onsdag 27. april 2011

Det er stengd

"Tisse, tisse, tisse, tisse..."

Om morgenen skynda GU seg på potta. Han sit der lenge.

"Kjem det basj?" spør eg.

"Nei, eg berre tissa. Det er slåst."

"Er det låst?"

"Ja, det stengd. Det stengd i rumpa mi. Sånn - " og han vise meg ei komplisert lås med fingrene sine.

k

tirsdag 26. april 2011

Med EE i Ulsteinvik

Det har vorte spart haugevis av pengar på at eg så lengje ikkje har tort å køyre den rundkøyringa før Ulsteinvik. Men nå er desse dagane over!

I dag var eg og EE på tomannshand opp i Vika for eins ærend: for å kjøpe meg off-white dansesko. Lave og breide. Dei fann ikkje vi. I det heile tatt fant vi ikkje noko off-white par. Og alt i alt såg vi kanskje tre par kvite sko i heile Blåhuset.

Men vi satt oss etter kvart ned i Walaker, på solterrassa. Eg speida på bilane og fjorden og følte meg heilt "på bytur". Og EE var så snill, satt og smilte og åt ei heile "kvele".

Eg følte at han faktisk er godt selskap å ha! I mangel av ledige venninner må ein bruke eigne ungar for å gå ut med :) Og det kan funke bra, som i dag. Å være sjølvforsynt...

k


En, to, så masse!

Det var jul når mommo var også på besøk. Me hadde alle ein fin middag på Neset. Fammo køyrde oss alle heim. Så skjedde det at det satt både fammo og mommo i same bil. Noko så uvanleg! GU ville telle dei.

"En mommo! En, to!"

"Ja, det er ei mommo og ei fammo. Det er en, to."

"Så masse mommo!"

Så eigentleg var det ja "en, masse".

No kan han ramse opp tal som ei dikt, men når han tel åleine er det ofte "En, to, tre, seks, sju!"
Han har sine favorittal, som han skifta ut av og til. Den fyrste etter "en, to, tre" var "åtte" - kanskje fordi det var enklast å seie ut. Så var det "sju": "Klokka sju tuttu (totto)!" Nå er det "seks", og det kan verte litt pinleg òg, for det kan bety noko heilt anna. Når han ropar over kafelokalet: "Ej vil ha seks! Meir seks! Seks, seks, seks!" Då meina han "kjeks".




Ej vil sove EN!

Det var den fyrste dagen på barnehage etter ei lang "ferie". Det vart vanskeleg for GU å stå opp.

"Ej vil sove én!" mumla han.

"Kva for noko?" lurte me på.

"Ej vil sove én!" sa han igjen og viste fram peikefingeren.

"Ah, du vil sove litt til!"

Klart det, fordi alle feriemorgenene har han vakna (gjerne MYKJE tidlegare enn i dag) med å vise fram alle fem fingrane på handa si og deklarert:

"Ej he sove så masse!"

k

mandag 25. april 2011

Vi må hente fammo!

Fammo-faffa er på påskeferie i Sverige. Det likar GU dårleg. Etter noko forklaring fleire dagar ("Fammo-faffa stengd? Barnehage stengd? Så masse stengd!") kom han på ein reddande idé. Faktisk det fyrste som han sa når han vakna skikkeleg var:

"Vi må hente fammo!"

"Ja?" kasta eg spørsmålstegnen opp i lufta. "Virkeleg?"

"Fammo-faffa stengd. Vi må opne. Vi må hente nøkkel. Opna nøkkel."

"Så fyrst må vi opne huset og så hente fammo?"

"Ja! Eg skal passe fammo. Vi må hente!"

k

SELTSIS ON SEGASEM / morsoll som to



søndag 24. april 2011

Eit døkke gjel

"Slik fylte dyret meg med angst og ville,
og attlengs tvinga meg, i rykk og ri,
mot døkke gjel der skuggen svartnar stille."

Frå Dante's Guddommelege komedien, omsett av Sigmund Skard, 1. song, v58-60

lørdag 2. april 2011

Loppe

Mora fann ei loppe
i senga.
Loppa døde,
mora gret.
Kor mange tårer
gret ho då?
(Sju)

Det er ein barneregel for telling, som eg lærte frå ho IR på Runde kafé i dag.
Det var mi fyrste "ekte" framtreding på scena i lag med Runde blandakor.

Og det var så moro etterpå!

k

Misbrus

Ulven vil "ha sånn so du he" og peikar på glaset mitt med solbærbrus (dvs. solbærsaft blanda ut med Farris i staden for kranvatn). Han sjølv har eit halvfult glas med Epleschorle (dvs. eplesaft blanda 50/50 med Farris - noko ein gjerne gir sjuke barn med dårleg matlyst, slik at det dekkjer litt av det daglege inntaket av mineralar og vitaminer).

"Å nei, du," svarar eg. "Du har allereie eit glas med eple, eg gir deg ikkje eit nytt glas med ny drikke kvar gong du ombestemmer deg. Drikk frå deg det du har fyrst!"

"Men ej vil ha sånn so du he!" Ulven byrjar å blåse inn i sugerøret sitt, slik at det boblar. "Hehehe! Ej he boble!"

"Det er misbruk av eplebrus! Det er... misbrus!"

"De e morsoll!"