fredag 19. februar 2010

søknad om jobb (skriftleg produksjon)

Eg må bevise min norskkunnskap no om våren. Eg fekk akkurat ein eksempeltest. Den verste oppgåva nokonsinne for slik ein dagdrivar som meg er å stille seg opp som jobbsøkjar. Men kva slags jobb da??? Hallo, folkens, eg likar ikkje å lyge! Har ikkje funnet ein jobb som passar meg eller som eg passar til i heile livet mitt... eller...

SKRIFTLEG PRODUKSJON

OPPGÅVE A

Søknad om jobb i eit vikarbyrå

Dersom du ønskjer å jobbe i eit vikarbyrå, skriv du ein søknad der du mellom anna opplyser om kva type arbeid du søkjer, og kvifor du passar til dette arbeidet.
Skriv til punkta nedanfor. Skriv om lag 100 ord.

Kva type arbeid ønskjer du?
Reingjetar

Kvifor passar du til denne jobben?

Eg har erfaring med å trekke rein,
eg kan trekke dei båe frå horn og frå bein!
Til slaktninga er eg aldri for sein,
eg kan dunke med øks mot skallebein.

Når lyset skal slokne i reinskiljering
og vilt fer der rein i mørkret omkring
eg oppfør' meg aldri som noko tomsing
men klatrar på gjerde og ned igjen spring

straks augo kan sjå til å kaste eit slyng
rundt hornen til bukken, så glade eg syng:
no her eg vel trekke ein edel rein -
dens hjarto skal få min norske ven Svein*!

*Svein Lund, samisk-nynorsk forbilete mitt

Gard her har problem med den siste linja som bryter SVO-forma men eg ser ikkje noko problem her. Det er no klart at det er han Svein som skal få reinhjarta!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar