fredag 2. juli 2010

5 aastat esimesest kohtumisest; 5 år sidan me møttes - eg og G eller var det no omvendt

I dag er det fem år frå det allerfyrste møtet vårt, som krevde så mange store og små ting å falle saman at det neppe kan vere noko tilfeldigheit, dette møtet vårt.

Me tok ein tur til Ørsta og koste oss på steinen etter tunnelen, såg på Liadalsnibba som er mitt absolutt favorittfjell. Steinen var varmt frå badev^er. GU sov i bilen og EE har dia litt med meg på steinen. G plukka blomar til meg som EE åt opp, også dekorerte G bilen med sommarblomst. Tjukt sommarlukt!

5 aastat tagasi kohtusime G-ga Tallinnas

Ja selleks pidi kokku langema nii palju suuri ja väikseid asjaolusid, et see vaevalt sai olla juhuslik.

Teel Ørstasse lesisime suurel kivil ja vaatasime Liadalsnibba't, minu lemmikmäge. Kivi oli kuum, sest oli tõeline rannailm. GU magas autos ja EE sai nati rinda. G korjas meile lilli (näksisime) ning kaunistas nendega autogi. Paksult risitikheinalõhna!

onsdag 2. juni 2010

Livet lokkar

Eg lenar meg mot trua at livet lokkar oss fram som mennesker. At omtrent etter ti-års bursdagen byrjar livet å lokke oss med løyndomar og freistande lovnader. "Eit menneske vert født. Han kjem hit som på ein stor gledesfest," som klokkaren Lible seier i Oskar Luts sin "Våren". Og det, korleis vi møter livet, er allereie minst litt avgjordt av ballasten som vi fekk med oss frå erfaringa før dei fylte fyrste ti år.

Men (eg er eit men-menneske) livets lokkingar fordunstar i lufta når du er ca 30. Minst med meg tok det så lang tid. Eg må tenkje meg om. Kvifor er eg so heldig, eg har vore berga frå naud og hjarteblod, men likevel er eg trist? Og dei små utfordringar i livet mitt som eg har, kvifor er eg so elendig til å ta lærdom av desse? Samstundes virkar det som bevis på at ingenting som er viktig, skjer tilfeldigvis. Ingen får bere større bør enn ein greier. Stemmer det? Mine bør er små og lette, men likevel takler eg det dårleg.

Me sjølv rår ikkje over det som måtte hende. Men me har nok makt over reaksjonen korleis me møter desse hendelsene. Og der er det: kanskje livet LOKKAR det INDRE menneske av oss UT med sine hendelser. Kanskje er det heile meininga med alt som skjer. Kva kunne vere målet? Love and compassion? Finst det i meg? Må eg erfare sorg for å verte mjuk overfor dei sørgjande? Treng eg å føle naud og angest for å skjøne livet for eit enkeltmann i okkuperte områder? At i alt som gjeld lidingar i livet og arbeidet til deg og dine, har du ingen instans du kan klage til eller stole på. (Som svenskarar hadde spurt etter å ha hørt korleis vanlege menneske vart revne or heimene sine midt på natta og sendt i krøtturvognar til sibirske fangeleir for å arbeide og svelte seg i hjel - "Kvifor kallte dei ingen politi?" Det var ja sjølveste politi som arresterte jødar i Noreg, og. Me fyllte berre ordre, det var ikkje oss det sto på.

Og me får kanskje påminnelse undervegs. Me høyrer av sjukdommen og lagnaden til dei andre. Klarer eg å setje meg på deira plass i tankene mine? Eg sjølv hadde ikkje klart det meste eg ser andre lide av. Det er ikkje alltid at eg er klar over det.

Og når eg kjem til livet, kjem eg til daud. I dag høyrte eg om at Toonela, den estiske Valhalla, ligg under vatnet. Og derfor er vatndaud det riktigaste daudet ein kan lide. Det faktisk finst innganger til Toonela - virvelstraumar som virvlar i solretning, mens utganger virvlar i motsatt veg. Toonela er heimen til dei som er døydde eller ikkje fødde enda. Storken som hentar ungar til estiske mødrer heiter faktisk toonekurg.

So bur folk vidare i Toonela og det er ikkje so særleg annleis enn her. So har eit menneske skifta berre tilværelsesplass. Det ligg skikkeleg trøst i dette, sidan havet tok menn både tidt og ofte.

Han som fortalde det, snakka med ei jente som vart redda frå Estonia når det forliste 28.09. 1994 (som kjend omkom 852 menneske, det vart redda 137). Ho sa at det vart varmt og behageleg roleg til sist, men rett før ho vart trekt ut av vatnet, opna ho augo og vart skuffa: eg er likevel framleis her. Det skjedde rare ting forresten med nokre som vart redda - deriblant den andre kapteinen - fyrst vart dei oppført som redda, men etterkvart fekk dei eit spørsmålstegn bak namnet sitt, for deretter havne til lista for dei omkomne (eg hugsar dei endelause listene på tv-skjermen som køyrde heile dagen, kvite namn på svart skjerm, det var so sjeldant det dukka opp "redda" bak nokre av dei). Sånt skjedde med 8 namn. Kroppene vart ikkje funne.

Men ho hadde håp at veninnene skulle dukke opp enda 2 år etterpå. "Dei kan ikkje vere daude, eg kjenner ikkje på meg at dei er daude. Dei er so nær til meg, eg skulle vel forstå viss dei ikkje er til meir. Men det gjer eg altso ikkje." "Det kjem an på kontakta du hadde med dei", svarte mannen. "Viss kontakta var veldig nær, skal dei aldri vere daude for dei. Dei finst i din informasjonsfelt framleis. Der glir dei aldri ut ifrå, so for deg døyr dei ikkje." Og der fortalde han om Toonela.

Mora til dei to veninnene hennar feira fødesdagen til døtrene, tvillingar, i stor selskap med kake og anna. Alle kom med blumar og sa et dei tvillingsyskjen skal kome tilbake, me håpar det! "Eg veit det, eg er heilt sikker," svara ho.

Men det var også ei anna mor i filmen, som mistet sonen sin, Andres. Havet ga ikkje legemen hans ut. Ho mora gjekk til stranda der han pleide å leike på steinen i vatnet som liten gut, og der bar ho saman ei høg steinrøys og tende lys på det. Ho sa det gjekk opp for henne at ho var mora til ein sjømann. "Og ei sjømannsmor må alltid vere forberedt for det verste. Og sonen min var ein sjømann."

mandag 31. mai 2010

Mathiase synnipäev 9. mail; vår fyrste barnefødesdag og klovn attpåtil!

Mathias 3-aastane

Lund sajab! Det snør!




Mathias sai 11. mail kolme aastaseks. See oli me esimene laste-synnipäevapidu, ja oli ootamatult vaikne! Kestis kolm tundi, seal sees ka kloun, keda alguses kõik kartsid, pärast aga pidi vaeseke õhupalliloomi vorpima. Ainult Gard Ulv ei julgenud midagi kysida, siis kloun tegi talle väga erilise ja mõtliku luige.


Han Mathias vart 3 år den 11. mai i år og me var også invitert til feiringa. Det var merkeleg stille til trass alle ungar som var til stades, og når klovnen kom vart alle skikkeleg redde. Men klovnen smelta snart isen med sin utspekulerte klossenheit og breidt smil (han var skikkeleg tryllende) og gjekk i gang! Etterpå fekk han knapt pustepause mens han måtte lage alleslags ballongdyr og ting og tang til ungar. Berre han Gard Ulv var redde for å spørje noko som helst, so tok han Lars Erik og laga han ein søt kontemplativ svane!

Spådde Spania vinne på MGP til eg høyrde sangen frå Tyskland

Eg som ikkje har vokse opp med MGP i morsmelka, men hugsar likevel godt kor sterkt eg ynskja Noreg vinne i 1994, satt meg framfor dataskjermen i går kveld nesten som ein innfødt norrmann. Kva var no den fyrste sangen? Noko med trappa? Eg hadde berre høyrd han Didrik syngje før, ingen av andre bidragar var kjende til meg. So kom Spania. Eg vart nesten lammslått: får man høyre noko SÅÅ fint på MGP? Og enda beire: ikkje på engelsk ein gong!

So vart det klart for meg at ingen veg går utenom - Spania må vinne! So kunne eg berre stryke heile konkurransen og slappe av med vindaugevask på kjøkkenen, som hadde tålmodig venta for sin tur... hmmm... skal ikkje røpe kor lenge.

Og kvelden på Skarabakkje var fullkomment nydeleg. Stille og solfullt. Av og til kom det nokre rytmar frå data-stova vår, men ikkje noko særleg for å kome in frå den andre sida av vindaugeskarmen. Heilt til det kom nokre rytmar som berre gjentok seg om og om og om igjen. Og rart nok, enkel, men fin melodi. Eg sniffa straks ei hitlåt der og dermed ei fare for favoritten min. Jau, det var Tyskland. Og eg likte det! Kunne det vere at man får TO fine låtar på MGP på same kveld???

Eg trur den store discotid frå nittitalet er ovar og med Lordi sin historisk framstilling har låtkonkurranse faktisk hoppa eit godt stykkje oppovar i kvalitet (for dei som ikkje er klar ovar når helvete fryser - det skjer nemlig når Finland vinn Melodi Grand Prix; so no he det alt skjedd). Og me var i Finland den gongen, i Lappland kvar Lordi opprinneleg kjem frå. Sjølvsagt såg eg straks at Hard Rock Halleluja ingen andre kunne slå. Det same var soleklart også med han sjarmante Fiskaren, han Rybak, allereie frå norske delfinalar. Så har eg spådd riktig med desse to og eigentleg med Nocturn også, berre denne gongen var eg mindre sjølvsikker til å ytre det.

Men den historiske sannheiten er at Tyskland vann i går. Og at han kjæresten min visste det allereie i april (han har blogga om det i Fjeselogg), men eg var berre ignorant mot heile konkurransa.

Mon tru viss det kjem frå den lange tida i Noreg som eg har vore her eller at MPG virkeleg har forbetra seg (som eg trur), men eg skal halde tilbake tanken om scrapkonkurransa.

Eg har høyrt rykter om at Lena har litt estiske røtter. Men Spania hadde fortsatt den beste sangen. Det har vorte landplage i dag :) Har dei no "feila"med at dei ikkje valgte å syngje på engelsk? Men det er jo bara bra, som svenskarar seier. Ein finsk parodi: We are the europeans også!

tirsdag 4. mai 2010

Karma

G: "EE! Ikkje spark broren din i andletet!"
EE: "Waaaaah!"
G: "Ok, så spark broren din, da!"
GU reagerer. "Wawaaa?" og byrjar å skubbe bort føtene til broren som sprellar midt i andletet hans.
G: "GU, ikkje skubb bort føtene til broren din. At bror din stappar føtene sine inn i munnen din er ingen grunn til å skubbe dei bort. Det er no slik du brukar å gjere med oss til tider. Det er dette vi kallar karma."

tirsdag 27. april 2010

Ammetåke; piimaudu

(Byrjar med parantes. Må berre skryte av dagen. Merkeleg, kor mykje godt av besøk, samtaler, rydding, reising, bål og attpåtil årets fyrste jänesekapsas, harekål, kan ein tysdag romme - og med ein sjukeleg ulv halve dagen er det noko å vere stolte av.)

Me fór til hytta, og like etter til vennene i Leikong me ikkje har sett på eit halvt år. Me beundra renoveringa av huset. Dei beundra gutane våre. GU drakk den umåteleg gode safta si og beundra eesti koer, estisk hund, mens han snakka til henne gjennom døra: "Mjau! Mjau!", og ho tok seg ikkje nær av det, enda ho er på størrelse av ein liten kalv.

Trur minstemannen undra seg over alt som skjedde rundt han. Omsider måtte me gå ein tur på badet. Det var på andre etasje, altså me måtte gå trappa opp. Når me var komne tilbake, slutta eg meg til samtalen for å stille nyfikenheita mi: "Kva som ligg på etasjen over oss? Loftet?" Vertinne byrja å ramse opp med soveromma, men då det vart nemnt "bad", skimta det noko kjent fram frå ordet og slo meg mot panna - "Det var ja der eg nettopp var!". "Ja, det er ammetåke, det," kom det frå sidelinja.

Men ikkje nok med det. Om kvelden ymta eg fram "min farfar på morssida" og sto på mitt fleire gongar før det gjekk opp for meg. Det var i badet. Eg såg at merkene på magen som eg fekk rett før fødselen vart no liksom krympa inn. "Det er mindre av bremsespora, som du sa." "Fartsstripene, sa eg", fekk eg til svar. "Det er no same ting likevel." "Nei, dei er stikk motsatt til kvarandre." Oeh.

Eg hadde i dag allereie lukkast med å gløyme foten min utanfør bildøra mens eg drog døra igjen. Det same gjentok seg ein time seinare, denne gongen klemra eg handa. Da fekk eg fornemmelse av at det kanskje ikkje er heilt dagen min når det gjeld teknikk og logikk. Jepp, men dagen var utmerka fin for det! Eg sakna ingen ting...

(Sluttar med parantes. For Svein: det var no igjen meg som skreiv, ikkje han som du ser i signaturen. Eg trudde ingen lurte på sånt :) Men sidan me faller under kategorien "dei to må vere eitt" er det vel fullt lov).

Päeva sõna: piimaudu
Täna jõudsime lõpuks mägionni. Ylased õitsevad ja jänesekapsas vohab! Tulpidel on nupukesed kohe-kohe lahti minemas.

Käisime ka sõbrul kylas yle poole aasta. Nad on vahepeal teinud majas ilusa remondi. Meie Ennuga pidime kesk vestlust minema trepist yles teisele korrale vannituppa. Tagasi joudnud, kysisin veel maja kohta, et oma uudishimu kustutada. See on ju yks nendest norra majadest, mis väljast on pisikesed ja kompaktsed kui kastanimuna, seest aga on kolme-neljakihilised pulmatordid (keldrikorrus on mäe sees). "Ja mis teil ylemisel korrusel on?", pärisin ikka yksikasjalikumalt. "Magamistuba, vannituba..." Oo, selles kõlas midagi tuttavat. "Ah, ma ju just tulen sealt!" pidin end vastu laupa lööma. "Jajah, see on lihtsalt piimaudu, juhtub imetavate emadega," naeris peremees.

Igatahes suutsin täna autosse istudes unustada uksest ripakile oma jala, mis end valusasti meelde tuletas, kui ukse kinni tõmbasin. Nagu sellest oleks vähe, kordus sama aisting tunnike hiljem, kui käe ukse vahele jätsin. Siis mõtlesin kyll, et täna ikka ei ole minu päev, vähemalt mis puudutab tehnikat või loogikat. Aga võta näpust (!), päev oli imeline ja ma ei tundud millestki puudust...

fredag 23. april 2010

EE på St Georgsdag


Det var bokdag i dag, men kjøpte eg noko bok? Nei, eg les vel framleis Karvilanda og Trude Teige er på vente (likevel greidde ikkje gå på Herøykonferansen til å sjå henne i verkelegheita). Men som ein gjennomsnittleg vesteuropear, trur eg, kjøpte eg frå bokhandelen - filmar! Den Liv Ullmann's samlinga og Buena Vista Social Club (som eg har sett i Berlin ca 10 år sida). Forresten, eg les også brever frå Ingmar Bergman til Käbi Laretei, den estiske pianist-kona hans.

So kjem dagens fangst i form av eit bilde.