onsdag 23. november 2011

I andre tankar

Eg var i kassa då K ringte og lurte på kvar eg vart av. Så eg betalte, satte frå meg handlekorga og byrja å gå.

"Ikkje gløym varene dine!"
"Oi! Snakk om å ha hovudet rette staden."
"Ja, du såg forelska ut der du vandra bort."
"Det er eg óg. Har nettopp snakka med henne på telefon."
"Du må vere forsiktig med sånt."
"Det er for seint. Gift med tre barn."
"Då er du hardt råka."

g

lørdag 12. november 2011

Bursdagskaker

"Ulv? Kva vil du ha til bursdagen din i morgon?"
"Eplekake."
"Det høyrest godt ut."
"Og eplejuicekake."
"Øh, javel..."
"Banankake"
"Eg er usikker på om dei selg det, men vi kan sjekke."
"Sjokoladekake"
"Det er min favoritt óg. Noko meir?"
"Sjokoladekake, banankake, eplejuicekake og eplekake."
"Det er notert. Kva vil du drikke til alt dette?"
"Drikkekake!"

Må fortelle issi

Det vert stendig enklare å nytte ulven som budbærar. Han hadde besøkt emme på soverommet, der han fekk ei melding han skulle fortelje vidare til issi.

"Issi, du skal ringe Søen!"
"Hæ? Kven skal eg ringe?"
"Søren!"
"Eg skal ringe Søren?"

Det tok litt tid før eg forstod at det var frisøren han meinte.