mandag 19. september 2011

Herleg å lage mat

G er heime med ein sjuk unge og sjuk kone. Han lagar middag.
Eg: Er det herleg å vere heime?
G: Det er herleg å lage mat!
Eg: He du sakna det?
G: SAKNA? Fe no ikkje mat her!!! Alt ej he fått e potet, berre potet og potetmel!

Han held på med sin raud saus à la Garde.
Eg som har vore så flink til å lage middag nesten kvar dag, potetgraut frå sratch, kokte poteter, stekte poteter (med smør!), potet i ovn... Spagetti på dagane med lite tid. Og stramma på matutgiftene med å bruke sesongvare. Laga raud suppe til dessert, med tyttebær... 2 gongar 5 liter i siste månad! Og ingen har klaga...

fredag 16. september 2011

Dingseboms

Morgen før barnehage.
Eg: "Kom no, vi må skynde oss! Klokka ti bjønde dingseboms!" (Kom ikkje på noko rett ord akkurat)
GU lyser opp og spør inderleg ivrig:
"Skal EJ gjere det?!"
Eg: "Du skal vere med på det." (Samlingsstund - det er vel ikkje noko konkret nok. Så eg brukar "dingseboms" likevel.)
GU: "E det bursdag? E det mi?"
Eg: "Din bursdag e på hausten."
GU: "Oo, så det e bursdag til diskeboms!"
Eg: "Lika du dingseboms?"
GU: "JA!!!"

onsdag 7. september 2011

Kan du køyre buss?

GU: "Emme, kan du køyre buss?"
"Nei."
"Du må vekse!"
"Jaså?"
"Du he lange føte, du kan køyre buss?"
"Kanskje..."
"Skal du sitte bake på ein buss?"
"Ja."
"Ej åkså! Ej skal vekse snart. Så kan ej køyre bil. Så kan ej køyre buss!"

k