tirsdag 27. desember 2011

My Family

Det ser ut at eg er blanding mellom Susan og Abi. Og han G er Roger, hopelessly :)
Ellers - det ser også ut at me har nådd dette stadiumet som U2 syng om - i "With or without you".

k

torsdag 1. desember 2011

Eichen

Det var stormbyger då me svinga inn på tunet til ho A. Ho baud oss inn, EE som hadde vorte større sidan sist og LE som o møtte for fyrste gong. Eg fekk vite at ho rundar åtti år i januar - kven skulle tru det? Ho skiftar bleier til smågolja sine slik at ho er godt vand til slikt! Ei er visst 6 månader gamal.

Ho er frå Eiken og eg fekk lese ein artikkel i sogelagshefta der i frå. Han var skreven av Eilert Sundt sånn ca 1850 og handla om drikkevaner - forskjellige "drykkjar". At det vart ei samling på 1. juledag der heile bygda kom saman, slik at eg fekk føre meg det romantiske biletet av Bjørndals-jula. Om eg ikkje tek feil, så finst det eit ord som veitsle, men no hugsar er kanskje ikkje rett. Iallfall var det som gravøl, som varte tre dagar. Der var det også plikt å møte opp for heile bygda.

Atikkelen sjølv var ganske so spottande, at folket der drakk so ivrig at det kunne skje at eit gravfølge køyrte muntert og hoiande inn i kyrkjegarden. A fortalde at so seint som berre 30 år sidan kunne ein få dårlegare behandling i eit sjukehus enn andre folk, om ein var frå Eiken. Som å vere same eller omstreifande. I artikkelen var det vel sagt rett fram at desse "fjellmændene" framleis held fast i oldtidsvaner og seder, slik som nasjonaldrakt, juledrykkja og lignande.

Eg og EE fekk også smake på godbitar som potetlefser med både saltost og søtost, laga av ho sjølv, av søtmelk, surmelk og egg. Den søte varianten likte han EE veldig godt. Også var det det nærmaste til kohupiim som eg har støtt på her i landet. Kohupiim er det beste eg kjenner til frå melkeprodukt.

Ho brukte ikkje løpe. Eg fekk vite at ein i gamle dager tok løpen ut av kalvens mage, som hadde drukkje melk og vorte slakta rett etterpå. Slik var ikkje so hyggjeleg å tenkje på medan eg satt og amma, men "det er mykje trist som er bunden til mat" som ho sa det.

EE stortrivdest med ei eggkokar-klokke som tikka og trilla. A hadde ein song om klokker som var omtrent sånn:

Store klokker sier:"Tikk, takk. Tikk, takk."
Mindre klokker sier: "Tikk-takk, tikk-takk."
De små klokker som vi har i lomma sier. "tikitaki-tikitaki-tikitaki."

Faren hennar hadde eit lommeur som stamma frå urmakaren. Ikkje frå taterane som eg håpa :), for det var allereie urmakarane sin tidsalder uansett.

k

Søte draumar

Eg har fått ein mintsjokolade av slaget After Eight i munnen rett før eg skal legge dei to eldste av ungane, og er det nokon som har nase for sukker, så er det Ulv. Spørsmålet kjem ganske så kjapt: "Ka du lokta?"

For å unngå snakk om sjokolade er gode råd dyre. Spesielt rett før legging.

"Søte draumar."
"Ej åkså vil ha søte drauma."
"Ja, då må du legge deg ned i senga og ha att augo."
"Lokta ej søte drauma då?"
"Ja."

g

onsdag 23. november 2011

I andre tankar

Eg var i kassa då K ringte og lurte på kvar eg vart av. Så eg betalte, satte frå meg handlekorga og byrja å gå.

"Ikkje gløym varene dine!"
"Oi! Snakk om å ha hovudet rette staden."
"Ja, du såg forelska ut der du vandra bort."
"Det er eg óg. Har nettopp snakka med henne på telefon."
"Du må vere forsiktig med sånt."
"Det er for seint. Gift med tre barn."
"Då er du hardt råka."

g

lørdag 12. november 2011

Bursdagskaker

"Ulv? Kva vil du ha til bursdagen din i morgon?"
"Eplekake."
"Det høyrest godt ut."
"Og eplejuicekake."
"Øh, javel..."
"Banankake"
"Eg er usikker på om dei selg det, men vi kan sjekke."
"Sjokoladekake"
"Det er min favoritt óg. Noko meir?"
"Sjokoladekake, banankake, eplejuicekake og eplekake."
"Det er notert. Kva vil du drikke til alt dette?"
"Drikkekake!"

Må fortelle issi

Det vert stendig enklare å nytte ulven som budbærar. Han hadde besøkt emme på soverommet, der han fekk ei melding han skulle fortelje vidare til issi.

"Issi, du skal ringe Søen!"
"Hæ? Kven skal eg ringe?"
"Søren!"
"Eg skal ringe Søren?"

Det tok litt tid før eg forstod at det var frisøren han meinte.

fredag 7. oktober 2011

Bæ bæ

Det skjær litt i meg å høyre ulven synge på bokmål ein song eg vanlegvis syng til han på dialekt. Men samstundes er det utruleg morosamt når teksta ikkje akkurat er HEILT inne.  :)

Bæ bæ lille lam
har du noe ull
søndag mor
og søndag far
og to pal stlømpe
til lisje mol
og de va lisje emme

mandag 19. september 2011

Herleg å lage mat

G er heime med ein sjuk unge og sjuk kone. Han lagar middag.
Eg: Er det herleg å vere heime?
G: Det er herleg å lage mat!
Eg: He du sakna det?
G: SAKNA? Fe no ikkje mat her!!! Alt ej he fått e potet, berre potet og potetmel!

Han held på med sin raud saus à la Garde.
Eg som har vore så flink til å lage middag nesten kvar dag, potetgraut frå sratch, kokte poteter, stekte poteter (med smør!), potet i ovn... Spagetti på dagane med lite tid. Og stramma på matutgiftene med å bruke sesongvare. Laga raud suppe til dessert, med tyttebær... 2 gongar 5 liter i siste månad! Og ingen har klaga...

fredag 16. september 2011

Dingseboms

Morgen før barnehage.
Eg: "Kom no, vi må skynde oss! Klokka ti bjønde dingseboms!" (Kom ikkje på noko rett ord akkurat)
GU lyser opp og spør inderleg ivrig:
"Skal EJ gjere det?!"
Eg: "Du skal vere med på det." (Samlingsstund - det er vel ikkje noko konkret nok. Så eg brukar "dingseboms" likevel.)
GU: "E det bursdag? E det mi?"
Eg: "Din bursdag e på hausten."
GU: "Oo, så det e bursdag til diskeboms!"
Eg: "Lika du dingseboms?"
GU: "JA!!!"

onsdag 7. september 2011

Kan du køyre buss?

GU: "Emme, kan du køyre buss?"
"Nei."
"Du må vekse!"
"Jaså?"
"Du he lange føte, du kan køyre buss?"
"Kanskje..."
"Skal du sitte bake på ein buss?"
"Ja."
"Ej åkså! Ej skal vekse snart. Så kan ej køyre bil. Så kan ej køyre buss!"

k

fredag 26. august 2011

Gjenføding

Ulven har klare tankar om gjenføding. Vi stod på altanen i 3. etg. og han måtte sjølvsagt prøve å klatre litt (utan hell) og trua med å kaste ned blomsterkassa medan han skraut av at han kunne hoppe høgt og langt frå altanen.

"Nei, hoppar du ned frå altanen, så døyr du."
"Då kjeme floge? Monge floge?"
"Ja, då kjem flogene og et deg opp."
"Då skal ej verte krokodille å ete opp flogene."

g

tirsdag 23. august 2011

Genetic spawn

Eg måtte oppdatere ein venn eg ikkje har skrive til så alt for lenge, men som eg likevel reknar som bestevenn.

Eg: Oh, and did I mention that our third genetic spawn is on its way?
Han: Only? Your cloning facilities leave much to be desired. At this rate, you'll take over the world in about 2,400 years.

g

lørdag 20. august 2011

Slange kan snakke

Vi var på loppemarked i dei Maritime Dagane i Gjerdsvika. Der såg vi eit barn som hadde kjøpt seg ein laaaaaaang grøn slange. Dette la sjølvsagt ulven merke til, og kommenterte det.

"Ho he slange."
"Ja, det har ho."
"Ej åkså he slange."
"He du?"
"Ja. Ej he liten slange. Slange kan snakke."
"Eg har høyrt om det, ja." (og då tenkjer eg stille til meg sjølv om ei bok kona har lese om dei forlokkande orda til slangen.)
"Men stor slange kan ikkje snakke. Berre liten."
"Å?" No vart eg litt forvirra. "Er det berre liten slange som kan snakke?"
"Ja."
"Kan ikkje stor slange snakke?"
"Nei," seier han med det vanlege toneleiet som fortel at mitt utsagn sjølvsagt må vere feil, og at eg må vere dum som ikkje forstår at stor slange ikkje kan snakke. "De e berre leike."

g

torsdag 18. august 2011

Må fikse.../PARANDAME ÄRA

GU: "Emme he beibi i magen"
G: "Ja"
GU: "Ho fekk låkt"
G: "For baby'en sparka"
GU: "Ja. De e'kje låv å sparke."
G: "Øh... nei... det er det vel ikkje."
GU: "Ja. Vi må fikse emme."
G: "Javel?"
GU: "Ja. Då trenge vi lim."
G: "Akkurat, ja."
GU: "Ja. Vi trenge lim, so værte det godt."
G: "Nettopp. Skal vi sjå om vi finn lim, då?"
GU: "Nei. Ikkje no. Emme må såve. Då værte ho godt."
G: "Ja. Det var god idé."
g

GU: Emmel on tita kõhus.
G: Jah.
GU: Emme sai haiget.
G: Sest tita siputab (norra k: "lõi jalga").
GU: Ja. Ei tohi lyya!
G: Oh...ei... ei tohi kyll.
GU: Jah. Me peame emme ära parandama.
G: Tõesti?
GU: Jah. Meil on vaja liimi.
G: Jah, tõepoolest.
GU: Jah. Meil on vaja liimi, sest siis saab terveks.
G: Täpselt nii. Kas hakkame liimi otsima?
GU: Ei. Mitte praegu. Emme peab magama. Siis ta saab terveks.
G: Jah. See on hea mõte.

g

fredag 29. juli 2011

Ved Fiskarkona / KALURINAISE JUURES

Det var minnemarkering på tirsdag ved Fiskarkona. I dag brente nokre lys òg.
Fosnavågis mälestati plahvatuse ja massimõrva ohvreid teisipäeval. Tänane päev oli sama päiksepaisteline ja hele nagu eelmine reedegi.

lørdag 23. juli 2011

22.-23.juli 2011 Requiem aeternam


Det evige minne over dei.
Det vert sjelebønn og forbønn i morgon også i kyrkjer i Estland.

Kvile i alle æve gje dei Herre
og lat lyset som varer evig skinne for dei.

Pappa sine gener

GU er sjølv på ferie med fammo-faffa. Men me må kjøpe ei bilsete til. Eg tenkjer det er lurt å kjøpe eit nytt sete til våre eldste.

K: "Ja, kor tung er han GU no? 20 kg? Sikkert ikkje."

G: "He han mine gena, så verte han ikkje 20 kg før han går i andreklassa. Eg var 19 kg då eg bjønte på barneskulen."

Så er det å rekna med at GU fortsatt er 14 kg (3,5 år) og me må kjøpe eit identisk sete til broren. Som riktignok også har pappa sine gener og fortsatt er langt under den 13 kg grensa som vert sett som øverstetall til babykrybba vår i bilen. Men beina er så lange...

mandag 18. juli 2011

Helsestasjon på ferie / TERVISEKESKUS ON PUHKUSEL

Dei underlegaste ting eg har lagt merke til her i juli:

politi er på ferie
helsestasjon er på ferie (du får ingen time)
hotel er på ferie (stengd midt i turistsesongen)
den einaste kafe er snart på ferie (også i turistsesongen)
alle takstmenn er på ferie

Er skurkane også på ferie?
tek ungen i magen ferie?
skal alle som er her på ferie søve ute i sin ferie?
dei som er så sta og ikkje har stokke på ferie må greie seg uten kaffe latte mens heile område er på ferie
var du for seint ute får du berre vente at
livet starta igjen ein gong i august

fordi då kjem kronprinsfamilien hit,
kanskje på ferie?

k
***

Kõige imelikumad seigad, mida ma siin olen avastanud, on kollektiivpuhkused (juulis):

kogu politsei on puhkusel
kogu tervisekeskus on puhkusel (ei mingit vastuvõttu)
kogu hotell on puhkusel (keset magusaimat turismihooaega)
ainuke kohvik on ka varsti puhkusel
isegi maaklerite paremad käed on kõik puhkusel

kas pätid on ka puhkusel?
kas laps kõhus võtab ka väikese puhkuse?
kas kõik, kes siinkandis on puhkusel, peavad magama oma puhkuse ajal õues?
ja need kangekaelsed, kes pole siit puhkusele sõitnud, peavad oma puhkuse veetma ilma cafe latteta, sest kogu ymbruskond on ju ometi
puhkusel
oled sa hiljaks jäänud, pead lihtsalt ootama, et elu algab uuesti
millalgi augusti teises pooles

sest siis tuleb siia kroonprintsi pere

vist puhkusele?









lørdag 16. juli 2011

Kjøpe ny... /OSTAME UUE...

Dagen byrja med ei skrekkeleg hovudpine. Kanskje ikkje så rart, tatt i betraktning stressande ferieveke og sannsynlegvis mengder av søvnmangel. Sä etter å ha konsumert den vanlege smertestillande (kaffe og bacon), legg eg meg i senga for å kvile litt. Så høyrer eg ulven forklare situasjonen til K.

"Issi he auau her"
"Han he haudeverk? Ka skal vi gjere då?"
"Vi må kjøpe ny issi."

g

***

G hommik algas kohutava pealevaluga, tänu stressirohkele puhkusenädalale ja meie täiskuu-elule (st plaaniline tylitsemise aeg). Lisaks magamatus (mis juhtub, kui pidada pikki puhkuseõhtuid, ent ärgata ikka tööle-mineku-päeva-alarmi peale). Peale tavalist valuvastaste vahendite tarbimist (kohv ja peekon) heitis ta end voodisse "puhkama". Mina tulin just hommikuselt poeskäigult, et saada värsket salatit, ilma milleta ma sinnasamma kõngenult maha langenuks, ning nägin G-i sängis piinatul ilmel lesimas, kuna kaks põnni tal kylje all itsitasid, vingerdasid ning oma päid kokku tagusid. Mõtle kui naljaks, issi on tagasi voodis! Siis ju läheme meie ka!

GU tuli peagi kööki mulle olukorda seletama.

"Issil on aiai siin!" ja näitas otsaette.

"Kas issil pea valutab? Mida me siis peale hakkame?"

"Ostame uue issi!"

torsdag 7. juli 2011

7.07.2011 før midnatt

Lenin i Volda og kyrkje i Sæbø

Ja, kvifor ikkje? Andre forslag: Stalin i Stavanger, Mussolini i Mo i Rana, Quisling i Kristiansand

Hadde det kome meir av Lenin i Sæbø, hadde denne kyrkja enda opp som dansesal, lager, byggmaterial eller i beste fall som museum

tirsdag 5. juli 2011

Klokka / KELL

Eg vakna samstundes med GU i dag. "Ka e klokka?" spurde eg.
Han løfta armen sin framfor augo og sa:
"Klokka e hall sju."
Han hadde ingenting på armen, men det var som han såg ei ekte armklokke der. Difør spurde eg ein gong til, kva klokka var. Han var allereie ute av senga, så han tok nokre skritt til gangen og såg på den ekte veggklokka.

"Klokka e sju," sa han og løfta igen opp armen sin med den usynlege klokka på.
"Klokka e sju. De e same klokka!"

Vanlegvis viser klokka hans sju, seks, eller halv ni.

k

***
Ärkasin hommikul GUga koos. "Mis kell on?" kysisin ringutades.
GU tõstis oma käe silmade ette ja vastas:
"Kell on pool seitse."
Muidugi polnud tal mingit käekella. Aga tal ise justkui nägi, et tal oli kell käe peal. Seepärast kysisin ma uuesti, mis kell on.
Nyyd oli ta juba voodist väljas, seega sibas koridori seinakella vaatama. Tagasi tulles ytles:
"Kell on seitse." Siis vaatas ta uuesti täiesti selgelt OMA "käekella" ja sõnas veendunult:
"Kell on seitse. See on sama kell."

Tavaliselt on kell meie majas kas seitse, kuus või pool yheksa.

mandag 4. juli 2011

Kort til R / KAART R-le

I dag er det bursdag til ein ven, og nokre dagar i forkant har me sysla oss med kort. Så det kjem fram litt seint for bursadgsungen, men er igjen veldig EKTE.


GU har limt saman denne sola! Med limpistol! Eg synst sola er forferdeleg fint!


GU liimis kokku päikese. Minu meelest tuli kohutavalt kena!!!





søndag 3. juli 2011

Det var mannen

Eg hadde nettopp stoppa utanfor huset til famo og fafa for å hente ulven, då fafa kjem valsande ut døra. "Hei," roper eg til han, og får straks ei historie tilbake om at ulven hadde kasta lommeboka til famo ned frå altanen.

På veg heim, kom det litt spakt frå karen i baksetet. "Famo he 'kje pænga?"
"Nei, når nokon kastar lommeboka ned frå altanen, så har har ho ikkje pengar."
"De' va 'kje ej!"
"Der var to vitner: Famo og fafa såg deg gjere det."
"De' va 'kje ej!" Så tok han ei lita tankepause. "De' va mannen."
"Kva for ein mann?"
"Mannen kom og tok lommeboka."
"Der kom ein mann og tok lommeboka til famo?"
"Ja. Ej skreme han - UÆÆÆÆ!" Han gjer grimaser og viser klør. "Sånn."
"Så du skremte bort mannen?"
"Ja. Politibil må ta na å skyte na."
"Oi! Skal dei skyte mannen som tok lommeboka?"
"Ja."

Så vart det stille ei stund. Vi kjem omsider heim, og eg parkerer framom døra. Ulven virkar litt bekymra og litt letta.

"Politibil skal ikke ta mej?"
"Nei. Politibil er ute for å skyte mannen."
"Politibil he ikke pang pang."
"Å? Kva har politibilen, då?"
"Hoppetau."

Middag. Tannpuss. Spøkelseshistorie. Sove.

g

Kake / PURUKOOK

Det skjer så sjelden at eg lagar kake. Dei vert vanlegvis nokså sandsmakande, det skjedde også denne gongen. Denne heiter "smuldrekaka", eg smuldra saman smør og mjøl til bunnen og dryssa det same også over. Heldigvis har eg ei svigermor som alltid tek takknemleg imot all slags rar mat. Andre oppdaga ikkje ein gong at det var KAKE som eg serverte.

From Dagens Fangst
purukook enne ahju minekut, ananassitykkidega

GU liikuv torn


väikese inimese tee arvuti juurde ei ole lihtne

Slange

GU dukka opp om morgenen på badedøra, smilte og holdt opp ein 10-centimeters fletta ulltråd. Tråden hadde nokon (hm?) rive av frå bleiebuksa til EE.

"Slange! Sjå! Ditta e farli!"

(No hugsar eg ikkje heilt kva eg svara. Noko i tråd med at det var tråden frå buksa).

"Er det du som laga?" spurde han.

"Ja."

"Du må lage sokk!"

Det er VELDIG lenge sidan (månadsvis) eg strikka sist, og så hyggjeleg å tenkje på at nokon anerkjenner meg som babylest-strikkar ut frå lause lufta. :)

k

Sterke ord

EE har byrja å seie "emme" (mamma) og "hei, emme!". Det virka fortsatt veldig overraskande, fordi ALT han vil seie byrjar no stort sett med "emme". Og eg reagerar kvar gong som om han hadde meina meg kvar gong.

Så tok me til å lære han ordet "issi" (pappa). G peika på meg og seg sjølv og sa:

"Emme. Issi. Issi. Emme."

So peika han til storebroren til EE og sa:

"Tåfisbleie."

DETTE er det sterkaste ordet storebroret sjølv brukar om folk. Eit skikkeleg skjellsord! Og det må ha sitt opphav frå barnehage. Det var lenge det einaste skjellsordet, men no er det komne nokre fleire. Ute på leikeplassen i dag sa han vel til meg:

"Du, lille tul...ling!"

k

lørdag 2. juli 2011

6 AASTAT

Täna 6 aastat tagasi kohtasin G-i ja Leemetit esimest korda. Tallinnas käsitööpoes, kus ma juhuslikult nädalakese myyjaks olin. Oli samuti laupäev. Istusin keldris ja kahtlustasin kohe seda tõmmut "lõunamaa poega" nahktagis (saam või afgaan, ei oska näe vahetki teha) ning mingit blondi läbipaistvat kuju, kes end kogu aeg fotoka taha varjas. NII põhjalikult ja kaua uurisid nad Saaremaa tädide tehtud kampsuneid ja käpikuid, et olin kindel: nyyd paneb tõmmu mees mulle noa kõrile ning blond võtab kassa. Raha ju lihtsalt seisis kadakasest karbikeses laua peal.

Aga sain hoopis G-visiitkaardi, kus peal seisis võlusõna: Guovdageaidnu.

Buorre beaivvi, kirjutasin talle hiljem meili algusse. Ja jõudsin pealeysna intensiivset kirjavahetust ka Guovdageainnusse kohale. Meie esimene kohtumine oli kyll blind date, sest seda blondi poissi polnud kyll enam kusagil :), ilmselt olin hirmust olnud seal poes nii rabatud, et nad mõjusid nii kontrastsetena. Sestap on vist hea, et ma talle yllatusena ukse taha ei ilmunud, vaid lasin Enontekiösse järele sõita. Ja see kohtumine oli võluv.

G tegi must seal poes yhe pildi. Mäletan, kuidas ma eriti hoolega pyydsin sellel MITTE naeratada. Sain talt samas yhe sydamekujulise pulgakommi, nii läigelt punase, et peaks mul siiani kuskil alles olema :)

fredag 1. juli 2011

Kort / KAARDID A-le ja T-le

GU oppdaga eit underleg verktøy - ein limpistol. Så har me limt og limt og limt. Han har limt saman eit hjarte på bursdagskort for tanta si. Eg har limt alt det andre.


Kort til T

GU har fyrst klipt stoffet og deretter limt dette saman!

inne


Kort til A, som har ein mann og tre ungar



tirsdag 28. juni 2011

Gratulerer med dagen, Nanna!

Vi byrjar morgonen med kaffe og kake for å feire oldemor Nanna sin bursdag. Ho hadde vore 102 år i dag.



mandag 20. juni 2011

Ein mandag med slutt og byrjinga/PILDID

Christoph meilt edasisõitmise hommikul

Algus

søndag 19. juni 2011

Den vidunderlege 19. / PILDID

Dagen byrja med at eg vart tante. Systra mi fekk ein gutunge om morgenen.
Så drog me til Runde, til verdas beste sandstrand, og fekk meg årets fyrste badetur.
Etterpå var eg i Christineborg for fyrste gong i livet, møtte der mange eg kjente og berre kosa meg.
Han Ch skal lage eplekake med ungane, når han når tilbake frå sykkelturen. Kvar var han? På den vid(r)underlege øya Runde, sjølvsagt.

k

Baden-Baden :) på Runde
Minu esimene ujumine sel aastal. Runde liivarannas.

EE sin nokså mistenksom blikk mot mamma i vatnet.

Klesskift... nesten
Liivarand ise kah.

Christineborg på Runde




Mine tre bjørn

Utsikt frå vindauge



GU sin fyrste tohjulssykkel! Fungerer med pappa som støttehjul...
GU esimene kaherattaline. Issi on esialgu abiratasteks.




Ulv og Elg / HUNT JA PÕDER

Det var ei litt eldre dame som spurde etter namna til gutane våre. Ho syntest dei var litt rare, liksom i lik linje med namna til Ragnar Thorseth sine søner (var desse Njål og Eirik?) So mykje om dei heilnorske namna som me hadde valgt!

Det kom ei anna dame til kafébordet og vår bordven ville presentere gutane våre. "Ja, ser du, her har du to sjarmerende gutar! Dei har litt rare namn. Ein sluttar med Ulv og den andre med Elg!"

***
Runde kohvikus jäime juttu ajama yhe vanema kohaliku daamiga. Ta leidis, et meie laste nimed on vähe veidrad, nagu Ragnar Thorsethi poegadel (Thor Heyerdali mantlipärija, "viimane viiking", lastel vist nimed nagu Njål ja Eirik). Ma olin siiani veendunud, et meie omadel on ikka tavalised norra nimed. Pluss Enn. Ehk siis tähendavad Kaitsja Hunt ja Tulihing Enn.

Siis tuli meid tervitama ka M, kes oli äsja vanaemaks saanud. Meie senine vestluskaaslane hakkas talle poisse tutvustama. "Neil on natuke imelikud nimed, kui ma õigesti mäletan, siis yhe nimi on Hunt ja teise oma Põder!" (põder - elg)


Gåve til M og S

Han vesle M vart storebroren til ei pitteliten prinsesse S i slutten av mai. Eg hadde gåvene, men det skorta på kort. Så omsider gjekk eg og kjøpte ei frå bokhandelen.

Meininga med innpakninga er å bruke material som eg har liggjande heime, her eigentleg papiret rundt mine gaver frå juletid. Men eg kjøpte rosa netting (av plast? litt papir?) og silkeband. Men eg regnar med at silkeband og denne rosa stoffet vert gjenbrukt likevel. Det er vel mykje edlare enn vanleg glanspapir som uansett vert alltid berre kasta. Så prøver eg å unngå minst glanspapir når mogleg.


lørdag 18. juni 2011

Besøk og sykkel

Nokre dagar skjer det ting i bøtter og spann (som forrige veke). GU fekk sin aller fyrste tohjulsykkel, som han no må øve på. Det trengst fortsatt balansesykkelen og. Hans eigen sykkel er noko vanskeligare enn den tohjulssykkelen han har i barnehage. Men flink er han, berre tre og eit halvt år gamal.

Me fekk besøk av Christoph, ein nydeleg grei og smilande sofasurfer frå Austerrike. I morgon skal me til Runde!

Det er maritime dagar i Fosnavåg. Trur det berre er for å samle fine båtar i hamna. I fleire rader. Dei største som berre går an å ha.



torsdag 16. juni 2011

Den store helten Elias

Kvar kveld vert det litt høgtlesing i senga. Men sjølv om vi prøver å introdusere nye bøker, vil ikkje ulven sove med ein gong, han ligg tolmodig og ventar på at eventyret tek slutt, slik at han kan seie: "Du må lese Elias."

Så er det ingen annan utveg. Elias er den store helten, og Tråle er ein stygg båt som lyg om Elias og skaper berre ugagn. Så når Elias dreg Tråle inn til Lunvik og Tråle byrjar å lyge, kjem det litt uventa frå tilhøyraren, "Vi må skyte Tråle."

"Øh? Hæ? Nei, vi må no ikkje skyte han."

"Kan vi ikkje skyte Tråle?"

"Nei. Han lyg og sånt, men vi kan no ikkje skyte han av den grunn."

"Kan vi ete Tråle?"

"Nei, Tråle er laga av metall, så då øydelegg vi berre tennene våra."

g

Frå gresk potetsalat til sjokoladekake: Volda-Bergslia

I "Nabolaget" i Volda serverar dei den beste salat-middagen i heile kjende verda (til meg da). Gresk potetsalat heiter det, med fenalår :) Mangfoldig og harmonisk! For utrulege 65 NOK.

For ei ro :) ikkje noko umogleg å oppleve når det finst ein heil vegg og halve golvet med barnefreistningar.


Min ven A i Bergslia som dekka bordet med sjokoladekake i smilande kveldssola på terrassen sin. Heilt utan avtale :)

k

tirsdag 14. juni 2011

BLØJ-BLØJ

GU hadde fått ei lita lommelykt frå faffa. Den brukte han ein dag eller to, men løyste det snart opp til smådelar. Eg var der når han gjorde det.
Han heldt att huvudet til lykta, pressa den hardt i handa si og sa til meg med ei overbevisande mine:

"Dinne heite bløj-bløj!"

Så smilte han lurt og byrja å hoppe rundt med bløj-bløjen sin. Dei vart uskiljelege venar.

(Eg trur det er fyrste gong at han gir eit varende namn til ein gjenstand.)

***
GU sai vanaisalt väikese taskulambi. Seda ta pruukis päevakese-paar, aga võttis peagi pisikesteks osadeks lahti, õnneks minu nähes, nii et sain eluohtlikud tykid eemaldada.
Ta hoidis alles taskulambi pea, pressis selle kõvasti oma rusikasse ning ytles mulle veenval ilmel:

"Selle nimi on blöi-blöi!"

Seejärel naeratas ta kavalalt ning hakkas oma blöiblöiga madratsil ringi hyppama. Neist said lahutamatud sõbrad.

See on minu meelest esimene kord, kui ta mingile esemele oma nime annab. Pysiva nime pealegi.

lørdag 11. juni 2011

Wilhelm Tell and other vikings at Herøy Gard today

He puts an apple on the head of his son and shoots an arrow right through it!
"I am Wilhelm Tell!!!"

The next man puts a plumb on the head of his beloved one and shoots an arrow right through it!
"I am Robin Hood!!!"

The third man puts a cherry on the head of his wife and shoots her eye out.
"I am sorry!"


Ikkje sei...ÄRA YTLE NII

Minstemann: væebæeveveee
Ulv: ÅÅÅH! Ikke SÆI det! Du MÅ IKKE sæie det!

***

EE: "Väeväebäevee..."

GU: "Ah! Ära ytle nii! Sa EI TOHI nii öelda!"



fredag 10. juni 2011

This incident happened to me... TENGELPUNG

Heile gårsdagen klaga eg over at eg hadde mista lommeboka mi. Ikkje eigentleg, men kunne ikkje berre finne det. Det var heilt forferdeleg, fordi han G måtte dukke opp og betale for mine innkjøp (som var sjølvsagt heilt nødvendige akkurat i går).
Rett før me la oss, ropte han G:

"Ej he funnje lommeboka di!"

"Å so fint, legg den i korga da!" ropte eg allereie frå senga.

"Den VAR i korga!"

(Som beviser at også når det finst eigne plassar for tinga mine, sliter eg med å hugse dei :) ).

k

***

Terve eilse päeva kannatasin ma tengelpungatuse all, st olin kaotan järjekordselt oma rahakoti. Kodus muidugi. Aga õhtul, kui juba voodis olin, hyydis G:

"Ma leidsin su rahakoti yles!"

"Ah kui tore, pista see peegli kõrvale korvi!"

"See oligi juba korvis!"

(Mis tõestab, et isegi kui mul ON asjade jaoks OMA KOHT, ei suuda ma neid meeles pidada :) ).

torsdag 9. juni 2011

Denne farli! OHTLIK!

GU tek ei grøn erte (torka)frå boksa.

"Denna farli! Sjå tita (baby)! Berre kiljo-kiljo kan ete den!" og putta den i munnen.
"Ja, berre kiljo-kiljo og GU!" la eg til.

***

GU võtab karbist kuivatet herne.

"See on ohtlik! Vaata, tita! Ainult kiljo-kiljo (kajakas) saab seda syya!" ja pistab herne suhu.

"jah, ainult kiljo-kiljo ning GU," tuli mul tõe huvides lisada.

k

søndag 5. juni 2011

Liten kamelat

"Ej vil ha liten kamelat! Ej vil ha liten kamelaaaat!" ber ulven hjarteskjerande.
"Du fe en splitter nye kamerat ut på hausten. Berre vent."
Men det gleda han ikkje i det heile, for det var kamera han hadde sånn lyst på.

onsdag 1. juni 2011

Det er for voksne

1. juni, den internasjonale barnevernsdag.
Til å verne oss frå atter ein aktiv springe-rundt-og-hoppe-og-mase-om-film-kveld, satt eg på Harry Potter, the Philosopher's Stone. Eg passa på å fortelje nøye om alt som skjedde. Eg syntest det var folig kjekt å sjå motorsykkelen å flyge ("Motorsykkel" og "kan flyge" er av dei viktigste nøkkelorda GU brukar), å sjå uglene med store augo og ein kjempefin tog og snoop, som hoppa rundt. Men når eg så fint presenterte slangen som kunne snakke (slange er ein av favorittleikene), brydde GU seg fortsatt berre om denne babyen, som hadde fått huvudet "knekt" (also Harry sin arr). Og slik fortsatt det.

På halve filmen stoppa vi (fekk ikkje sjå dei skumle scenene med troll og liknande) og GU sa sin ærleg meining:

"Denne filmen litt æsj!"
"Var den skummel?"
"Ja! Det var skummel. Det var æsj!"
"Lika du ikkje motorsykkelen som flaug?"
"Nei! Det e for voks...en, ej e ikkje voksen."

Eg lurer på korleis han eigentleg takla alt volden som han ser på NRK Super. Bryting og slåsskamp likar han og viser gjerne fram. Det er kjekt å vere stor og krige. Allerkjekkast er det å skyte på politibil (det finst nemleg hoppetau inne i politibil, veit han GU).

Så, kjære lesar, om du finst, Tøfferud og Elias og slike filmar på DVD /bøker er velkomne til oss! Berre dei finst aldri med nedsatt pris :(

k

søndag 22. mai 2011

When you know the notes to sing...

...you can sing most anything!


Estisk versjon av "Genialistid":

jo
se
te
si
dru
ni
ga

JOO SEE TEE SIDRUNIGA!
Drikk denne teen med sitron!

(Tittelen: "Haiguste vältimine nende ennetamise teel!" - "Unngåelse av sjukdommer ved å førebyggja dei" eller noko slik tull).

k

Kveldar på Ingermanland / SULAVALARALLA

Dette ÅRETS favorittsongen min er -Sulavalaralla- som er ein ringleik frå Ingermanland, dvs forklarar verdas rundgang. På Ingermanland (sjå kartet http://et.wikipedia.org/wiki/Ingeri) budde det ulike finsk-ugriske folk før Andre Verdenskrig, deribland eit folkeslag som snakka det nærmaste språket til estisk. Dei er døydd ut for no, takk til Sovjetunionens repressions- og migrasjonspolitikk. I knappe 20 år greidde dei å drepe eller deportere 97% av befolkninga på Ingermanland (for so å setje russarar og liknande på plass der). Dette kunne ha vorte stoppa, om 2. Verdenskrig hadde fått noko ærleg slutt for Aust-Europa, om freden hadde bevart statsgrensene slik dei var før krigen (Ein del av Ingermanland høyrte til under Estisk Republikk før 2. Verdenskrig). Kanskje eit intressant faktum: 19. september 1944 vart det fred mellom Finland og Sovjetunionen, og Finland skulle gi ut "Sovjetunionens borgarar" som hadde flykta dit. 55 ooo frå Ingermanland vart levert tilbake, ALLE vart deportert langt inn i innerste delen av Sovjetunionen for assimilasjon, dei fekk ikkje løyve å vende tilbake til heimetraktene sine. Ca 8000 greidde å halde seg skjult i Finland, omtrent halvparten av dei flykta vidare til Sverige for å sleppe presset frå finske myndigheitene.

For meg er språket av vadja folket so nydeleg, so nær. Enda folket ikkje meir finst. Eg samlar på ordboka som vert gitt ut i fleire bind i Estland no.

Men songen frå eit gløymt land til utrydda folk er arrangert frå ein estisk komponist Veljo Tormis under syklusen "Ingermanlands songar." Eg synst det er vert å høyre for 1. gong uten å kjenne til teksta.

Det nydelegaste versjon av songen har vorte laga av ei ung estisk dame, Eva Mitreikina: song nr 12 i venstre menyen her (berre byrjinga) http://www.ulmeplaadid.ee/ulm14.htm

Dette frå Eva er so mykje beire enn prosjektkoret i Nederlandet, dvs koret høyrt over internett, men det er veldig flott at ein har laga eit ekstra kor for dette :) http://www.youtube.com/watch?v=MjSgaqMJEPQ

Men dette frå koret er også veldig spanande, om du opnar fleire vindauget etter kvarandre, slik at det vert litt kanonartig mix :)

Orda har eg kopiert frå YouTube, med engelske oversetjing under.

Piirileikkilaulu
Tytöt ne istuvat siliällä sillalla. (ah vei vei vei sulavalaralla, sulavalaralla ja vei vei vei)
Pojat ne kysyvät: saankos tulla illalla?

Älä tule illalla, siskoni tuntee,
siskoni sinulta oven i suljee.

Älä tule aamulla, äitini näkee,
äitini ajaa sinut käpälämäkee.
Älä tule yöllä, isäni kuulee,
isäni sinut i rosmoksi luulee.
Tule vaan päivällä kaikkien nähten,
sitten sun kanssasi maailmalle lähten.

Roundelay
Girls they are sitting upon the floor and talking.
Boys they are asking them, May we go a-walking?
Do not come at evening, my sister will know you.
Straight from the doorway my sister will throw you.
Do not come at morning, my mother will face you.
Into the forest my mother will chase you.
Do not come at nighttime, my father will meet you.
Then like a robber my father will treat you.
When it is day come and everyone sees you,
Then I will follow wherever itll please you.


Sulavalaralla ja vei vei vei!

k

SULAVALARALLA

Väga ilus on Eva Mitreikinalt, laul nr 12 siin http://www.ulmeplaadid.ee/ulm14.htm (mis põnev koht see ulmeplaadid!)

Hollandi projektikoor on ka muljetavaldav, kui avada mitu akent yksteise järel, nii et tekib kaanonilaadne myhin! Siis on kyll äge!


k





fredag 20. mai 2011

Eg er ein annonsehelt

Eg ringte på ei annonse i Regionavisa, og sendte ei melding på den andre. Er ikkje dette ei enorm framgang?

Eg brukte forresten namnet Kaja, sidan dette er formen som folk flest oppfattar som namnet mitt. Og det er også eit estisk namn, med betydning "ekko".

Forresten hadde eg piknik på Herøy gard i dag med gutane våre. Bilete skal dukke også opp, ca eit halvt år seinare.

k

mandag 16. mai 2011

God morgendagen, Noreg!

17. mai sokid, väiksele runderull AM-le!

Vi har ein grevling på taket...

...og pappa ser ikkje!