tirsdag 26. april 2011

En, to, så masse!

Det var jul når mommo var også på besøk. Me hadde alle ein fin middag på Neset. Fammo køyrde oss alle heim. Så skjedde det at det satt både fammo og mommo i same bil. Noko så uvanleg! GU ville telle dei.

"En mommo! En, to!"

"Ja, det er ei mommo og ei fammo. Det er en, to."

"Så masse mommo!"

Så eigentleg var det ja "en, masse".

No kan han ramse opp tal som ei dikt, men når han tel åleine er det ofte "En, to, tre, seks, sju!"
Han har sine favorittal, som han skifta ut av og til. Den fyrste etter "en, to, tre" var "åtte" - kanskje fordi det var enklast å seie ut. Så var det "sju": "Klokka sju tuttu (totto)!" Nå er det "seks", og det kan verte litt pinleg òg, for det kan bety noko heilt anna. Når han ropar over kafelokalet: "Ej vil ha seks! Meir seks! Seks, seks, seks!" Då meina han "kjeks".




1 kommentar:

  1. Haha! Ja, palatalar er litt vanskelegare enn alveolarar.

    SvarSlett