kaffor henta du ikkje emme?
EE: Haffo henta du isje emme?
(både har ei leike i handa og diskusjonen om desse startar)

GU: "E den min?
EE: Nei!
GU: E dinna din?
EE: Ja! "
og so repeterar det seg 7 gongar nøyaktig same måte. Til Ulv eksploderar:

GU: Den er min! Ej heite Gard Ulv!
EE: Den e MIN! Ej heite Gald Ulv!

GU: Issi, kaffor henta du ikkje emme?

k

Om ulver og bestemødre / HUNDID JA VANAD EMAD

GU: Ulva vil kome hit! Ulva ete morane. Men veit du ka morane kan gjere? Dei kan skjere ulven sånn og sånn i magen og ta ut aya.
***

GU: Når morane... gamle morane legge seg i senga om kvelden, so søve dei... dei drøymar og so døyr dei og verte til engla. Koffår må alle døy?
Emme: Ka trur du, kaffår må alle døy?
GU: (Ettertenksomt) Ej må gå og tenke på det.

k

GU: Hundid tahavad meile tulla! Hundid söövad emasid. Tead, mida emad oskavad teha? Nad lõikavad niimoodi ja niimoodi hundi kõhu lõhki ja võtavad niimoodi silmad välja.

***

GU: Kui emad... kui vanad emad lähevad õhtul voodisse, siis nad magavad... siis nad näevad und ja siis surevad ära ja muutuvad ingliteks. Miks kõik peavad ära surema?
Emme: Mis sa arvad, miks peavad kõik ära surema?
GU: Mmm, ma pean minema ja selle yle mõtlema.

mandag 15. april 2013

Ulv sin melodi

Enkelte ting kan Ulv ikkje få nok av. Til eksempel "songen min" som må spelast kvar einaste dag på veg til barnehagen og minst 20 gongar på veg heim. Han kan liksom ikkje sove utan denne durande på høgt volum i bilen. Medan andre melodiar på lavt volumn snøgt vert "åååh! Skru ned musikken, det er så høgt på, eg høyrer det," så må volumet langt langt opp for at han skal slutte å seie "Eg høyrer ikkje!"

søndag 14. april 2013

Vengar i senga

Ulv: "Når ej he venga, kan ej ikkje såve."
Issi: "Kaffår de?"
Ulv: "Viss ej søve i senga, so kan vengane verte ødelagt. E de sånn?"
Issi: "Nei."
Ulv gir så frå seg eit skuffa "Åååååååå!" Tanken hans om å sleppe å sove kvar natt falt i grus...

g

Ei ny hand

Emme: GU, ken e turistengel?
GU: (Ser spent på dei utstrekte armane sine):Vent, ej få nye hand! Ej kjenne godt matasje (massasje) i handa min. Ej e magisk!
Issi: E du ferdig å ete?
GU: Vent, ej fe nye fot! Sjå!

k

Engelland

Under førebuing til frukost oppdagar Ulven til si forskrekking at der er noko som veks ut av ryggen. Ikkje berre ein, men to utvekster nedfor skuldrane, noko som issi kallar "skulderblad". Men emme veit betre. "Du held på å få vengar, slik at du kan flyge rundt når du drøymer."

Brått vert Ulven venge-ekspert. Han har forstått at han får vengar fordi han er så flink til å legge seg, og held så fram med å vise korleis han kan flyge (les: hoppe høgt). Så har han bestemt seg for at han skal flyge høgt opp, slik at han kan passe på alle. Ja, han skal flyge til fammo, og heilt opp til Engelland.

Issi: "Ja, fammo er i London, i Engelland no."
Emme: "Og der vert ho engel, for alle som reiser til Engelland vert englar."
Ulv: "E ho i Engelland?"
Issi: "Ja, var det ikkje det faffa sa i går? At ho flaug til Engelland?"
Ulv: "Flaug fammo?"
Issi: "Ja, faffa sa det. Ho tok ikkje båten, ho flaug."
Ulv: "Koffor må ho det?"
Issi: Ho flaug som turist.
Emme: Som turistengel.

g

Ej he venga!

GU til emme: Ej e en guteengel og du e en jenteengel! Ej må få venga ut!

(Det kjem venga ut av skulderbladene, fortalde emme)

GU: Når vi e flinke til  å legge oss, so kan vi flyge om natta! (Emme jublar over at han har fått poenget)

GU til emme: Ej fant engelblod! (Og straks til EE): Skal ej flyge på haude ditt?

GU: Når bilen til issi blir ø-lagt, so strekker ej ut handa og so flyr ej!

k

fredag 12. april 2013

Sollunsj /PÄIKESEPIKNIK

GU spydde om natta og var heime. Stort sett ute var han heile dagen.


Lilled meie aias











Kajakaskelett käib lahti nagu liigendnuga


Måsen vil drikke! KAJAKAS TAHAB JUUA! 


Peale eelmise aasta jõuluorkaani pidi paadikuuri pisut lappima

Rukkinäkileib, pruuni sulajuustu ja natuke rohelist orasheina peale...



Taamal roheline on meie maja, "Lonkav Konn".


Piltidelt ei paista, et kaks pisemat jooksid yhtevalu merre, ja siin saigi Ennuke jala märjaks.


Saja-aastane paadikuur