onsdag 1. juni 2011

Det er for voksne

1. juni, den internasjonale barnevernsdag.
Til å verne oss frå atter ein aktiv springe-rundt-og-hoppe-og-mase-om-film-kveld, satt eg på Harry Potter, the Philosopher's Stone. Eg passa på å fortelje nøye om alt som skjedde. Eg syntest det var folig kjekt å sjå motorsykkelen å flyge ("Motorsykkel" og "kan flyge" er av dei viktigste nøkkelorda GU brukar), å sjå uglene med store augo og ein kjempefin tog og snoop, som hoppa rundt. Men når eg så fint presenterte slangen som kunne snakke (slange er ein av favorittleikene), brydde GU seg fortsatt berre om denne babyen, som hadde fått huvudet "knekt" (also Harry sin arr). Og slik fortsatt det.

På halve filmen stoppa vi (fekk ikkje sjå dei skumle scenene med troll og liknande) og GU sa sin ærleg meining:

"Denne filmen litt æsj!"
"Var den skummel?"
"Ja! Det var skummel. Det var æsj!"
"Lika du ikkje motorsykkelen som flaug?"
"Nei! Det e for voks...en, ej e ikkje voksen."

Eg lurer på korleis han eigentleg takla alt volden som han ser på NRK Super. Bryting og slåsskamp likar han og viser gjerne fram. Det er kjekt å vere stor og krige. Allerkjekkast er det å skyte på politibil (det finst nemleg hoppetau inne i politibil, veit han GU).

Så, kjære lesar, om du finst, Tøfferud og Elias og slike filmar på DVD /bøker er velkomne til oss! Berre dei finst aldri med nedsatt pris :(

k

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar