søndag 14. april 2013

Engelland

Under førebuing til frukost oppdagar Ulven til si forskrekking at der er noko som veks ut av ryggen. Ikkje berre ein, men to utvekster nedfor skuldrane, noko som issi kallar "skulderblad". Men emme veit betre. "Du held på å få vengar, slik at du kan flyge rundt når du drøymer."

Brått vert Ulven venge-ekspert. Han har forstått at han får vengar fordi han er så flink til å legge seg, og held så fram med å vise korleis han kan flyge (les: hoppe høgt). Så har han bestemt seg for at han skal flyge høgt opp, slik at han kan passe på alle. Ja, han skal flyge til fammo, og heilt opp til Engelland.

Issi: "Ja, fammo er i London, i Engelland no."
Emme: "Og der vert ho engel, for alle som reiser til Engelland vert englar."
Ulv: "E ho i Engelland?"
Issi: "Ja, var det ikkje det faffa sa i går? At ho flaug til Engelland?"
Ulv: "Flaug fammo?"
Issi: "Ja, faffa sa det. Ho tok ikkje båten, ho flaug."
Ulv: "Koffor må ho det?"
Issi: Ho flaug som turist.
Emme: Som turistengel.

g

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar