fredag 10. mai 2013

Brannsong

Vi vil gjerne at Ulv skal kunne nokre songar til 17. mai. Men dei vanlege songane har han absolutt ikkje sansen for. Og medan han den siste månaden har hatt stor interesse for å lytte på Bon Jovi / It's my life, vil han no at vi skal lære han å synge "brannsongen" - altså M.A.R.R.S / Pump up the volume. Han har ikkje sett videoen enno, berre høyrt musikken på bilstereoen, men vi er sikre på at han vil elske videoen.

g

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar