søndag 30. juni 2013

Sparken

Malin kjem inn på kjøkenet med russebiletet av Ulv som hong på veggen for få sekund sidan.
M: Sjå... bildet...
G: Av Ulv som russ, ja?
M: Ej trenge hjelp å få det på veggen igjen.
GU: Ho tok det av veggen!
Malin byrjar å bevege seg til stua med begge dei eldste gutane i hælane.
GU: Kaffor gjorde du det?"
EE: Haffo jorde du det?

Issi diltar etter og møter ei litt trist Malin som sit på ein barnestol medan Ulv prøver å henge biletet på veggen igjen.
M: Gard Ulv sa at ej he fått sparken.
G: Å? Ka jobb du fekk sparken av da?
M: Hmmmm?
G: Fekk du godt betalt på den jobben din, da?
M: Nnnneeeei...
GU: Ho tok ned bildet, ho he fått sparken!
G: Då må du få etterbetalt, veit du.
K: Ja, då må Gard Ulv gi deg mykje is.
GU: Hæ?
G: Det er tre månader oppseiingstid, så Gard Ulv må gi deg mykje is i tre månader.
Malin gliser stort.

Nokre minutt seinare kjem Eldar ruslande.
EE: Ej he fått sparken.
K: Ja, då må Gard Ulv gi mykje is til Eldar også!

g