tirsdag 23. april 2013

Rundedag

Biblioteket feirar verdas bokdag i dag med vaffler, kaffe og quizz for å sikre seg at boksamlinga vert godt sverta med feitt og kaffeflekkar av besøkjande på jakt etter svar i quizzen. Eitt av spørsmåla var namnet på det største humoristiske spelet i regionen, og det visste eg sjølvsagt måtte vere kommunestyret.

Når det er sagt, pensla diskusjonen med nokre modne fruer inn på gamle dagar, då folket på Runde tok båt til Fosnavåg to gongar i veka. Folket frå Runde hadde fast dag på legekontoret på Eggesbønes kvar torsdag. Der hadde dei på eit tidspunkt fått tilsett ny lege, og han skulle setjast inn i dei nye rutinane.

"Torsdag er Rundedag og graviditetskontroll."
"Ja," sa legen lettare oppgitt. "Eg veit no at dei vert litt runde når dei er gravide."
Så måtte legen setjast inn i lokalgeografien...

g

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar