tirsdag 23. april 2013

Klippe øyra

Ulv sine fyrste ord til frisøren var "Ej vil ikkje klippe øyrene mine!"
"Nei, det skal vi ikkje gjere. Her klipper vi berre hår."
"Når ej va fire, so va det ei som klipte øyra mi. Men det va ikkje mykje, berre sooooo lite."
Han viste så med fingrane sine kor lite av øyra som hadde vorte klipt bort - berre 2-3 cm.

Frisøren prøvde å berolige (!) Ulv med at øyra blør veldig mykje, så skada er sikkert ikkje så ille som det ser ut. Det berre ser så stygt ut med alt blodet.

Episoda han refererte til var då frisøren i fjor var uheldig og skrapa bort i øyra hans med spissen av saksa. Det skjedde ikkje denne gongen. I staden vart han litt forbausa då frisøren byrja å stusse håret bak i nakken. "Kaffår klippe du ryggen min?"

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar