I dag var eg og EE på tomannshand opp i Vika for eins ærend: for å kjøpe meg off-white dansesko. Lave og breide. Dei fann ikkje vi. I det heile tatt fant vi ikkje noko off-white par. Og alt i alt såg vi kanskje tre par kvite sko i heile Blåhuset.
Men vi satt oss etter kvart ned i Walaker, på solterrassa. Eg speida på bilane og fjorden og følte meg heilt "på bytur". Og EE var så snill, satt og smilte og åt ei heile "kvele".
Eg følte at han faktisk er godt selskap å ha! I mangel av ledige venninner må ein bruke eigne ungar for å gå ut med :) Og det kan funke bra, som i dag. Å være sjølvforsynt...
k
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar