tirsdag 23. februar 2010

Eit yrande selskapsliv

Hadde eit hyggeleg besøk i middagssola, som letta dagen for meg og utvida grensene, slik at me kom oss avgarde og feira dagen med haifinnesuppe på Hareid, fekk svinga oss innom Ulsteinvik på returen kvar me fekk eit blad og ein enorm kopp kakao. Og attpåtil nådde me å møte dei venlege damene på sanitetsforeininga og vist fram han EE, snille guten vår. Den seine kvelden hadde endå eit overraskingsmøte. Eg og EE fekk skyss heim frå ho Monica, ettersom vår trufaste Peugeot rakk opp hjula over taket og var for trøytt til å reise heim.

Hareidmiddag var for å feire dagen eitt år sidan, når me satt i kinesosk restaurant i Fosnavåg, dvs. GU kraup på golvet og me var litt molefunkne for det me reiste til Eland dagen etter. Så i dag feira me det at me kan sitje i ein kinesisk restaurant utan å måtte seie farvel til kvarandre.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar