søndag 21. februar 2010

morsmålsdagen 21.02.2010

I dag hadde vi glede av barnepass og køyrde ut til Ivar Aasen tunet, kvar me fekk lytte på nokre fine dikt på Shetlands-dialekt. Det meste fekk han Gard å lytte på, sidan me med Enn var ganske lenge utanfor portane til den nydelege ord- og bileteverda. Det var rart å høyre på sånn ei skarp uttale av engelske og liksomnorske ord, norsssske ooR.

Diktet av moras bortgang på midtsommaren, korleis mora fylgde fuglar med augene, ut frå vindauget, og dei hadde eit ordlaust språk, mor og dattera. Eg såg på den vesle Enn, 3 månader gamal, som smilte åt meg og gurgla litt. Vi også har det, preverbal kommunikasjon :) og i livets ende, må skje, eit postverbalt språk, som eg vonar er det same.

The suddenness of flowers in June.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar