fredag 22. oktober 2010

Eit appelsintre, ei rive med to spader i eit melkespann og kaffikjele mm

Ja, i dag vart eg revet med av eit slags "inspirert shopping". I bruktbutikken hadde eg lenge sidan sett to skinnkoffert av den slags som eldre herrschaften kunne bruke, eg treng nemleg oppbevaringsplass oppe på skapet. Så gjekk eg inn og gjorde Gescheft. Og møtte ho Mf. Ho eig ein rein glede for gamle ting og tang, og brukte minst doppelt så lenge på den vesle butikken som eg - og eg med EE var no der saman 2 timar. Det er eit kulturoppleving for meg, ein Rundt-Noreg-tur i tida. Og ikkje minst gjer det heimen vår litt meir til heim.

Så fekk eg dei to koffertane for hundre kroner.

Og i tillegg:
  1. eit bilete av appelsintre, som eg såg eit år sidan og hadde mista frå augo; det heng no over døra i kjøkkenet (eit postkort eigentleg med sjølvlaga rammet);
  2. ei vase - som eg riktig nok ikkje skulle ha, men "det passa så godt til det appelsinbilete ditt" som ho Mf sa;
  3. "ditte MÅ du ha" - eit knallraudt askebeger (!), som Mf meinar har god evne til å samle brukte teposer e.l.;
  4. ei gamal kjele som skal prøve å fylle draumen min om ei EKTE kaffikjele, dvs der inne koker ein kaffi saman med vatnet;
  5. ein telysholder-kanneunderlag - ekte smijern. Riktig nok har me ein frå bruktshopping forrige veke, men denne var ja heilt annaleis herleg;
  6. dildal for GU: eit miniatyr- pyntemelkespann med ei rive og to slags spader inn i - av messing (det hellige metallet for samene); riktignok tok GU det straks til seg og tviholdte av spadene "Gall Ull oma!"
  7. meir dildal for GU: to bittesmå fletta korg (den beste tok eg sjølv for hårstretchar)
  8. ein lojalitetsvisning: ei bok av han H. Thorseth om kraftverk i Søre Sunnmøre;
  9. ei bok om Berlin i 1945 (eg held på med "Ei kvinne i Berlin" av Anonyma, og denne boka handlar stort sett om det same, dvs korleis var livet der rett før og etter krigens slutt)
  10. Og attpåtil fekk EE ei bamse og ein vest til gave.

    Mens eg holdt på å gå ut streifa augo mine kjærleg over ei kommode - og dette skulle vere det siste møbelstykket, viss eg fe plass for den, sikra eg meg sjølv. Men utan å vere heilt sikkert, ringte eg til G som måtte springe som gal mellom banken, butiken, barnehagen, heimen, skifta bil - so eg fekk også den herlige
  11. kommoden av furu, for 200 NOK. Denne har eg venta eit år for.
Og eg angrar ingenting, ikkje ein gong denne vasen og sikkert ikkje askebegeren.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar