Det var ikkje mykje eg fekk med meg, anna at GU plutseleg sto aleine i soverommet, og eg vart bekymra for at han kan vekke EE. Og då er det forbi med ein-kose-søvn-til-sola-kjem for alltid! So eg kviskra til GU (på dårleg sunnmørsk, sidan det var so tidleg, men for å vere sikker på at han skal forstå alt):
"Kom hit! Legg deg bak ryggen min!"
Ingen reaksjon.
Eg var irritert og la ekstra vekt på alle ord. "Bak rygg! Minnnnn rygg!"
Til min forferdelse såg eg korleis han klatra opp i senga for å slå på lyset.
"Ikkje slå på lyset!!!"
Det var for seint. Men GU bøgde seg for å sjå under senga, røyste seg straks og slo armene demonstrativt til side:
"Ej finne ikkje BAK RYGG!"
k
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar