torsdag 18. mars 2010

Snøklokker i regn

Det er alltid eit spanande spørsmål om eg får snøklokker til 19. mars kvart år. Eg hadde no ikkje eit vagaste håp. Men det var nesten som ei hand har leia meg til Ullbutikken i dag, der eg såg ein liten bukett. Neimen, kvar kjem dei i frå? "Frå bakhagen, du kan gå og plukke der viss du vil, trur ikkje han landeigaren har noko å seie," svara den snille dama.

Eg plukka litt for oss og litt for ho JL, som kom på besøk. So hyggjeleg! Og fekk også snakke litt om Karviland der på butikken, og korleis det føles å selge lodd som unge til hus med store og ivrige hundar. Ho AT ga eit tips: sett blumar til kjøleskapet for natta, da held dei seg lengre. Det er so sjølvforstått men likevel vanskeleg å kome på det (lambist, "frå den reine lampa", heites det på estisk)! Det er liksom med tipset å gi ei brukt T-skjorte til babyen når du legger han til sengs utan deg, slik at han luktar deg likevel og har det roleg.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar