mandag 3. januar 2011

Bilen vart henta! Og køyrde tilbake same kveld!


Bilen vår tok julekvile rett midt i jula. Det datt noko ut av girkassa :) lukkelegvis ikkje så langt frå parkeringsplassen vår. Me var på veg til Ulsteinvik for å bestille nokre ekstra julekort for å kunne sende dei før nytt år, og framfor Spar hugsa eg noko eg hadde gløymt. Ja, me snudde og mens G prøvde å rygge til parkeringsplassen vår, høyrde me "glongk!".

Trur det var meininga, fordi elles hadde me aldri fått noko som helst fred i romjula. Nå var det berre å sukke og håpe at venene og naboar tilgir oss at det ikkje fekk julekort.

Bilen kunne fyrst hentast på mandag, og det var eit praktfullt syn for GU. Han elskar svære maskiner: snøploger, lastemaskiner, alt det av breide og lange transportet som køyrer under kjøkkenvindauget vårt med betongdetailene til Frikyrkja... Eit fryd!

Om kvelden fekk han GU ein ekstra flott kjelketur til Statoil for å hente den tapre hesten vår. Regninga var på framsete :)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar