fredag 7. januar 2011

Skrubbsår (del 2); PILT

Etter middagen skrapa Skrubben opp såret sitt til blods. Han pappa ville setje eit plaster på den - eit Muumiplaster med bl a Lisje My på. Men Ulven nekta blankt. Ut i frå medynk viste mommo (mormor) også eit bittelite sår på handa si og gjekk for å henta ein lækjande krem for begge.

Etter at ho hadde forlate rommet, tok GU plasteret som han hadde roska ned frå snuta si og sa:
"Mommo ha dinna!"

Og for å snike seg unna leggjetida, vart han plutseleg skrubbsvolten.

k

Eit mogleg opphav av skrubbsåret likevel...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar