mandag 31. mai 2010

Mathiase synnipäev 9. mail; vår fyrste barnefødesdag og klovn attpåtil!

Mathias 3-aastane

Lund sajab! Det snør!




Mathias sai 11. mail kolme aastaseks. See oli me esimene laste-synnipäevapidu, ja oli ootamatult vaikne! Kestis kolm tundi, seal sees ka kloun, keda alguses kõik kartsid, pärast aga pidi vaeseke õhupalliloomi vorpima. Ainult Gard Ulv ei julgenud midagi kysida, siis kloun tegi talle väga erilise ja mõtliku luige.


Han Mathias vart 3 år den 11. mai i år og me var også invitert til feiringa. Det var merkeleg stille til trass alle ungar som var til stades, og når klovnen kom vart alle skikkeleg redde. Men klovnen smelta snart isen med sin utspekulerte klossenheit og breidt smil (han var skikkeleg tryllende) og gjekk i gang! Etterpå fekk han knapt pustepause mens han måtte lage alleslags ballongdyr og ting og tang til ungar. Berre han Gard Ulv var redde for å spørje noko som helst, so tok han Lars Erik og laga han ein søt kontemplativ svane!

Spådde Spania vinne på MGP til eg høyrde sangen frå Tyskland

Eg som ikkje har vokse opp med MGP i morsmelka, men hugsar likevel godt kor sterkt eg ynskja Noreg vinne i 1994, satt meg framfor dataskjermen i går kveld nesten som ein innfødt norrmann. Kva var no den fyrste sangen? Noko med trappa? Eg hadde berre høyrd han Didrik syngje før, ingen av andre bidragar var kjende til meg. So kom Spania. Eg vart nesten lammslått: får man høyre noko SÅÅ fint på MGP? Og enda beire: ikkje på engelsk ein gong!

So vart det klart for meg at ingen veg går utenom - Spania må vinne! So kunne eg berre stryke heile konkurransen og slappe av med vindaugevask på kjøkkenen, som hadde tålmodig venta for sin tur... hmmm... skal ikkje røpe kor lenge.

Og kvelden på Skarabakkje var fullkomment nydeleg. Stille og solfullt. Av og til kom det nokre rytmar frå data-stova vår, men ikkje noko særleg for å kome in frå den andre sida av vindaugeskarmen. Heilt til det kom nokre rytmar som berre gjentok seg om og om og om igjen. Og rart nok, enkel, men fin melodi. Eg sniffa straks ei hitlåt der og dermed ei fare for favoritten min. Jau, det var Tyskland. Og eg likte det! Kunne det vere at man får TO fine låtar på MGP på same kveld???

Eg trur den store discotid frå nittitalet er ovar og med Lordi sin historisk framstilling har låtkonkurranse faktisk hoppa eit godt stykkje oppovar i kvalitet (for dei som ikkje er klar ovar når helvete fryser - det skjer nemlig når Finland vinn Melodi Grand Prix; so no he det alt skjedd). Og me var i Finland den gongen, i Lappland kvar Lordi opprinneleg kjem frå. Sjølvsagt såg eg straks at Hard Rock Halleluja ingen andre kunne slå. Det same var soleklart også med han sjarmante Fiskaren, han Rybak, allereie frå norske delfinalar. Så har eg spådd riktig med desse to og eigentleg med Nocturn også, berre denne gongen var eg mindre sjølvsikker til å ytre det.

Men den historiske sannheiten er at Tyskland vann i går. Og at han kjæresten min visste det allereie i april (han har blogga om det i Fjeselogg), men eg var berre ignorant mot heile konkurransa.

Mon tru viss det kjem frå den lange tida i Noreg som eg har vore her eller at MPG virkeleg har forbetra seg (som eg trur), men eg skal halde tilbake tanken om scrapkonkurransa.

Eg har høyrt rykter om at Lena har litt estiske røtter. Men Spania hadde fortsatt den beste sangen. Det har vorte landplage i dag :) Har dei no "feila"med at dei ikkje valgte å syngje på engelsk? Men det er jo bara bra, som svenskarar seier. Ein finsk parodi: We are the europeans også!

tirsdag 4. mai 2010

Karma

G: "EE! Ikkje spark broren din i andletet!"
EE: "Waaaaah!"
G: "Ok, så spark broren din, da!"
GU reagerer. "Wawaaa?" og byrjar å skubbe bort føtene til broren som sprellar midt i andletet hans.
G: "GU, ikkje skubb bort føtene til broren din. At bror din stappar føtene sine inn i munnen din er ingen grunn til å skubbe dei bort. Det er no slik du brukar å gjere med oss til tider. Det er dette vi kallar karma."