onsdag 24. mars 2010

Gangen rydda!

Hugsar på ei lita avhandling om trappa som semiotisk betydeligaste rom, space, noko som skil og bind saman samstundes, oppe, nede, høgre, venstre og alt i mellom dei. Javel, dette betydelige krysspunktet vart ovarladda med søppel hos oss heilt til i går. Kanskje ikkje akkurat søppel men nødvendige ting og tang som eg ikkje hadde funne plass for i leiligheita enda.

No ser det nokonlunde fritt ut, sopass at man kan snu seg om og alt. Det var berre mogeleg fordi G tok eldstesonen med på jobb i går. Han vart forskrekka når dei kom heim att: ja, kva har det vorte av verktøy!? Vel, han spurde heller ikkje om potet, fyringsved, dusjstange, eit halvmontert glasbord (feil slags skruar), dvd-spelar (kan berre brukast med tv-appart som me ikkje eig), kassettespelar og enda ein slags spelar som eg ikkje kan setje namn på. Dei finns alle, fortsatt, og delvis utan eigen plass. Men dei ligg ialfall ikkje på trappa, noko som samstundes skil og forbind oss saman med verda ute.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar